Kven er eigentleg president i Venezuela?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå NUPI Skule og omsett til nynorsk av Framtida.no. 

No ser det likevel ut til at økonomisk krise, matmangel og press frå stormakter og naboland vil framprovosere ei løysing. Men kva løysing vil venezuelanarane ende med?

For å forstå kva som skjer i Venezuela må vi fortelle ei historie om korleis presidentane har sentrert meir og meir makt rundt seg sjølve og svekka dei demokratiske institusjonane. Historia byrjar med olje.

Les også: Guaidó vil erklære unntakstilstand i Venezuela

Ein oljestat i krise

Heilt frå 1920-åra har Venezuela produsert mykje råolje. Venezuela har i dag verdas største kjente oljereserver, og 97 prosent av eksportinntektene kjem frå olje.

Oljeinntektene gjorde Venezuela til eit av Latin-Amerika sine mest velståande land. I 1976 vart oljen nasjonalisert, og det statlege oljeselskapet Petróleos de Venezuela (PDVSA) vart etablert. Tanken var at meir pengar skulle kome venezuelarane til gode, men mykje forsvann i korrupsjon og fall på eliten.

Meir pengar skulle kome venezuelarane til gode, men mykje forsvann i korrupsjon og fall på eliten.

Då oljeprisane stupte på 1980-talet hamna Venezuela i ei djup krise. Regjeringa måtte gå til Det internasjonale pengefondet (IMF) og be om kriselån. Det fekk dei på vilkår av at staten sine utgifter vart kutta. Det gjekk hadt ut over dei fattige, og då dei demonstrerte for betre kår i 1989, svarte politiet med vald. Fleire hundre menneske vart drepne i tragedia, som har fått namnet Caracazo.

Det var i kjøvatnet av denne situasjonen at Hugo Chávez, oberstløytnant i hæren, freista å gjere eit statskupp i 1992. Det var mislukka, men i 1998 stilte han som presidentkandidat i valet, og vann. Chávez ynskja å fordele oljepengane betre, og byrja raskt med sosiale program blant anna for å gje folk betre tilgang på mat, helsetenester, skulegang og bustad. For å styre næringslivet innførte ein kontrollar på prisar på varer og kjøp av utanlandsk valuta.

Hugo Chávez døydde av kreft i 2013 og vart etterfølgt av Nicolás Maduro. Foto: Offentleg eigedom.

Saman med auka oljeprisar på 90-talet, bidrog dei sosiale programma til at fattigdomen gjekk ned. Myndigheitene finansierte delvis sosialpolitikken direkte frå oljeselskapet, men dei investerte lite i å finne ny olje. Samstundes vart det teke opp store lån. Manglande investeringar og omfattande korrupsjon førte til at oljeproduksjonen fall.

Då oljeprisen igjen byrja å søkke i 2014, vart myndigheitene desperate og byrja å trykke meir pengar for å dekke staten sine utgifter. Det førte til inflasjon, og IMF rekna inflasjonen til å vere på over ein million prosent i 2018. Dette vert kalla hyperinflasjon. Alt vart veldig dyrt og folk si løn vart plutseleg ikkje vert noko.

Alt vart veldig dyrt og folk si løn vart plutseleg ikkje vert noko.

Økonomien i Venezuela, målt i bruttonasjonalprodukt (BNP) krympa med 44 prosent mellom 2013 og 2018. Då både oljeproduksjonen og oljeprisen søkk hadde ikkje staten pengar til å importere. Importen av varer vart difor halvert mellom 2012 og 2015, noko som skapte stor mangel på mat og medisinar.

Etter 2015 har vi ikkje offisiell statistikk på kor omfattande fattigdomen i landet er, men ein uavhengig rapport fråd ei største universiteta i landet viste at 87 prosent av befolkninga levde i fattigdom i 2017. Barnedødelegheit  auka med 40 prosent mellom 2010 og 2017, og tilfella av malaria, tuberkulose og HIV auka raskt. Krisa fekk mange til å flykte frå landet, og FN anslår at omtrent tre millionar venezuelanarar har reist.

Les også om den politiske endringa som som pregar Latin-Amerika: På drygt 10 år har det politiske kartet skifta farge frå raudt til blå.

Frå Chávez til Maduro

Når det gjekk så dårleg, kvifor kunne ikkje folk velje ei ny regjering? For å forstå det, må vi gå litt tilbake i tid.

Venezuela har formelt hatt demokrati sidan 1958. Etter omfattande korrupsjon og klientelisme (bytte av politisk lojalitet mot pengar og tenester), vart tilliten til demokratiet og dei to store politiske partia (AC og COPEI) etter kvart sterkt svekka. Mange sette sin lit til Hugo Chávez, som vann valet i 1998. Han sette i gang ein prosess for å endre grunnlova.

Den nye grunnlova la vekt på at alle borgarane skulle sikrast sosiale rettar og få delta i politikk, blant anna gjennom lokale råd og folkerøystingar. Den gav folk rett til å organisere ei folkerøysting som kan trekke tilbake eit presidentmandat midt i perioden, eit såkalla gjenkallsreferendum. Men grunnlova gav også presidenten stor makt.

Grunnlova gav også presidenten stor makt.

Hugo Chávez kom fort på kant med den gamle økonomisek eliten, særleg då han forsøkte å få kontroll over det statlege oljeselskapet PDVSA. Opposisjonspolitikarar, næringslivseliten og nokre militære forsøkte i 2002 å avsetje Chávez i eit kupp. Det vart mislukka, og etter dette vart dei politiske frontane i landet endå steilare.

Chávez gav seg sjølv stadig meir makt, og han fjerna grensene for kor lenge éin person kunne behalde presidentmakta. Men Chávez var svært populær, særleg balnt dei fattige, og han vann presidentvala i 2000, 2006 og 2012 med god margin.

Chávez døydde av kreft i 2013. Hans utpeika etterfølgjar, Nicolás Maduro, vann presidentvalet som vart organisert i etterkant.

Nicolás Maduro meiner han er president i Venezuela. Det er blant anna opposisjonen og USA ueinige i. Foto: Eneas De Troya/Flickr/CC BY 2.0

I 2015 var det likevel opposisjonen som vann valet på nasjonalforsamlinga med to tredjedels fleirtal. Men før den nye forsamlinga tiltrådde, vart 13 høgsterettsdommarar bytta ut med regjeringslojale dommarar. Den nye høgsteretten hevda at opposisjonen sine representantar frå nasjonalforsamlinga var valde med fusk. Difor ville den ikkje godkjenne nokon av vedtaka som vart gjort. Det gjaldt blant anna forsøk på å blokkere Maduro si løysing på den økonomiske krisa: å ta opp nye lån.

Les også om kampen for seksualundervising og prevensjon i Latin-Amerika: – Dei siste seks månadane har me opplevd ei enorm mobilisering, seier Peña.

Juan Guaidó si erklæring

Misnøya med regjeringa vaks. I 2014 vart det organisert massedemonstrasjonar mot matmangel, korrupsjon, og den omfattande kriminaliteten i landet. 43 menneske vart drepne, og hundrevis arresterte. Regjeringa starta ein dialog med opposisjonen, men det vart inga avtale.

Etter nye demonstrasjonar i 2017 bestemte Maduro å setje ned ei grunnlovande forsamling, med representantar frå ulike distrikt, men også utvalde yrkesgrupper og andre grupper. I realiteten vart den grunnlovsgjevande forsamlinga heilt dominert av «chavistane», støttespelarane til avdøydde Chávez og dermed også Maduro.

Denne forsamlinga hadde i prinsippet makt over alle andre institusjonar i landet. Nasjonalforsamlinga var no fråteken all makt, både lovgjevande og økonomisk. Samstundes vart mange opposisjonsleiarar fengsla eller frådømde retten til å drive politikk.

Misnøya med regjeringa vaks.

Når makta no var endå tettare samla omkring president Maduro, vart både lokal- og delstatsval halde raskt i 2017. Presidentvalet, som skulle ha vore halde i desember 2018, vart skunda fram til mai. Det hadde mange uregelmessigheiter, og ingen internasjonal valobservasjon.

Maduro vant valet med 64 prosent av stemmene, men verken opposisjonen, nabolanda, EU eller USA anerkjente valet. Difor anerkjente dei heller ikkje Maduro sitt andre valmandat som byrja 10. januar 2019.

Ifølgje grunnlova skal presidenten i nasjonalforsamlinga overta som president i 30 dagar, før det skrivast ut nyval, dersom landet ikkje har ein president som vert rekna som gyldig. Det var grunnen til at Juan Guaidó, president i nasjonalforsamlinga, erklærte at han var den rettmessige presidenten i landet og fekk støtte av blant andre EU-landa, Brasil og USA.

Kina og Russland er derimot ueinige i dette og held på at det er Maduro som framleis er landet sin rettmessige president.

Les også om Sondre Matias Nave som var praktikant på den norske ambassaden i Buenos Aires: – Eg fekk sjå kor gjennomsyra landet er av korrupsjon, maktmisbruk og praksisar i gråsona

USA og andre utanlandske aktørar si rolle

Det er i dag tre stormakter som har spesielle interesser i Venezuela i dag.

USA har tradisjonelt hatt ei viktig rolle i landet, og har framleis store interesser. Venezuela var inntil ganske nyleg USA sin fjerde viktigaste oljeleverandør. I tillegg er det sikkerheitspolitisk viktig for amerikanarane å halde seg inne med Venezuela på grunn av den lange karibiske kysten til landet.

Det er i dag tre stormakter som har spesielle interesser i Venezuela i dag.

Venezuela er på si side avhengig av USA både for å få raffinert oljen sin, og fordi dei har stor gjeld til private finansinstitusjonar i USA.

Likevel har forholdet mellom USA og Venezuela vore dårleg heilt sidan Hugo Chávez kom til makta. I 2015 erklærte USA at Venezuela var ein «nasjonal sikkerheitstrussel» og ei rekke sanskjonar har ført til at Venezuela ikkje kunne reforhandle si store statsgjeld, noko som ville vore vanleg i krisesituasjonar.

USA sin president Donald Trump har teke tydeleg side i den politiske krisa i Venezuela. Amerikanarane har store interesser i landet. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0)

Det er Kina som har redda Venezuela frå total økonomisk kollaps. Kina har lånt Venezuela om lag 65 milliardar dollar. Nokre av låna er knytt til kontrakter for kinesiske selskap i Venezuela sin infrastruktur og oljeproduksjon. Fordi mykje vert nedbetalt i form av olje, har Kina interesse i at Venezuela får opp produksjonen. Russland er den tredje stormakta med interesser i Venezuela.

Russland søkte nye allierte etter at forholdet til vesten vart vanskeleg, særleg etter krisa i Georgia (2008) og Ukraina (2014). Etter at USA innførte våpenembargo mot Venezuela i 2006, vart venezuelanarane ein av Russland sine viktigaste våpenkundar. Dei seinare åra har Russland også investert i oljeindustrien og gjeve 17 milliardar i lån. Russerane ynskjer dermed at Maduro held fram, men også at økonomien kjem på fote igjen.

Les også om landet utan territorium, men tufta på eit felles mål: Seks fasar for å redde verda

Kva med dei militære?

Då Juan Guadió vart erklært som president 23. januar 2019, var det eit frieri til dei militære.

Dei militære har som nemnt hatt ei viktig rolle i venezuelansk politikk, også som forsvarar av demokratiet, og 23. januar vart valt fordi det er årsdagen for eit kupp mot diktatoren Marcos Pérez Jiménez i 1958. Dette markerte starten på ein lang demokratisk periode i Venezuela si historie.

Både Chávez og Maduro har brukt tallause metodar på å halde seg inne med dei militære.

Både Chávez og Maduro har brukt tallause metodar på å halde seg inne med dei militære, som no omfattar nesten 500 000 personar. Blant anna utnemnde Maduro rundt 1000 nye generalar og gav dei militær kontroll over tolv ministerpostar. I dag kontrollerer hæren blant anna utdelinga av boksar med mat (CLAP-boksane), som vart innført i 2016 for å motverke matmangelen. Dei kontrollerer også tollvesenet.

Begge delar gjev gode mogelegheiter for korrupsjon. Det er også vist at grupper blant dei militære er involvert i ulovleg verksemd, som narkotikahandel.

For å motverke matmangel deler hæren ut slike CLAP-boksar med til dømes ris, linser, bønner, tunfisk, matolje, pasta, mjøl, sukker og mjølk. Foto: Jamez42 [CC BY-SA 4.0]

Myndigheitene i Venezuela har også begått omfattande brot på menneskerettane dei siste åra, blant anna vilkårleg arrestasjonar, tortur og drap. Sjølv om det er spesialeiningar innan politiet som har stått for flest overgrep, har det ført til at også delar av dei militære styrkane har vorte svært upopulære.

Mange militære lir likevel like mykje under låge løningar, vald og matmangel som folk flest. Difor ynskjer mange eit skifte, og nokre har gjort opprør. Men så langt har militærleiinga vore lojale til Maduro.

Les også om Colombia: Presidentvalet er eit tilbakeslag

Kva vert løysinga?

Meiningsmålingar viser at dei aller fleste venezuelanarane (mellom 70 og 80 prosent) ynskjer ei endring, og meiner Maduro må gå. Berre nokre ganske få ynskjer at dette skal skje ved bruk av militærmakt, og endå færre ynskjer ein utanlandsk militær intervensjon. Spørsmålet er no korleis å få til ei fredeleg løysing.

Saman med sine allierte i utlandet prøver opposisjonen først å presse Maduro med økonomiske sanksjonar. Han vil få store problem med å halde staten gåande, inkludert betale sine militære.

Dei aller fleste venezuelanarane ynskjer ei endring.

For det andre forsøker ein å få inn naudhjelp mot Maduro si vilje, via Colombia, Brasil og karibiske øyar. Maduro hevar at det ikkje er noko humanitær krise i landet og at ein ikkje treng naudhjelp. Dessutan meiner han at naudhjelpa som no opposisjonen vil ha in i landet er ein dekt til invasjon. Dei militære må no bestemme seg for om dei skal sleppe inn sårt nødvendig hjelp eller om dei skal vere lojale overfor Maduro. Det kan skape valdelege situasjonar, særleg i grenseområda til Colombia, der mange ulike væpna grupper opererer.

I februar møttest mange i gatene for å demonstrere. Her i ein protest mot Maduro, innkalla av Guaidó. Foto: Alexcocopro [CC BY-SA 4.0]

I tillegg føregår det intenst diplomati. Både opposisjonen og USA har bekrefta at dei har direkte samtalar med hæren. Nabolanda og EU prøver å få til forhandlingar mellom partane. Dei set som krav at naudhjelp, nyval og etablering av ei overgangsregjering er på agendaen. Mexico har valt ein litt annan veg og ynskjer å mekle, men utan å setje krav om korleis agendaen skal sjå ut.

Opposisjonen er i ein langt sterkare posisjon for å forhandle med regjeringa no enn tidlegare. Den står både meir samla, og har mykje sterkare internasjonal støtte. Førebels er det ope kva vi kan få sjå i vekene og månadane som kjem: statskupp, militærkonflikt, men også regimekollaps og forhandlingar om ein overgang til eit nytt regime.

Les også saka frå NUPI Skule som gjev deg svar på alle spørsmål du har om plast i havet.