Wales vil doble talet på walisisktalarar innan 2050
Walisiske Carys Dukes (22) opplever ei kraftig auke i interesse for morsmålet sitt. Ho trur den walisiske nasjonalforsamlinga kan nå sine ambisiøse språkmål.

– Walisisk handlar om individualitet. At vi kjem frå Wales, ikkje berre Storbritannia, vi er ein separat liten del av kongeriket, og vi er stolte av dei vi er.
Det seier Carys Dukes (22) når Framtida.no ringer ho opp på WhatsApp. Ho set seg i sollyset i graset på campusen til Swansea University for å prate om korleis det er å prate walisisk i dagens Wales.
Duke har vakse opp i Gwynned-området nord i Wales, der dei aller fleste har walisisk som fyrstespråk.
I dag er ho ansvarleg for walsisike saker i studentforbundet ved Swansea University, der dei aller fleste pratar engelsk.
Ho fortel at språket er ein viktig del av identiteten hennar, og ho set pris på å kunne vere med å byggje opp det språklege miljøet i den nest største byen i landet.
– Inntrykket mitt er at det er ein massiv auke i 17- til 24-åringar som er interessert i walisisk.
Cymraeg-strategien
Grunnen til at Framtida har teke kontakt med Dukes, er at nasjonalforsamlinga i Wales i 2024 vedtok Cymraeg 2050-strategien. Cymraeg er det walisiske ordet for språket deira.
I strategien har dei to store språkmål fram mot 2050:
- Dei vil at éin million walisarar skal kunne prate walisisk.
- Dei vil doble kor mange som pratar walisisk dagleg frå 10 prosent til 20 prosent.
Ved folketeljinga 2021 sa 538 000 av dei rundt 3 millionane walisiske innbyggjarane at dei kunne prate walisisk. Færre hadde eit godt nok ordforråd for å ha lengre samtaler.
Vart ikkje offisielt før 2011
– På ein måte må vi gjere om på fleire hundreår med språkundertrykking.
Det sa Manon Davies, då Framtida møtte ho tidlegare i år på ein kafé i Oslo.
Ho er ein del av Wales sitt svar til Språkrådet, Comisiynydd y Gymraeg, eller Welsh Language Commisioner. Før møtet hadde ho både vore på besøk hjå Noregs Mållag og Språkrådet for å utveksle erfaringar når det kjem til å arbeide med språk.
Til dagleg er ho ein av dei som kjem med tilrådingar for stadnamn i Wales, og har blant anna jobba mykje med nasjonalparken Eryri, tidlegare kjent som Snowdonia. Det er eit av mange punkt som blir gjort for å søgje for at den walisiske språkkulturen lever vidare.
Walisisk er eit keltisk språk. I 1536 vedtok det engelske parlamentet, som hadde styrt over Wales sidan 1284, at engelsk skulle vere språket for walisiske domstolar, og at alle som ville ha offentlege verv måtte prate engelsk.
Det var ikkje før 40-talet walisisk kom inn i barneskulen, og først i 2011 fekk walisisk status som eit offisielt språk i Wales.
– Difor er det viktig å auke talet, og sørgje for at det er eit levande språk, seier Davies.
– At det blir brukt, og at det blir likt, ikkje berre i skulen.
Skilnad mellom nord og sør
Så korleis i all verda skal ein doble kor mange som pratar eit språk i løpet av 25 år?
For walisarar som Duke og Davies var det ikkje noko problem å lære språket. Dei er begge frå nordlege Wales, og fekk høyre det heime.
– Eg lærte ikkje engelsk før eg var 8 år, fortel Duke.
I områda lenger sør, og nærmare den engelske grensa, er det engelsk som dominerer, og mange har mest kjennskap til walisisk gjennom skulen.
For å nå måla sine, gir styresmaktene støtte til mange av dei mindre språkorganisasjonane som jobbar i lokalmiljøa for å fremje walisisk.
Som ein del av strategien sin vedtok nasjonalforsamlinga i mai at alle barn skal vere stødige i walisisk etter grunnskulen, med minstekrav for kor mykje språkundervisning dei får, også på engelskspråklege skular.
I tillegg er det ekstra stipend og støtte tilgjengeleg for studentar som brukar walisisk som hovudspråk i graden sin.
Men auken kjem ikkje av seg sjølv. Rekruttering av walisisk-språklege lærarar er eit viktig punkt som nasjonalforsamlinga anerkjenner som ei utfordring. Å ha både private arbeidsplassar og offentlege tenester som er tilpassa eit tospråkleg folk skjer heller ikkje over natta.
Har blitt meir stolte av språket
Overgangen kan bli størst i områda der engelsk har dominert i hundrevis av år.
Duke merka den språklege kulturforskjellen då ho flytta til Swansea.
– Det walisiskspråklege miljøet vart hardt ramma av Covid, og eg hadde ingen andre å prate walisisk med på studiet før det tredje året.
Heldigvis fann ho stad å bu der ho kunne prate walisisk med dei andre i kollektivet, og ho har merka ei haldningsendring dei siste to åra.
Det største skiljet trur ho er mellom eldre og yngre generasjonar, som ikkje lenger kjenner på eit stigma rundt walisisk.
– Enten dei kunne prate walisisk eller ikkje, så pla folk å skygge unna språket. Yngre folk i dag er mykje meir opptekne av det, og det er ein del identiteten deira.
Blir inspirert
– Kva trur du om nasjonalforsamlinga sitt mål?
– Eg trur det er ekstremt realistisk, og det vil forhåpentlegvis skje, seier Dukes.
For Dukes er det aller viktigaste at folk har ei positiv haldning til måla, for at dei faktisk blir gjennomført. Walisarane må sjølv ville prate walisisk for at språket skal vekse, og ho gjer sin del gjennom arbeidet med studentane i Swansea.
– Det er så inspirerande å sjå andre lære språket mitt, og gjer at eg får lyst til å bli betre sjølv, når det kjem til både grammatikk og det å prate walisisk med fleire.