På dette klimastudiet har 60 prosent av studentane fått relevant jobb

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimautfordringane grip gjennom heile samfunnet, på tvers av alle sektorar. Det er ein av dei viktigaste grunnane til at ein treng den type kompetanse, seier Stein Joar Hegland til Vestlandsrevyen.

Han er programansvarleg for masterprogrammet på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal der studentane lærer om klimatilpassing og omstilling.

Ein ambisiøs og effektiv klimapolitikk er det viktigaste grepet norske styresmakter kan ta for å møta klimarisiko, meiner Klimarisikoutvalet. Les meir her!

Internasjonalt studium

For berre tre år sidan starta dei masterprogrammet Climate Change Management, som i fjor hadde heile 150 søkjarar til 20 studieplassar.

Studiet er engelskspråkleg og trekk til seg studentar frå heile verda, som til dømes Tyskland, England Skottland og India.

Ifølgje Høgskulen på Vestlandet i Sogndal har no 60 prosent av studentane frå første kullet relevant jobb.

– Dei tidlegare studentane jobbar blant anna som klimarådgjevarar i både offentleg og privat sektor, fortel Hegland til NRK Sogn og Fjordane.

Kor godt rusta er Noreg på konsekvensane av klimaendringar? Les meir her!

Skadar etter flaumen i Utvik i Sogn og Fjordane. Foto: Tord Bruland.