Opplever presidentvalet i Colombia som eit tilbakeslag

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Colombia: presidentvalet er eit tilbakeslag

Live Bjørge jobbar i SAiH, og har nyleg vore i Colombia for å følge opp samarbeidspartnarane deira der. Foto: Privat

– Det var ei optimisme i samanheng med fredsavtala. No er optimismen i ferd med å bli borte blant folk flest, inkludert ungdom, seier Live Bjørge til Framtida.no.

Bjørge er SAIH sin kontaktperson i Colombia og har nyleg vore i landet for å følge opp prosjekta organisasjonen støttar i landet.

Etter over femti år med borgarkrig, kom det i 2016 på plass ei fredsavtale mellom regjeringa og FARC-geriljaen. Same år vann daverande president Juan Manuel Santos Nobels fredspris.

– Mange opplever større utryggleik

Same år som fredsavtalen, fekk SAIH støtte av Operasjon Dagsverk til å jobbe for at ungdom i Colombia skal ha trygge forhold på skolen og i lokalsamfunnet, og for at ungdommane skal kjenne rettane sine og lære korleis dei kan påverke politikken.

Men det politiske landskapet har endra seg, og situasjonen i landet er no meir ustabil enn den var da dei starta opp prosjektet i 2017.

– Mange opplever presidentvalet i år som eit tilbakeslag med større utryggleik og større framvekst av paramilitære grupper, seier Bjørge.

ACIN er ein av dei sju organisasjonane SAIH fekk støtte til å jobbe med under OD 2016. Sjå ein kampanjevideo om prosjektet her: 

Les også: Likevel ikkje fred i Colombia?

Fredsavtale etter over 50 år med borgarkrig

Colombia er eit land med om lag 47 millionar innbyggjarar. Det har vore borgarkrig i landet i over 50 år. Ujamn fordeling av ressursane i landet har ført til ufred mellom staten, geriljagrupper og paramilitære grupper.

Da presidentkandidat Ivan Duque kom til makta ved valet i sommar, hadde han gått til val på at han var motstandar av fredsavtala mellom staten og FARC-geriljaen. Han meinte at avtala var for mykje i geriljaen sin favør. Mange colombianarar var skuffa over valresultatet.

At den nye presidenten ikkje er nøgd med fredsavtala, har òg skapt frykt for at 7000 demobiliserte geriljamedlemmar skal slutte seg til mindre væpna grupper.

Bebuarane på landsbygda er mest råka av krigen

Motkandidaten under valet, Gustavo Petro, ønska å støtte opp om fredsavtala frå 2016. Han ønska òg større politiske endringar meir mot venstresida. Han stod for større offentleg finansiering av universiteta og heile utdanningssystemet.

I regionen der krigen har vore veldig synleg, stemte dei fleste på Petro som var andrekandidaten.

– Statistikken frå sist val viser at dei som stemte på Duque som vann, i hovudsak bur i regionar som ikkje var direkte råka av krigen, seier Bjørge.

Det er store skilnader mellom landsbygda og byen, og mellom fattig og rik i Colombia. Dei som bur på landsbygda i ein del regionar er dei som verkeleg har fått nærkontakt med borgarkrigen.

– Dei som støttar fredsavtala, er dei som verkeleg har følt på kroppen korleis det er å leve i eit samfunn med konflikt, seier Bjørge.

Les også: Difor er folkerøystingar udemokratiske

Færre krigshandlingar, men fleire drap på sivile leiarar

Store delar av Colombia manglar helsetilbod og væpna grupper mobiliserer for å fylla maktvakuumet etter FARC.

– Det er nok ei oppblomstring av negative grupper. Der FARC-geriljaen har trekt seg ut, er det kamp om landområda. Både til dyrking av koka og marihuana, men òg for tilgang til område så dei kan frakte varene ut til kysten og få det eksportert.

Det er færre drap no totalt grunna at FARC har lagt ned våpna. Sjølv om det fortsatt finst geriljagrupper.

– Det er færre drap og krigshandlingar. Men den skumle utviklinga er at det er fleire drap på sivilsamfunnsleiarar. Det kan vere urfolksleiarar, afrocolombianarar og bondeleiarar. Det er òg trugslar mot studentleiarar innimellom.

Store studentprotestar

Produksjon av koka og marihuana er stor industri i Colombia. Gjennom OD i 2016 fekk SAIH støtte til å jobbe for at ungdommar i Colombia skulle bli betre kjent med sine rettar, og for at dei skulle ha kunnskap til å stå imot rekruttering til kriminalitet eller småbandar.

Eitt av prosjekta dei har støtta, heiter Det internasjonale folkeuniversitetet. Der er Luiza Fernanda Arciniegas Restrepo student.

– Det er vanskelig å snakke om konflikten. Det er alltid to partar som kjempar for to motsette ting. Regjeringa vil kolonisere oss, og væpna grupper kjemper mot regjeringa sin politikk. Vi må lytte til begge partar, og det må vere dialog mellom dei, sa ho, da Bjørge møtte henne for to veker sidan.

Luiza Fernanda Arciniegas Restrepo er student ved Det interkulturelle folkeuniversitetet, eitt av kursa som har vore støtta av OD. Foto: Live Bjørge

Dei siste vekene har det vore store studentdemonstrasjonar blant universitetsstudentane i Colombia. I over ein månad har dei streika og demonstrert for finansiering av høgare utdanning på offentlege universitet. Offentleg utdanning i Colombia har i mange tiår vore underfinansiert.

– Det er ingen stor optimisme no. President Ivan Duque vil endre politikken og auke momsen som gjer at mange vil oppleve auka prisar. Det er mykje misnøye, seier Bjørge.

Les også: Ny rapport: Grove angrep på akademisk fridom

Kvardagen held fram

Men trass forholda, opplever Bjørge at folk lever meir eller mindre vanlege liv. Barna og ungdommane går på skole både i byane og på landsbygda, og ho trur ikkje dei til dagleg går og tenker på at dei lever i ei konfliktsone.

– Ein kan tenke at folk blir apatiske, men det er mange organisasjonar som står på og som ønskar eit betre samfunn. Eg trur folk fortsett å stå på og jobbar for å betre forholda. Eg opplever at folk lever gode liv, er glade, at ungdommane lever som ungdommar flest. Dei går på skole, har venner, og er forelska.

Sånn sett meiner ho noko er likt mellom Noreg og ulike stader i Colombia.

– Livet går vidare sjølv om det politiske blir vanskelegare. Kvardagen er jo der, og for dei fleste er det ein vanleg kvardag, seier Bjørge.

Les også: – Vi er samtida, ikkje framtida!