Unge Høgre og FpU har mista flest medlemmar på fire år

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulle gjerne ha ei forklaring på kvifor medlemstalet går ned. Me i FpU er opptatt av å jobba for ei friare verd. Dette betyr berre at me må jobba endå meir for det, seier FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud.

Partiet landa på nøyaktig 2000 betalande medlemmar ved årsskiftet – 1594 færre medlemmar enn dei oppgav i 2013. Unge Høgre har mista 1494 medlemmar sidan 2013.

AUF har mista 626 medlemmar sidan 2013, deira neste beste år i historia.

LES OGSÅ: Unge Høgre, Sosialistisk ungdom og Raud Ungdom veks mest

– Ingen #metoo-effekt

Både Unge Høgre og FpU har hatt fleire saker og varsel knyta til #metoo-kampanjen. Men Bjørn-Kristian Svendsrud i FpU kan ikkje sjå at avsløringane har hatt nokon effekt på medlemstalet dei siste vekene.

– Eg har sjekka medlemstalet frå julaftan og fram til i dag, og då har me hatt 17 utmeldingar og 29 innmeldingar. Av dei som melde seg ut, så er det ingen som har sett i samanheng med #metoo, seier han til Framtida.no.

– Me er opptatt av at det skal vera trygt og godt å vera med i FpU. Det er trygt å varsla oss, og eg oppmodar alle som vil varsla om å ta kontakt med meg eller andre i sentralstyret.

FpU har òg fått på plass ei anonym varslingsteneste på nettsida si.

Unge Høgre har snudd nedgangen

Sandra Bruflot er fungerande leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høgre

Medlemstala til Unge Høgre har hatt ei jamn nedgang dei siste åra, etter rekordmange medlemmar etter 22. juli 2011. Men for fyste gong sidan 2014 så ser dei ein auke i tala igjen. Dei landa på 4001 medlemmar i 2017.

– Det er svært gledelig. Spesielt fordi det kan vera lettare å verve medlemmar når ein sjølv ikkje sit i posisjon i regjering. Ungdom er gjerne litt meir i opposisjon til det etablerte. I tillegg har me hatt nokre vanskelege sakar siste året, med fraværsgrensa som eit godt døme på ein sak der ungdommar kan vera usamde med oss og Høgre, seier Sandra Bruflot, fungerande leiar i Unge Høgre.

Ho tok over etter Kristian Tonning Riise som gjekk av etter at det har kome fleire varsel mot han.

LES OGSÅ: Unge Høgre-leiar trekkjer seg etter #metoo-reaksjonar

– Fint og lærerikt

Tina Bru (H).

Leiaren i kvinnenettverket i Høgre, Tina Bru, sa sist onsdag til TV2 at ho er alvorleg bekymra over at særleg ungdom blir skremt frå å engasjera seg i politikk, som følgje av dei mange varslingssakene.

– I 2018 har me fått 40 nye medlemmar, og mista 23. Ingen av dei som har meldt seg ut seier at #metoo eller sakene som omhandlar Kristian er årsaka, men me kan sjølvsagt ikkje vera sikre på årsaka til at eit medlem melder seg ut, seier fungerande Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot til Framtida.no.

– Når det gjeld korleis sakene vil påverka medlemstal er det for tidleg å seia noko sikkert. Me håpar medlemmar og ungdom ser at me tar sakene svært alvorleg, at me no ryddar opp, og at det er fint og lærerikt å vera med i eit ungdomsparti som Unge Høgre.

Ifølgje ei rundspørjing frå NTB blant ungdomspartia, så er det berre KrFU som har hatt utmeldingar i samband med #metoo – totalt fem stykk.

LES OGSÅ: Opnar for å stenga ute medlemmer som trakasserer