Studentar skal få betre vern mot trakassering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortinget bad i februar regjeringa om å lage eit lovforslag. Det skjedde mens historier om seksuell trakassering dukka opp i mange deler av samfunnet, også innan utdanningssektoren.

Allereie i fjor haust fremja Arbeidarpartiet forslaget om at alle utdanningsinstitusjonar må sikre at studentane skal ha tilgang til eit eige ombod. Seinare slutta også regjeringspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre seg til.

– MeToo har aktualisert og tydeleg vist behovet for studentombod. Seksuell trakassering har vist seg å vere eit problem også ved nokre utdanningsinstitusjonar, og det må vi gjere alt vi kan for å stoppe. Med dette lovforslaget vil vi synleggjere ansvaret til institusjonane på ein betre måte, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Les også: Undersøking: 13.500 studentar har opplevd seksuell trakassering

Lågterskeltilbod

Eit studentombod er ein uavhengig bistandsinstans i studiesaker og eit lågterskeltilbod for saker om trakassering. Studentombodet skal rettleie studentar i samband med klager og bidra til å løyse saker på lågast mogleg nivå, peiker ho på.

Nybø seier at utdanningsinstitusjonane må førebyggje trakassering og ha tiltak som skal hindre krenkande, skremmande og audmjukande handlingar.

I dag har ti utdanningsinstitusjonar eigne studentombod. Med forslaget som no blir sendt ut på høyring, må alle utdanningsinstitusjonar sørgje for at deira studentar har tilgang på eit ombod, men mindre institusjonar kan gå saman om ordninga. Både universitet, høgskular og fagskular blir omfatta av kravet.

Dei skal for eksempel hjelpe studentane om den faglege kvaliteten på utdanningane sviktar, og dei skal gi studentane uavhengige og upartiske råd og bistand i saker som angår dei. Omboda kan hjelpe til med å løyse ei sak på eit lågast mogleg nivå, og skal kunne svare på spørsmål om studentane sine rettar og plikter.

Regjeringa sender samtidig ut eit forslag om lovendrina som skal gi studentar med funksjonsnedsetting rett til tilrettelegging.

Les også: Noreg som likestilt land har blitt kraftig avkrefta

– Ein kjemperessurs

Leiar Håkon Randgaard Mikalsen i Norsk studentorganisasjon er glad for at lovforslaget no kjem. Han peiker på at det er mange studentar som ikkje har noko ombod i dag.

– Ved dei institusjonane der det finst studentombod, legitimerer dei rolla si til det fulle. Det er ein kjemperessurs for studentane, og vi er utruleg glade for at det no kan bli ein realitet for alle studentar, seier Mikalsen til NTB.

Ombodet kan jobbe både systematisk og med enkeltsaker for å passe på at rettane til studentane blir handheva, og at institusjonane følgjer lova, peiker han på.

Les også: Difor må feminisme inn i pensum