Det er ikkje alle skodespelarar som er like gode til å løype på ski. Då er det godt det finst andre som kan ta seg av slikt.

Randi Berdal Hagen/Vest-Telemark Blad
Randi Berdal Hagen/Vest-Telemark Blad

To frikøyringsentusiastar frå Rauland blir å sjå på fjernsynsskjermane sundagane framover. Men det kan hende du trur du ser Frank Kjosås eller Christian Rubeck. Eller nokon av dei andre skodespelarane i storsatsinga.

Les heile saka i Vest-Telemark blad!

– Dei var ikkje så fæle på ski, humrar Sondre Loftsgarden, frikøyrar frå Rauland.

«Dei» han siktar til er skodespelarane som spelar sabotørane i den nye NRK-serien «Kampen om tungtvannet». Gode skiferdigheiter kan vere vanskelege å imitere, sjølv for dei med utdanning frå teaterhøgskulen.

Dermed var det trong for «stand-ins», eller stuntmenn om du vil, til dei mange skiscenene – både bortover vidda dragande på pulkar, og nedover ufser og juv. Sjølv kallar dei seg statistar, dei to raulendingane Sondre Loftsgarden og Espen Arnesen.

LES OGSÅ: Banar veg for heltinne

Arnesen er gamal alpinist, har drive med frikøyring i mange år og har arbeidd som skiguide på Gaustatoppen. Lofstgarden var Noregs beste frikøyrar på telemarksski i fjor, etter å ha vunne Norway freeride cup samanlagt.

Profesjonelle skifilmarar
Det er Field Productions, selskapet bak den norske ski/snøbrett-filmsuksessen Supervention, som har ansvaret for skiscenene i «Kampen om tungtvannet». Dei var opptekne av å ha med gode skikøyrarar. Arnesen kjenner ein kar i produksjonsselskapet, og såleis kom han og Loftsgarden med på laget.

– Me har filma i all slags vêr, og «var» forskjellige sabotørar. Ein gong var eg også nazist, for nazisten måtte heim på jobb, smilar Lofstgarden.

Arnesen, som hadde «skirolla» som Claus Helberg, seier innspelinga var ei artig oppleving.

– Det var veldig ålreit, og interessant å sjå korleis produksjonsselskapet arbeider – korleis proffane filmar skiscener, seier den erfarne frikøyraren.

LES OGSÅ: Nordisk språkpris til Jakob Oftebro

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE