Svensk ungdomsparti mistar statlege midlar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 20.12.2018 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det handlar delvis om brester i korleis ein har utført den demokratiske prosessen i distriktet, og korleis ein har handtert distriktskongressen og styringsarbeidet, seier Lotta Persson, avdelingssjef i MUCF til Sveriges Radio.

Myndigheten för ungdoms- och cilvilsamhällesfrågor (MUCF) meiner vidare at tillitsvalde i SSU Skåne har uttalt seg og handla på måtar som ikkje er foreinelege med demokratiske idear.

MUCF meiner SSU har innført tilstrekkelege tiltak etter at dei vart kjent med situasjonen i Skåne, men at saka er så alvorleg at ungdomspartiet ikkje får rekna med lokallaga i SSU Skåne når dei fordeler neste års midlar.

Det betyr at SSU mistar 60 000 svenske kroner av støtta for 2019. Ungdomspartiet får med det i overkant av 1,7 millionar i statsstøtte neste år.

Medieavsløringar

Denne hausten har det storma rundt Sveriges socialdemokratiska ungdomsförbund (SSU) i Skåne etter avsløringar i svenske Expressen.

Saka handlar om at sentrale tillitsvalde i SSU Skåne, som er det tredje største SSU-partiet i Sverige skal ha spreidd fundamentalistiske idear.

Ein lokallagsleiar i SSU Hässleholm gjekk av i oktober etter å ha vorte konfrontert med mellom anna antisemittiske utsegn i sosiale medium.

Tidlegare leiar i SSU Skåne, Rizwan Elahi, har fått kritikk for å vera aktiv i ein kontroversiell moské der ein imam har kome med homofobe utsegn og for sjølv å ha kalla ateisme ein «umoralsk idé».

Ifølgje Expressen reagerte kjelder òg på at store delar av delegasjonen frå SSU Skåne ikkje deltok i Pride-paraden i Stockholm som vart arrangert samstundes med SSU sin sommarleir.

Les også: I 2018 er partnarskapslova er 25 år

Kjenner seg ikkje att i heile mediedekninga

I november beslutta dåverande leiar i SSU Skåne, Mansour Ahmed, å gå av som følgje av kritikken. I eit debattinnlegg i Aftonbladet erkjenner at det over lang tid har vore konfliktar i partiet, men skriv at han ikkje kjenner seg att i delar av mediedekninga.

– Det som stemmer i rapporteringa er att eit fåtal medlemmar har kome med uttalingar i sosiale medium som har vore heilt uakseptable. Dei medlemmane har òg blitt oppmoda til å forlata sine tillitsverv, skriv Ahmed i innlegget.

Kort tid etter vart det klart at òg nestleiar Khloe Abdel Wahab gjekk av. Ho fekk kritikk for å ha vore praktikant for Egypts utanriksdepartement sidan landet i praksis vert styrt av eit militærregime.

SSU: –  Vil arbeida for å gjenoppretta tilliten

I samband med støttekuttet frå MUCF la SSU sentralt ut ei pressemelding på sine nettsider.

Forbundssekretær Andrea Törnestam ynskjer granskinga velkommen, sjølv om ho synest det er leitt at partiet mistar økonomisk støtte.

– Me kjem til å arbeida både lokalt og nasjonalt for å gjenoppretta tilliten. Det skal ikkje vera noko tvil om att me er ein organisasjon som lever opp till våra verdiar i både ord og handling, seier  Törnestam i pressemeldinga.