Nybø snur: ANSA får pengestøtte til å hjelpe utanlandsstudentar som slit
Etter å ha fått avslag på søknaden i 2018 får organisasjonen no pengar til å utvide sitt nettbaserte psykologtilbod.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det store fleirtal av dei som studerer i utlandet er veldig fornøgde, men det viktig at dei som har det vanskeleg kan få hjelp, seier Iselin Nybø. Foto: Marte Garmann
– Studentenes helse- og trivselsundersøkelse viste at ein del norske studentar i utlandet har psykiske vanskar. No gjev vi ANSA mogelegheita til å hjelpe fleire studentar, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.
Etter å først ha fått avslag på søknaden i 2018, får ANSA no 760 000 kroner for å vidareutvikle si satsing på nettbasert psykologhjelp.
Ikkje-eksisterande helsetilbod
Nybø seier i pressemeldinga at studentar i utlandet til no har falle utanfor hjelpeapparatet som er på plass i Noreg, der studentsamskipnadane gjer ein viktig innsats for å hjelpe studentar med å få tilgong til psykisk helsehjelp.
I desember skreiv NRK mellom andre om «Sofie», ein av kring 3200 nordmenn som studerer medisin i Aust-Europa. Legestudenten fortalte om korleis presset tæra på psyken og angsten utvikla seg, og at ho ikkje var åleine om å ha det tungt.
– Mange slit med angst, eteforstyrring eller depresjon. Det er umogeleg å kome ut av dette utan å kjenne det på kroppen, sa «Sofie» til NRK den gong.
ANSA kritiserte då helsetilbodet for studentar i utlandet, og president Hanna Flood sa det nesten var ikkje-eksisterande.
Les også saka om positiv psykologi: – Eg saknar meir openheit i kvardagen
Nettbasert psykologhjelp

President i ANSA, Hanna Flood, gler seg over å kunne tilby meir støtte til studentar som har det vanskeleg. Pressebilete: ANSA
ANSA har allereie eit nettbasert psykologtilbod for studentar i utlandet som ikkje har tilgong til norsk psykolog, samt nettbaserte seminar knytt til meistring av angst, depresjon og stress.
No får organisasjonen finansiering til å utvide dette ytterlegare.
– Vi er utruleg glade regjeringa har lytta til våre innspel. Midla vi no får vil bety mykje for mange norske studentar i utlandet som no vil få eit betre psykisk helsetilbod, seier Hanna Flood, president i ANSA i ei pressemeldinga.