Bør vi vere like provoserte av tyske lånord som engelske?

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Skreddaren tenkte at trøya passa fortreffeleg, men kunden klaga og meinte at plagget var kort og tøyet simpelt og grovt.»

Med unntak av og og men, så er alle desse orda laga med nedertyske ord. Likevel er dei alle ein del av moderne norsk daglegtale.

– Folk på 1400-talet kunne verte provoserte av nedertyske ord, like mykje som nokre vert provosert av engelske ord i dag, seier Arne Torp, professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo til Forskning.no.

Les også: – Om vi skrur av språket, kva er att?

Lånord frå heile verda

For den siste tida har forholdet mellom engelsk og norsk vore mykje diskutert og Språkrådet fryktar for norsk som fagspråkMen ordforrådet vårt er allereie fullt av lånord.

Forskning.no skriv at nokre ord har kome frå eine sida av jordkloden fordi norsk mangla namn på noko eksotisk: Til dømes orda kenguru og koala som stammar frå aboriginarane i Australia, eller ordet sjokolade frå aztekarane i Mexico.

Nokre ord har derimot kome til norsk og erstatta eit vi allereie hadde: den grøne frukta med det brune og hårete skalet heitte kinesisk stikkelsbær før det maoriske ordet kiwi gjorde inntog.

Men kvifor låner vi nye ord når vi allereie har eit alternativ? Til Forskning.no seier Pål Kristian Eriksen, seniorrådgiver i Språkrådet, at det er fordi det andre språket har meir prestisje:

– Vi synes det er litt kult.

Les også: «Er det ikke slik at du er nazist om du skriver nynorsk»

Kva er eigentleg norsk?

Så i mylderet av lån: mellom det tyske språk og arbeid, arabiske sofa og madrass, og det greske kyrkje – kva ord er opprinneleg norske?

Det er det vanskeleg å gje eintydige svar på. For endå språkvitarane er samde om at det motsette til eit lånord er eit arveord – eit ord som kan sporast direkte bakover til forferdrane våre – så er dei ikkje samde om kor langt tilbake i språkhistoria ein lyt gå før ein kan konstantere at eit ord er heilt norsk. Må vi tilbake til gamalnorsk, til urgermansk, eller heilt attende til indoeuropeisk?

Torp fortel Forskning.no at når språkforskarar skal slå fast om eit ord er lånt eller opprinneleg norsk, lyt dei difor ty til samanlikning:

– Likskapen mellom språk skuldast anten at orda har eit felles opphav eller at dei kan vere lånt frå det eine språket til det andre.

Såleis kan språkvitarane også seie at ord som «far» og «mor» er norske. Medan «tante» og «onkel» kjem frå utlandet.

Les også: – Det viktigaste er at folk skriv limburgisk

Kva irriterer deg mest?

Kva irriterer deg mest?

Tyske lånord43
Engelske lånord67
Latinske lånord33
Alle lånord26
Svar totalt: 169