Kvifor er det alltid så fint vêr når det er eksamen?

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 21.05.2018 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Hermed hyller jeg uten forbehold VÅREN som det eneste effektive middel mot sne!» skreiv André Bjerke.

Framtida.no tok ein prat med vêr- og klimaforskar Leonidas Tsopouridis frå Bjerknessenteret, ein god grekar som har sterke meiningar om varslingstenesta Yr og om klimaet her i steinrøysa.

– Kvifor er det så vått i Bergen?

– Det er summen av vind, fjellterreng og Bergens laglege plassering i enden av lågtrykksbeltet i Atlanterhavet, som gir gode tilhøve for nedbør. Lågtrykka oppstår langt ute i havet og driv mot aust, og nokre av dei hamnar i Vest-Europa, men dei fleste har berre eitt mål: Vestlandet. Idet dei treffer fjella, tømest dei for vassdamp. Austlandet ligg difor i regnskuggen, under ein paraply av fjell i vest, og har eit mykje meir kontinentalt klima.

Dei japanske kirsebærtrea blømer i Bergen. Foto: Simen Holen

– Livet er urettferdig

– Heldigvis er me no inne i den tørraste månaden, men dette er òg eksamenstid for mange. Kvifor kjem det fine vêret alltid når det passar dårlegast?

– Livet er urettferdig. Men svært forenkla kan me seia følgjande: Du har ikkje lenger dei sterke lågtrykka som kjenneteiknar hausten og vinteren, og du slepp samtidig sommarskurene, som krev meir sol. I april og mai ligg det gjerne høgtrykk over Noreg, og høgtrykk heng saman med godvêr.

Framleis global oppvarming?

Den 1. mars i år blei det målt tolv kuldegrader på Florida målestasjon i Bergen. Me må tilbake til 1800-tallet for å finna noko liknande i mars, og heller ikkje den gongen var det vanleg. Vêr er ikkje det same som klima, greitt, men var det meininga at kuldebølgjene skulle bli verre? Det er iallfall ikkje eit fnugg av sjølvkritikk å spora hos klimaforskarane, som framleis insisterer på at verda og Bergen blir varmare.

– Leonidas, har ikkje de klimaforskarar eit forklaringsproblem? Kva skjedde med god, gammaldags global oppvarming?

– Du nyttar uttrykket global oppvarming, men syner til eit lokalt døme. Det var åtte-ti gradar kaldare enn vanleg i Noreg og deler av Europa i ei veke, men vêret andre stader som i Nord-Afrika, Midtausten og Arktis var uvanleg varmt. Ein liten region kan ha eit merkelig vêr i mange dagar, men det representerer ingen global trend. Dessutan ventar me oss meir omfattande ekstremvêr med global oppvarming. Dette gjeld ikkje berre plaskregn og heitebølgjer, men også kuldebølgjer.

– Du må aldri sjå på ikona!

– Ingen grunn til å bli klimaskeptikar, altså. Men kva med vêrskeptikar? Kan me stola på Yr?

– Me bør vera skeptiske til alle vêrvarslingstenester, inkludert Yr. Rådet mitt til brukarar er å lesa tekstvarselet, som er skrive av fagfolk. Det stoppar etter tre dagar, men vêret er ganske uføreseieleg etter tre dagar, iallfall på detaljnivå. Langtidsvarselet går ei dryg veke fram i tid og kan gi ein peikepinn på kva som kjem seinare, men sjølv der uvissa kan seiast å vera låg, skal du vera kritisk. Den største fella er likevel dei små datagenererte ikona som syner «regn», «skya», «sol» og så bortetter. Desse er lette å forstå, men kan vera villeiande og ofte heilt galne. Du må aldri sjå på ikona.

LES OGSÅ: Vêret gjer oss musikalske

Lunefull vår

Kvar sesong byr på sine utfordringar for vêrvarslarane, men våren er ifølgje Leonidas særleg lunefull.

– Lufta over kontinentet er mykje varmare om våren enn om vinteren, men over Skandinavia herskar kaldlufta gjerne fram til mai. Desse luftmassane kan «kollidera» og gi store vêrskilnadar over små strekningar. For nokre veker sidan på Kreta var det ein slags sandstorm frå Sahara som ga 30 plussgrader, mens det snødde i låglandet lenger nord i Hellas. Noko av det same må norske meteorologar slita med, unntatt sandstormane kanskje.

– Har me ei syndflod i vente etter dei siste tørre månadene?

– Det er det ingen grunn til å tru, men skal me først tenkja oss at vêret er rettferdig over tid, vel eg å tolka den fine vinteren me har hatt, som plaster på såret for den groteske ikkje-sommaren me opplevde i fjor sommar på Vestlandet.

– Gler du deg til den komande sommaren i dette regnets Mekka?

– Det kjem an på. Når det er sol i Bergen, minner byen om eit paradis med fjell og fjord i alle retningar. Men om denne sommaren blir som den førre og me får endå ein «norsk monsun», då kjem eg til å fordampa.

LES OGSÅ: Vêret er feil – noko må gjerast!