Nortind startar ny utdanning for skiguidar

Fleire spenner på seg skia for å oppleva norske fjell. Norske Tindevegledere ser behovet for fleire kvalifiserte skiguidar og startar utdanninga av skiguidar i vinter.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No kan du utdanne deg til å bli skiguide

– Det har vore ei formidabel interesse med over 60 søkjarar, seier president Leif I. Magnussen i Norske Tindevegledere (Nortind). Dette er eit positivt problem, men me har flinke folk som skal plukka ut dei som får vera med vidare, seier han.

Ny utdanning

I vinter startar Nortind eit nytt utdanningsløp som tar sikte på å utdanna skiguidar. Organisasjonen har byrja jobben med å plukka ut dei mest kvalifiserte søkjarane til ei opptakssamling i februar.

Derifrå skal om lag ti stykk få vidare opplæring over to og eit halvt år. Utdanninga inneheld førti kursdagar, seks veker praksis og minst 800 timar eigenutvikling for deltakarane.

Skiguidane får same arbeidsfelt som fjellguidar når det gjeld føring og kurs på alpine og nordiske ski i Noreg. Dei skal utdannast i blant anna ferdsel og vegval på alpine turski og fjellski, snø- og skredkunnskap, brekjennskap, redning, planter og dyr, klede, mat og drikke, og norsk friluftslivshistorie og tradisjonar.

Les også: Då heile karrieren hang i ein tynn tråd

Leif I. Magnussen er president i Norske Tindevegledere (Nortind).

Leif I. Magnussen er president i Norske Tindevegledere (Nortind). Foto: Privat / NPK

Stor etterspørsel

Føring på alpine skiturar har blitt eit stort arbeidsfelt for Nortind sine medlemar, og reiselivsnæringa rapporterer om stor etterspørsel etter kvalifisert arbeidskraft, fortel Magnussen.

– Det har skjedd ein toppturrevolusjon. Naturbasert reiselivsturisme er meir retta mot vinter, og det er slik behov for å tilby guidar med kompetanse på skred og ski.

– Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt å bidra til auka kunnskap om sikker ferdsel i fjellet, legg han til.

I 2015 hadde Nortind drygt 76 fullt kvalifiserte medlemar som i større og mindre grad driv kurs og høgfjellsføring både innanlands og utanlands.

Les også: Då eg var tjue: Maria Parr låg under open himmel og såg på Nordlyset