Etter eitt år med fall og slag er studentane rusta for kvardagen som stuntskodespelarar

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her får studentane studiepoeng i stunting og parkour

På Stunt Akademiet har Lars (20) lært å kaste seg ned trappene, utan å få vondt. – Då eg søkte trudde eg aldri eg kom til å dunke ned 15 trappetinn!

I ein stor hall på Tvedestrand i Aust-Agder står ti studentar framfor TV2 sitt kamera. Stuntstudentane er populære blant journalistar, og denne føremiddagen er det «Helsekontrollen» som er på besøk. Produsentane skal teste eit nytt produkt, og treng nokon som likar å falle, og som toler ein støyt om det ikkje fungerer som det skal.

Lars Ødegård (20) ser spørjande bort på læraren, og lurar på om han får lov å falle ned trappa, igjen.

Harde fall? Bilstunts, parkour og skodespel? Lars hadde ingen stunterfaring då han såg søknadsutlysinga frå Stuntakademiet, men søkte likevel. Han gjekk siste året på dramalinja på vidaregåande, og var ikkje klar for å gje slepp på scena.

Eitt år etter Lars sende inn opptaksprøven klarar han å lande ein backflip, nøler ikkje med å kaste seg utfor taket og sloss han meir enn gjerne.

– Det beste er likevel at eg fekk halde fram med det eg er så glad i: Skodespel! seier han.

Studiepoeng i stunting

International Stunt Academy i Tvedestrand er godkjent av NOKUT og støtta av Lånekassen, og er eit samarbeid med Motio, Tvedestrand sitt akademi for dans. Etter eitt år med action kan studentane kalle seg stunt-skodespelarar og søke jobb med seksti studiepoeng i ryggsekken.

Fredrik Juvkam Kingell tek imot eit spark frå Silje Landrø Botten.

Emna dei skal gjennom er stunt, skodespel, parkour, entreprenørskap og film- og scenekamp. For å vere best mogleg budd på film- og skodespelsbransjen må dei ikkje berre kunne falle og setjast fyr på, men filmredigering, entreprenørskap, risikoanalysar og lovar og reglar må også lærast.

Silje Landrø Botten (24) er den einaste jenta i klassen. Ho er eit par hovud lågare enn Fredrik, men sloss vil ho.

Som fersk stuntar byrjar ein på skum-mattene, før dei med litt meir erfaring kan flytte seg vidare til grasmatta. Siste stopp er betonggolvet.

– Det er eit veldig fysisk studie, og mykje «learning by doing», seier student Fredrik Juvkam Kingell (23).

Les også: No kan du utdanne deg til å bli skiguide

Så: korleis dett ein utan å få vondt? Fredrik Kingell (t.v.) samanliknar eit trygt fall med det å vere full i baren. – La deg falle, ver laus i kroppen, ikkje stritt imot og ikkje ha strake armar. I lufta: lærar Kabashi. Foto: Ida Johanne Aadland

Kritisk fagmiljø

Initiativtakar John Smith Kabashi og stuntakademiet har hausta hard kritikk. I mai i fjor gjekk Norsk Filmforbund og andre erfarne stuntskodespelarar ut i NRK og åtvara om at studentane kunne bli skada på grunn av det dei meiner er Kabashi si manglande erfaring.

Kabashi løfter armane oppgitt og spør om ikkje fem år med undervisning i stuntfaget, samt sju skadefrie månadar på studiet, er nok til å bevise at kritikarane tek feil.

– Ingen har vorte skada så langt, og det er ikkje noko anna å forvente heller. Tryggleik er alltid førsteprioritet her. Tidlegare har kvaliteten på norske stuntarar vore avgrensa, men no kjem det folk herfrå som er fullt utdanna, ikkje berre stuntutøvarar som har teke nokre få kurs. Eg trur kritikarane vil ha bransjen for seg sjølv, men det er jo ikkje slik ein får den til å blomstre.

Studentane fortel også om eit skadefritt år.

– Bortsett frå nokre blåmerker og skrubbsår då sjølvsagt, men det må ein nesten rekne med! seier Fredrik og stryk seg over albogen.

– Tryggleiken er viktigast, og studentane gjer ingen stunt for å «teste» om det går bra, dei skal vite at det går bra, seier Kabashi.

Kabashi sjølv har tolv år erfaring som stuntskodespelar, og var blant anna stuntkoordinator i serien «Lillyhammer». Dei siste åra har han jobba mykje med reklamefilmar for mellom andre Redningsselskapet. Foto: ISA

Les også: – Har vore ei sjuk læringskurve å spele i Heimebane

Hengande frå hesteryggen

Nokre elevar har erfaring frå idrett og akrobatikk, andre frå skodespel. Seinare i vår skal dei ha stuntriding, og blant studentane er det nok Silje som gler seg mest.

Silje i aksjon på (eller nesten på) hesteryggen:

https://www.instagram.com/p/BtQdgbJHHf7/?utm_source=ig_web_copy_link

Silje har vakse opp med hest, men stuntriding har ho berre drive med i to-tre år.

– Eg såg ein kul video på Instagram, og sende dama som hadde lagt den ut ei melding. Så vart eg invitert til Russland!

Der deltok ho i VM i «Dzhigitovka», krigsstilen til Kosakkane og ein tidlegare sirkussport, som det no vert arrangert konkurransar i. Sporten inneheld akrobatikk på hesteryggen, samt ei våpengrein der ein brukar fem ulike våpen medan ein sit på hesteryggen: sverd, lanse, pistol, kniv og pil og boge.

Den smilande Drøbak-jenta håpar studiet etterkvart vert utvida til ein heil bachelor, men først vil ho prøve lukka i Hollywood.

Rett i jobb

Stuntmiljøet i Norge er ikkje det største, men med opplæring i alle ledd, frå jobbsøking til eigen produksjon, skal studentane vere klare til å gå rett i jobb eller starte for seg sjølv når eksamen er bestått.

I løpet av skuleåret lagar kvar student ei eiga nettside med videoar og skildringa av alt dei har gjort, som dei seinare kan bruke som «stunt-CV». Utdanninga byr på karrieremoglegheiter både innanfor og utanfor Norges grenser.

– Fleire har fått betalte oppdrag allereie, både på teater og i korte tv-snuttar, seier Kabashi.

Eit klasserom for dei uredde. Foto: Ida Johanne Aadland

Som stuntskodespelar kan ein anten bli tilsett hos eit agentbyrå, eller jobbe frilans. I april skal klassen på studietur til Hollywood for å knyte kontaktar og lære av dei beste.

– På studieturen til USA vert det moglegheiter for å bygge gode nettverk. Det er der folka som styrer dei største actionproduksjonane sit, seier Kabashi.

Les også: Er det mogeleg å laga ein positiv dokumentar om klima?

Lekse: hald deg i form

Målet er ikkje at alle studentane skal bli gode på alt, men at alle skal finne sine felt. I motsetning til Lars hadde ikkje Silje noko erfaring frå skodespel, men med låge skuldre og stor lærevilje kan det meste lærast.

– Jo meir du drit deg ut, jo kulare er det!, seier ho.

Studentane har få innleveringar og lekser, men har sjølve ansvar for å halde seg i god form. Fleire bruker ettermiddagane på å reise til Arendal for å trene kickboksing og turn.

Les også om frikøyrarane som vart stuntmenn i «Kampen om tungtvannet»: Stuntmenn frå fjellheimen

I tillegg til ridinga er Silje glad i parkour, fighting og akrobatikk:

https://www.instagram.com/p/BqfkNzfiM70/?utm_source=ig_web_copy_link

Rom for dei som vil satse 100 prosent

Dei ti elevane er alle i tjueåra, og kjem frå heile landet. Til hausten håpar Kabashi å doble studenttalet ved akademiet, og skifte arbeidsspråk til engelsk.

– Me har hatt nokre opptaksprøvar allereie, men det er fire igjen: to i Oslo, tre i Tvedestrand og ein i Los Angeles.

På opptaksprøven må ein gjennom fysiske testar, monologlesing og eit intervju. Blant søkarane til neste års kull finn ein både turnarar, idrettsfolk og profesjonelle skodespelarar. Kabashi ønsker seg studentar med ulike bakgrunnar, så lenge dei vil det nok.

– Dette studiet er for dei med brennande interesse for stunt, skodespel, film, teater og underhaldningsbransjen. Ikkje for dei som berre vil teste om det er noko kult, men for dei som satsar 100 prosent og vil jobbe med stunt.

International Stunt Acadamy

  • Ein ettårig fagskuleutdanning i Tvedestrand som gjev 60 studiepoeng og ein beskytta yrkestittel
  • Den einaste godkjente fagskulen som tilbyr ein fullverdig utdannelse i stuntfaget nasjonalt og internasjonalt
  • Stuntskodespelar-studiet gjev grunnutdanning i skodespel og ei fullverdig utdanning i stuntfaget
  • Ein stuntskodespelar er ein kunstnar med evne, kunnskap, kompetanse og ferdigheter til utføre sine eigne stunts