Guaidó vil erklære unntakstilstand i Venezuela

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan torsdag kveld har så godt som heile Venezuela vore utan straum i det verste og lengste straumbrotet i landet den siste tida.

– Vi må handtere denne katastrofen umiddelbart, sa Guaidó til reporterane søndag. Måndag vil han innkalle nasjonalforsamlinga til eit krisemøte der målet er å erklære unntakstilstand i landet og opne for internasjonal bistand.

Guaidó, som leiar av nasjonalforsamlinga, erklærte seg i januar som mellombels president fordi nasjonalforsamlinga ikkje ser på Nicolás Maduro som legitim president.

Les meir: Kven er eigentleg president i Venezuela?

Oppfordrar til demonstrasjon

Samtidig som Guaidó bad om unntakstilstand i landet, oppfordra han òg til nye demonstrasjonar måndag.

– Du har rett til å protestere i gatene, til å stille krav, fordi dette regimet lèt venezuelanarar døy, sa han og bad dei militære styrkane slutte å «dekke over for diktatoren».

Ifølgje organisasjonen Codevida har 15 dialysepasientar døydd som følgje av straumbrotet i Venezuela, noko helseministeren i landet avviser.

I tillegg hevdar Ecuadors utanriksminister at 80 personar har omkomme som følgje av straumbrotet, noko kommunikasjonsminister Jorge Rodriguez har nekta for.

Hevdar generatoren vart angripen

Ifølgje presidenten i landet Nicolás Maduro fekk 70 prosent av landet straumen tilbake igjen laurdag, men han hevdar at midt på dagen skal ein av straumgeneratorane ha vorte utsette for eit cyberangrep. Straumgeneratoren han siktar til «fungerte perfekt», og Maduro hevdar cyberangrepet «forstyrra og forverra alt vi hadde gjort».

Dei venezuelanske regjeringa har tidlegare skulda amerikanarane for å stå bak sabotasje mot eit vasskraftanlegg i Guri, som forsyner 80 prosent av landet med straum.

Ekspertar meiner derimot at Venezuelas straumproblem kjem av manglande investeringar i infrastruktur.

Opposisjonsleiar Juan Guaidó ønsker å erklære unntakstilstand i landet, og ber samtidig folk demonstrere i gatene måndag. Foto: Fernando Llano / AP / NTB scanpix