– Har vore ei sjuk læringskurve å spele i Heimebane

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Da eg kom på jobb og såg Emma for første gong, syntest eg ikkje så mykje om ho. Eg likte ikkje kjendisar. Eg tenkte at ho var sikkert høg på seg sjølv fordi ho skulle spele hovudrolle, seier Endre Synnes Hagerup, kjent som Nils i Heimebane.

– Eg var jo ikkje ein kjendis da. Eg var jo ein anonym trønder, seier Emma Bones. Ho spelar Camilla, dottera til fotballtrenar Helena Mikkelsen i NRK sin seriesuksess.

– Eg hugsar at eg fekk inntrykk av at du var ein morosam «vimsat» type med ein gong, mimrar Bones.

Drøymer du om ei filmrolle? Her er castarane sine beste tips!

Siste innspelingsveke av sesong to

Det er heilt i slutten av oktober, og siste veke av innspelinga av sesong to av Heimebane. TV-serien om den kvinnelege fotballspelaren Helena Mikkelsen som trenar det fiktive eliteserielaget i Ulsteinvik, Varg IL.

Dei to skodespelarane møter Framtida.no i ein hotellresepsjon i Oslo. Ein av dei andre skodespelarane kjem innom og helsar på.

Medan eine hovudrolleinnehavaren Axel Bøyum, som speler han talentfulle fotballspelaren med private problem, er travelt opptatt med siste innspurt på Ullevål, har Bones og Hagerup ein liten pause frå innspelinga.

I sesong 1 av Heimebane er det noko i lufta mellom fotballtalentet Adrian (Axel Bøyum) og dottera til trenaren, Camilla (Emma Bones). Får vi svar på kva som skjer mellom dei i neste sesong? Foto: NRK

Serien vart meir og meir populær i førre sesong. Vi kan kanskje kalle det ein Heimebane-feber. I snitt vart kvar episode sett av 900.000 sjåarar. Av NRK sine seriar var den berre slått av Side om Side, ifølge NRK Analyse.

Over nyttår er dei tilbake med sesong to.

Les også: Kan eigne filmprisar for casting løfte fram kvinner i filmbransjen?

Frå anonym elev til rikskjendis

Da første sesong gjekk på lufta, gjekk Emma Bones (19) frå å vere ein anonym dramaelev på vidaregåande i Trøndelag, til å bli rikskjendis. Ho mimrar tilbake til byrjinga.

– Dei leita etter ei trøndersk jente mellom 16 og 19 år. Eg var trønder og 17 år da eg fekk tips om søknaden. Eg møtte på audition, så gjekk det bra og eg fekk rolla. Det var veldig kult og ikkje forventa i det heile.

Endre Synnes Hagerup meiner Bones sin versjon er for audmjuk.

– Eg har høyrd at blant veldig mange jenter som skulle få rolla, skilte Emma seg tydeleg ut. Det var tydeleg at du skulle få rolla. Det var nokre høgare opp som uttrykte det. Nokon sa du gjorde ein veldig bra jobb. Det var ikkje tilfeldig, seier Hagerup.

Kanskje er han litt sånn som rollefiguren sin, Nils i Heimebane? Han litt på sidelinja som backar opp venninna si og insisterer på at ho har eit spesielt talent? I serien er det kokkekunnskapen han oppmuntrar henne til. I det verkelege liv er det talentet som skodespelar.

Emma Bones spelar Camilla i Heimebane. Ho meiner ho sjølv er meir avslappa og mindre flink pike enn rollefiguren. Foto: Beate Haugtrø

Da dei to skodespelarane vart plukka ut til første sesong av Heimebane, var det å spele inn tv-serie heilt nytt for begge.

– Det eg hugsar frå første gong eg møtte deg, var at vi veldig var nervøse. Begge var veldig stille og tenkte «kva i alle dager er dette». Det kom den eine etter den andre kjente personen inn i rommet. Vi var to om det. Du sat jo ved sidan av meg, minnast Bones.

Les også: Sonja Henie var isens dronning

Ei sjuk læringskurve

Første innspelingsdagen spelte dei inn tre scenar. Bones var heilt utslått da dei var ferdige.

– Eg hadde med mamma dei første dagane. Ho måtte gå og kjøpe mat fordi eg var heilt ferdig. Det var sjukt mange inntrykk, seier ho.

Frå å ha halde på med litt teater, måtte ho forstå skodespelaren si oppgåve på sett. Etterkvart skjønte ho når det var greitt å ta ein pause, at ho kunne hente vatn og gå på do. Og at ein ikkje treng å bruke like store uttrykk foran eit kamera som ein gjer på scena.

Sjølv kan ho sjå læringsprossessen gjennom dei ti første episodane av første sesong.

– Det har vore ei utruleg utvikling i tryggleiken min på sett. Det har vore ei sjuk læringskurve. Eg har aldri vore borti liknande, seier Bones.

I Heimebane spelar Emma Bones dottera til fotballtrenaren Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp). Foto: NRK

Glad for at det vart ny sesong

Over nyttår kjem neste sesong på tv-skjermane. Bones er glad for at det vart ein sesong nummer 2.

– No kan eg ta med lærdommen frå forrige sesong inn i neste. Eg merkar at eg forstår flyten enno betre, og korleis eg skal jobbe foran kamera. Forståinga og tryggleiken aukar, det er veldig deilig, seier skodespelaren.

Før neste sesong avslører NRK at vi kjem til å bli enno nærmare kjent med rollefigurane og at fotballklubben Varg IL er i økonomisk krise.

Ein klippe i Ulsteinvik

– Den største endringa er at Helena no har fått respekt. (…) Men med respekt kjem også nye utfordringar, fortel serieskapar Johan Fasting til NRK.

I første sesong er Nils småforelska i Camilla. I neste sesong blir dei meir som søsken, fortel skodespelarane. Kva som skjer mellom Camilla og fotballtalentet Adrian Austnes, det gjenstår å sjå. Men ein ting er sikkert. Sjølv om Camilla no har flytta frå Ulsteinvik, har ho ein trufast venn når det gjeld.

– Nils er Camilla si klippe i Ulsteinvik. Han er der fortsatt når Camilla verkeleg treng det. For det vil skje, at Camilla treng ei hjelpande hand. Da er Nils der uansett kor vanskeleg det blir, fortel Emma Bones.