FpU-toppar med kraftig metoo-kritikk mot Frp

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har sett at Frp i sak etter sak ikkje evnar å handtere seksuell trakassering.

Det seier Martin Virkesdal Jonsterhaug, formann i Hordaland FpU, til Framtida.no. Han er ein av dei som står bak eit opprop, først omtalt i Bergens Tidende.

Oppropet er til no signert av 20 medlemmar i ulike verv, mellom anna formenn i fylkeslag og lokallag i ungdomsorganisasjonen.

«Det er urovekkande at organisasjonsutvalet tilsynelatande ikkje evnar å beskytte unge menneske som ønsker å engasjere seg i ungdomspartiet. Når konklusjonen som ligg føre er at dei etiske retningslinjene er brotne, meiner vi at dette bør få reelle konsekvensar», er noko av det som står i oppropet som Framtida.no har fått lese.

Vil sjå konsekvensar

Laurdag melde NRK at Frp sitt organisasjonsutval, i samband med ei av dei ni metoo-sakene partiet handsamar, konkluderte med at ein mann hadde brote med partiet sine etiske retningslinjer. Han fekk likevel halde fram i verva sine, og det er dette FpU-arane no reagerer på.

– Vi har ikkje sett reelle konsekvensar i metoo-sakene, og ofra kjenner seg ikkje tekne vare på, seier Jonsterhaug.

Mannen skal ifølge NRK ha sendt meldingar til ein 14-åring med spørsmål om sex. Han skal også ha fått fleire jenter til å trekke seg frå politikken etter seksuell trakassering. Ifølge NRK er det minst fire varsel mot mannen, som Frp sitt organisasjonsutval ikkje finn årsak til å straffe.

Ber FpU ordne opp sjølv

Helge André Njåstad, leiar i organisasjonsutvalet, skriv i ei tekstmelding til Framtida.no at han ikkje har fleire kommentarar til saka.

Leiar i Frp sitt organisasjonsutval meiner FpU må trekke eigne konklusjonar. Sjølv finn dei ikkje grunn til å straffe mannen som har sendt sex-meldingar til ein 14-åring. Foto: Frp

Til NRK har han mellom anna sagt dette:

– Forholda ligg tilbake i tid, og det har vore ei åtferdsendring. Tillitsverv er ikkje noko ein har til evig tid, ein må attveljast. Då er det dei organa som vel deg, som må avgjere om ein får nye periodar.

Njåstad meiner derfor det er opp til FpU å avgjere om mannen er skikka for å halde fram i verva sine.

Ifølge Jonsterhaug er dette og liknande utspel noko av det som gjorde at dei tok oppropet til media:

– Det er rart at dei konkluderer i ei sak, og så seier det er opp til FpU å tolke. Vi har ikkje behandla saka, og må i så fall ta ei avgjerd basert på null informasjon.

Ber om metoo-diskusjon

I staden etterlyser Jonsterhaug og dei andre som har signert oppropet ein tydelegare partileiar:

– Eg vil ha ein tydelegare partileiar, som gir beskjed om at seksuell trakassering er alvorleg, og at det er noko ein ikkje aksepterer i partiet, seier han.

Jonsterhaug håpar også, når bråket kring oppropet har lagt seg, at partileiinga vil gå i dialog med FpU om korleis slike saker kan handterast i framtida.

– Vi er interessert i ein god dialog om metoo i partiet, seier han.

Les fleire metoo-saker frå Framtida.no her.