Sykepleierforbundet fryktar studentar blir utsette for seksuell trakassering
Sjukepleiarar var mest utsette for uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen i 2016, ifølgje SSB. Sykepleierforbundet fryktar studentar er ekstra sårbare.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sjukepleiarstudentar i endå større grad enn sjukepleiarar er utsette for dette, nettopp fordi at dei er ute i praksis, dei er unge, dei er uerfarne og har kanskje ikkje vore i slike situasjonar tidlegare, seier forbundsleiar Eli Gunhild By til NRK.
I undersøkinga frå Statistisk sentralbyrå svarte 17 prosent av sjukepleiarane at dei hadde blitt utsett for uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen i 2016.
Tala viste også at sysselsette kvinner i aldersgruppa 18–24 år er dei som er mest utsette for uønskt seksuell merksemd.
Gunhild By trur det kan vere endå tøffare for studentar ute i praksis, og at det kan vere vanskeleg for studentane å seie ifrå dersom dei opplever noko ubehageleg.
– Dei er ekstra sårbare fordi at dei kanskje også er interesserte i å få seg ein jobb på denne arbeidsplassen i etterkant av praksisen, legg ho til.
- LES OGSÅ: Slik ser seksuell trakassering ut