Natur og Ungdom oppmodar til skulestreik for klimaet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein kul aksjon, som har fått mykje merksemd, så det skulle berre mangle at ikkje me kasta oss med og viser solidaritet, seier leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, på telefon til Framtida.no.

Med bakgrunn i svenske Greta Thunberg (15) sin skulestreik for klimaet oppmodar dei norske ungdommar til å bli med.

Les også: NU-leiaren søker jobb i Nordic Mining

Streik under landsmøte

Skjermdump av Facebook-sida til streiken som vert arrangert fredag 7. september klokka 12.00.

Skjermdump av Facebook-sida til streiken som vert arrangert fredag 7. september klokka 12.00.

Eiterjord synest at Thunberg sjølv seier det best når ho grunngjev streiken med at: «Ettersom dei vaksne blæs i mi framtid, gjer eg det også».

Fredag 7. september håpar Natur og Ungdom at norske elevar stiller opp til nasjonal skulestreik for klimaet. Sidan organisasjonen har landsstyremøte same dag reknar Eiterjord med at minst 40-50 personar vert med på markeringa framfor Stortinget klokka 12.

Elevar som deltek i politisk arbeid får politisk fråvær, men Eiterjord reknar med at det kan bli utfordrane å få elevar ut av klasserommet etter fråværsgrensa.

Fråværsgrense eller ei, Natur og Ungdom-leiaren er skråsikker på at nasjonal skulestreik bør prioriterast.

– Då eg gjekk på skulen hadde eg ganske mykje politisk fråvær. Av og til lærer du mykje meir utfor skulen enn i skulen, særleg i samband med politisk arbeid. Nokon kallar det livets skule.

Les også: Elevorganisasjonen: – Elevar bør ha streikerett

– Kva tid vil Erna slutta å drite i framtida vår?

Natur og Ungdom vil nytta høvet til å auka fokuset på klima òg her heime.

Eiterjord viser til sommarens ekstremvêr og meiner den norske innsatsen er altfor dårleg.

– Me forventar at regjeringa kjem med nye tiltak for å kutte utsleppa. Når dei viser til kutt viser dei til ting som at me har palmeolje på tanken, noko som i realiteten fører til auka utslepp fordi me høgg regnskogen, seier Eiterjord.

Han meiner politikarane må la olja liggja, ikkje byggja fleire rullebanar på Gardermoen og satsa meir på tog. Vidare har Natur og Ungdom store forventningar til statsbudsjettet med tanke på utsleppskutt.

– Ekstremvêret i sommar er berre ein forsmak på kva som kjem i framtida, som me unge vil oppleva. Kva tid vil Erna slutta å drite i framtida vår? Det har eg lurt mykje på i sommar, avsluttar Eiterjord.

Les også: Natur og Ungdom ankar klimasøksmålet