Høgre føreslår fråværsgrense i ungdomsskulen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No snakkar dei berre om fråvær og nemner ikkje fråfall lenger. Høgre må gå i seg sjølv og lese den rapporten ein gong til. Dei ser bort frå nokre av dei viktigaste funna, nemleg at sjansen for å falle frå har gått opp, seier leiar i Elevorganisasjonen Agathe Waage til Framtida.no.

I Politisk Kvarter på NRK P2 i dag kunne ein høyre om Oslo Høgre som føreslår fråværsgrense i ungdomsskulen for å få bukt med fråværet.

Forslaget skal opp på Høgre sitt landsmøte 15.-17. mars.

Stortingspolitikar Henrik Asheim (H) er uroa for at 22.000 elevar i grunnskulen har meir éin månads fråvær. Han meiner difor ein bør diskutera ei ordning tilsvarande fråværsgrensa i vidaregåande skule for å få bukt med fråværet i ungdomsskulen.

– Fråværet er veldig høgt og me veit at kva du har lært på ungdomsskulen har mykje å seie for korleis det går med deg på vidaregåande, sa Asheim i Politisk Kvarter.

Forslag frå Oslo Unge Høgre

Det var Oslo Unge Høgre som i fjor fremma forslaget om ei fråværsgrense i ungdomsskulen for fylkeslaget i Oslo.

Ifølgje NRK var det berre ei handfull av dei kring 200 medlemmene på årsmøtet i Oslo Høgre som den gong stemte imot forslaget.

Éi av dei var stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde:

– Ungdomsskulen er obligatorisk i dag. Det betyr at dersom elevar er mykje borte frå undervisninga, er det ei sak for barnevernet. Då er ikkje fråværsgrense riktig tiltak, sa ho i januar i fjor.

Òg Utdanningsforbundets leiar i Akershus, Lene Hammergren Stensli, tvilte på forslaget og understreka at ungdomsskuleelevar har oppmøteplikt.

Stortingspolitikar, Mona Lill Fagerås, sit i utdannings- og forskingskomiteen for SV og er kritisk til forslaget om fråværsgrense i ungdomsskulen. Foto: Stortinget

Den same kritikken kjem frå SV-politikar Mona Fagerås i dag.

– Fråværsgrensa er allereie på 0 prosent. Det er ein rett og ei plikt til 10-årig grunnskule. Ved å innføre ei fråværsgrense på 10 prosent gir dei elevene moglegheit til å vere borte 10 prosent, seier Fagerås til NRK.

Leiaren i Elevorganisasjonen deler dei same innvendingane mot å innføra fråværsgrense i ungdomsskulen.

EO: – Sjansen for å falla ut er større

Henrik Asheim viser til at fråværet i vidaregåande skule er gått ned etter at fråværsgrensa vart innført. Ein fersk rapport frå Fafo viser at fråværet er redusert med 20 prosent sidan den omdiskuterte regelen vart innført i 2016.

Grensa inneber at elevar ikkje får karakter i eit fag dersom dei har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i faget.

Agathe Waage er ueinig med Høgre i at fråværsgrensa i den vidaregåande skulen har fungert slik den skal.

– Fråværsgrensa har ikkje fungert med mindre målet er å pressa elevar ut av skulen. Det me ser er at sjansen for å falla ut er større. Dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meinte at om ein fekk ned fråværet så gjekk fråfallet ned, men det er ikkje nødvendigvis ein samanheng, meiner Waage.

Ho meiner det hadde vore «sjukt kult» om ein kunne fikse fråvær- og fråfallsproblematikken med eit enkelt og relativt billig tiltak som fråværsgrensa, men meiner det må sterkare lut til.

– Mange elevar opplever at skulen ikkje er relevant, difor må me fornya læreplanane slik som me no gjer. I tillegg veit me at me i generasjon prestasjon sliter mykje med at me opplever mykje press og stress. Ein må ha betre forhold til læraren, mindre puggeprøvar og eit godt team rundt eleven, avsluttar Waage.