Er det mogeleg å laga ein positiv dokumentar om klima?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 26.04.2021 19:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redaktør i Framtida.no, Svein Olav Langåker, er òg leiar i Stord filmklubb, som har hatt visning av filmen.

I 2012 publiserte tidsskriftet Nature ein studie frå over 20 leiande forskarar i verda, som viste at menneskja kunne forsvinna mellom 2040 og 2100. Studien sa òg at dette kunne unngåast ved å drastisk endra livsstilen vår gjennom ei rekkje tiltak.

Den franske skodespelaren Mélanie Laurent har regissert filmen saman med Cyril Dion. Foto: Bev Moser, Wikimedia Commons, CC BY 3.0-lisens

Kort etter å ha fødd det første barnet sitt, blei den franske skodespelaren og regissøren Mélanie Laurent (kjent frå Inglorious Basterds) merksam på denne studien, og kva sonen hennar vil møta i framtida. Saman med ven og aktivist Cyril Dion og fleire andre filmfolk bestemte dei seg for å reisa verda rundt på jakt etter løysingar som kan bidra til å redda dei neste generasjonane.

Personleg og inspirerande

Resultatet er Tomorrow, ein personleg og inspirerande dokumentar som presenterer konkrete løysingar frå lokalsamfunn verda rundt.

Frå USA til Storbritannia og gjennom Finland og India reiste dei saman til 10 land for å vitja gardar som prøver ut permakultur, urbane landbruksprosjekt og fornybare tiltak. Filmen viser folk som gjer ein skilnad innan mat, energi, finans, demokrati og utdanning.

I eit eige kapittel om pengesystemet, får me høyra om fleire komplementære valutaer. Éin av dei har Framtida.no skrive om før: Brixton-pundet, der du kan betala med ein David Bowie.

Sjå trailer til filmen her:

Saman kan me få til store endringar

Filmen er å få tak i på Itunes og Google Play. I Frankrike har filmen vunne den prestisjetunge César-prisen, og har òg sett kinorekordar.

Tomorrow er inspirerande, tankevekkande og til tider noko provoserande. Ein av dei viktigaste bodskapane i filmen er at me alle saman kan få til store endringar i lokalsamfunna våre.

Klar beskjed frå ein av sjåarane av filmen.

Verkeleg endring skjer nedanfrå

Filmen har ei eiga handbok som gjev råd til korleis filmen kan visast i eit lokalsamfunn. Her kjem dei med råd om å la alle koma til orde gjennom små diskusjonsgrupper etter filmen.

Panelsamtalar med utvalde politikarar eller ekspertar blir frårådd. Alle skal med, og den verkelege endringa skjer når han skjer nedanfrå; frå grasrota.

Då Stord filmklubb viste filmen, bad eg publikum om å skriva ned éin ting som dei vil byrja med i morgon, etter å ha sett filmen. Det kom mange forslag. Eitt av forslag var å visa filmen til heile kommunestyret. Eit anna forslag var å visa filmen til fleire, fleire gonger – og til sist var det ein som skreiv ein hugselapp om å senda epost til NRK med ønskje om å kjøpa filmen.

Her er nokre av dei andre forslaga: