Klimarisiko: – Det finst nesten berre éin måte det kan gå bra på

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.02.2019 16:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det finst nesten berre éin måte det kan gå bra på, men tallause måtar det kan gå dårleg.

Det sa siviløkonom Martin Skancke, då han la fram rapporten frå Klimarisikoutvalet i slutten av desember. Utvalet har i over eitt år granska kor rusta Noreg er i møte med klimaendringane.

Rapporten seier at Noreg har eit godt utgangspunkt for å handtere klimarisiko, men at konsekvensane av alvorlege klimaendringar kan vere store og vaskelege å føreseie.

Les også: Dette er det viktigaste Noreg kan gjera i møte med klimarisiko

Mange typar klimarisiko

I grove trekk kan ein dele risikoane inn i tre grupper: ein fysisk risiko, ein overgangsrisiko og ein ansvarsrisiko.

Den fysiske klimarisikoen er den som er enklast å gripe hand om. Når kraftlinjer vert rivne ned i storm og hus vert fløymde over av vatn, så er dette resultatet av akutt fysisk klimarisiko. Det er ekstreme vêrhendingar som kan føre til store skadar både på eigedom og lommebok.

Meir langsiktige endringar i vêr som fører til at vi lyt omstille oss utgjer ein kronisk klimarisiko. Eit døme vil vere dersom tørke og ekstremnedbør fører til at vi i Noreg må legge om landbruket.

Men klimarisiko omfattar også noko meir enn dei fysiske følgjene av eit endra klima. Det handlar også om kor vidt vi er budde på omstillinga til eit grønare samfunn.

Overgangsrisikoen går ut på kor vidt ulike bedrifter og næringar maktar møte den teknologiske utfordringa, dei politiske reguleringane og krava frå marknaden. Er vi til dømes budde på at petroleumssektoren skal ha mindre verdi?

Endeleg er det ansvarsrisikoen. Kven skal ta rekninga for at øydeleggingane som kjem av klimaendringar og ekstremvêr? Er det forsikringsselskapet? Er det kommunen som tillét nokon å bygge hus ein plass det går skred? Eller vert du sjølv sittande med skjegget i postkassa?

Les også: Verda kan bli meir enn tre grader varmare med klimaavtalen

Men kva risikofaktor er viktigast for Noreg?

Martin Skancke fortel at tidsforløpet for risikoane er ulike. Overgangsrisikoen vil forhåpentlegvis opphøyre i løpet av nokre tiår. Det som hender med oljesektoren no, er ikkje det som vil avgjere livskvaliteten til barna som vert fødde i dag og barnebarna deira, seier han.

– Rundt 2200 vil dei fysiske verknadane vere totalt dominerande, seier leiaren av Klimarisikoutvalet.

Dei vil merke følgjene av øydelagde heimar som sender folk på flukt, av endra matvareprisar, og av auka konfliktnivå internasjonalt.

Les også ekspertintervjuet: Kan klimaendringar føre til krig?

Eit godt utgangspunkt er ikkje nok

For endå Noreg har eit godt utgangspunkt, så trengst det også handling for å sikre at dette går rette vegen.

Alle kommunar, bedrifter, forbrukarar og produsentar må ta stilling til spørsmålet: kor godt rusta er eg på klimaendringane, og korleis det kjem til å påverke kvardagen min?

Klimarisikoutvalet etterlyser difor at arbeidet med klimarisiko må setjast i system, og anbefalar å hente inspirasjon frå eit sett retningslinjer som allereie eksisterer, Task Force on Climate-related Financial Disclosures (TCFD).

Det sentrale er at ein snur klimatankegangen på hovudet: Det er ikkje nok å tenke på korleis ein eigen aktivitet påverkar klimaet, ved hjelp av klimarapportering om Co2-utslepp. No lyt ein også tenke over korleis klimaendring og klimapolitikk påverkar ein sjølv, bedriftene og næringane i landet.

– Fortel meg korleis du skal tene pengar om vi lukkast med klimapolitikken, seier Skancke.

Les fleire saker om lokal klimarisiko her.

Lokal klimarisiko

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @framtida.no!