Politiet etterforskar skuldingar om overgrep i dansk ungdomsparti

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare LAU-forman Rasmus Brygger kritiserer leiinga for å ha visst om overgrepssaker i partiet utan å ta affære. Han meldte sakene til politiet førre veke. Foto: Ptriis, Wikipedia

– Det er for det første eit massivt moralsk svikt. At ein let unge jenter stå fulkomment åleine etter så alvorlege hendingar, er eit kjempesvikt av det ansvaret ein har som leiing overfor medlemmer – særleg når me snakkar om mindreårige.

Det sa tidlegare leiar i Liberal Alliances Ungdom (LAU), Rasmus Brygger, då han løfta dei alvorlege skuldingane mot leiinga i sin tale til landsmøtet.

Heile talen er òg publisert på hans opne Facebook-profil.

Førre veke melde den danske avisa Dagbladet Information om skuldingane som rystar Liberal Alliances Ungdom (LAU).

Sju kvinnelege medlemmer av ungdomspartiet fortel anonymt om valdtekt, seksuelle krenkingar og tilnærmingar frå mannlege medlemmer av same ungdomsparti. Sakene går tilbake til 2015 og heilt fram til starten av 2019.

Les også: FpU-toppar med kraftig metoo-kritikk mot Frp

Tidlegare leiar varsla

Information fekk tilgang til varsla, som vart lagt fram på helgas landsmøte, av tidlegare LAU-formann Rasmus Brygger. Til avisa fortel han at det dreier seg om fem ulike menn og at fleire av desse skal ha leiande stillingar i ungdomspartiet.

– Utifrå det eg har kjennskap til er det snakk om valdtekter av mindreårige og ulike seksuelle krenkingar, der det har vore uønskt fysisk berøring, press og grenseoverskridande kommentarar frå vaksne menn til ofte mindreårige jenter, seier Brygger til Information.

Han forlot moderpartiet Liberal Alliance i 2016 etter usemje om den politiske linja, men er framleis medlem i ungdomspartiet.

Les også: Unge Høgre og FpU har mista over 3000 medlemmer – FpU-formann trur ikkje det handlar om #metoo

Politisak

Brygger tok sjølv saka til politiet og oppmoda kvinnene om å gjera det same. Torsdag starta politiet i København etterforsking. Både Brygger og to av kvinnene vart avhøyrt.

Mennene som er anklaga var frå 16 år og opp i 20-åra, medan kvinnene var i alderen 14-21 år. Dei fortel om seks episodar med seksuelle overgrep og to episodar med seksuell sjikane som fann stad i samband med arrangement og møter i ungdomspartiet.

I dei fleste av tilfella var det alkohol involvert.

Fire av episodane skal dreia seg om same mann, ein person i 20-åra som har ein leiande posisjon i organisasjonen.

Information siterer i dag eit møtereferat frå 23. juni 2018 der første punkt på agendaen skal ha vore «Sexisme i LAU». Her diskuterte ni medlemmer av leiinga minst eitt overgrep og fleire krenkingar mot mindreårige begått av same mann. Mannen fekk halda fram i organisasjonen i eit tillitsverv fram til nyleg.

Les også: Svensk ungdomsparti mistar statlege midlar etter avsløringar om udemokratiske prosessar, samt homofobe og antisemittiske utsegn frå tillitsvalde

Trykka landsmøte

Under talen til Brygger vart det delt ut eit skriv med skildringar frå jentene som nokon av dei kring 200 landsmøtedeltakarane la ut på sosiale medium.

I skildringa som er publisert i Berlingske Tidende heiter det at:

«Hun var 20. Han var 19. Han ville have sex med mig. Jeg sagde, at jeg ikkje ønskede det, og at det samtidig var forkert, fordi han sad i ledelsen. Han svarede: “jeg sidder i ledelsen. Jeg må godt.”Det siger han 2-3 gange indtil jeg bukker under og giver mig.»

Til Information skildrar ei av kvinnene ein sexkultur innad i partiet, der mannlege medlemmer konkurrerer om å ha sex med flest mogleg.

– Eg synest, at det er maktmisbruk, seier kvinna til Dagbladet Information.

Les også: Norsk Målungdom tek grep for å hindra seksuell trakassering

Den nyvalde leiaren i Liberal Alliances Ungdom, Signe Bøgevald, lovar å ta tak i sakene. Foto: LAU

Ny leiar lovar å ta grep

Brygger rettar særleg krass kritikk til leiinga i LAU, som han oppmoda til å kontakta politiet for å fortelja kva dei veit og trekkje seg frå sine postar.

På landsmøtet i helga vart Signe Bøgevald valt til ny leiar i ungdomspartiet. Ho kommenterte saka slik på si Facebook-side i samband med leiarvervet:

– I dag har me valt ei ny leiing – ei leiing som kjem til å handle. Òg i den veldig alvorlege saka me har om anklager om seksuelle krenkingar. Saman med den nye leiinga vil eg rydde opp og sikra ein trygg kultur for alle. Me vil òg gjere det i samarbeid med politiet og andre relevante myndigheiter, lovar ho.

Avtroppande leiar Carl Andersen, har tidlegare sagt at han og leiinga berre kjente til éi av sakene. Til Information uttala han at han er rysta og overraska over at slike hendingar har funne stad i organisasjonen han har vore medlem i ti år.

– Me har hatt samtalar med tilltsvalde om ei kulturendring, for det er ein prioritet at alle er sikre, sa Andersen førre veke.