Stordalen: – Berekraftig og sunt kosthald tvingar seg fram

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er heilt avgjerande for framtida vår på planeten og for å leve sunne liv. Det vil krevje ei enorm omstilling, men rapporten viser at det er mogleg. Det er kanskje vår største moglegheit til å forbetre verdshelse, bidra til ei berekraftig utvikling og samle aktørar rundt eit felles mål som er politisk uavhengig, sa Stordalen då ho lanserte rapporten til EAT-Lancet-kommisjonen torsdag.

Det er organisasjonen EAT, som vart grunnlagt av Stordalen, og det medisinske tidsskriftet Lancet som har offentleggjort ein rapport som ser på kva som må til for å fø det ein reknar med er befolkninga på jorda i 2050 – ti milliardar menneske.

Les også: Forskaren sine beste tips for å leve meir miljøvenleg i 2019

Halvere kjøttforbruket

Ein av hovudkonklusjonane i rapporten er at det globale forbruket av raudt kjøtt og sukker må halverast, mens forbruket av nøtter, grønsaker og belgfrukter må doblast.

Målet er at kosthaldet totalt skal ha eit kaloriinntak på omtrent 35 prosent fullkost og rotgrønsaker, proteinkjelder hovudsakleg frå planter, i tillegg til 500 gram grønsaker og omtrent 14 gram raudt kjøtt. Det inneber ei avgrensing til 7 gram svinekjøtt, 7 gram storfe- eller sauekjøtt, der ein i tillegg kan ete 29 gram fjørfe, 250 gram meieriprodukt og 13 gram egg.

Til Dagbladet seier Helle Meltzer i Nasjonalt råd for ernæring at dette i praksis inneber fisk ein gong i veka og kjøtt ein til to gonger i månaden.

Les også: Tre av ti vil ete mindre raudt kjøtt

Prof. Walter Willett (Harvard University), t.v. Johan Rockström , Gunnhild Stordalen og utviklingsminister Nicolai Astrup presenterer hovedfunnene i den nye EAT-rapporten hos Bama i Oslo.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Plantebaserte råvarer

På spørsmål om kor realistisk det er at alle kan klare det foreslåtte kosthaldet, svarar Gunnhild Stordalen til NTB:

– Det er ikkje noko alternativ. Vi kan ikkje med kunnskap og vilje gå vidare og feile på dei globale måla, som FNs berekraftsmål og målet om å halde den globale oppvarminga under to grader. Samtidig er dette ei enorm moglegheit til å betre helsa over heile verda.

Meir enn 800 millionar menneske opplever matmangel, og endå fleire har eit svært usunt kosthald. I tillegg fører matproduksjonen i dag med seg store klimautslepp. Ei omstilling vil derfor vere nødvendig, meiner dei totalt 37 forskarane bak rapporten.

– Dette er ikkje noko mindre enn ein ny, global jordbruksrevolusjon. Det finst ingen mirakelkur for å kjempe mot skadeleg matproduksjonspraksis, men det er mogleg å fastsette eit kosthald som vil vareta helsa til menneske og stø opp under miljø og berekraft, seier ein av hovudforfattarane av rapporten, Johan Rockström.

Les også: Mat for framtida? Sirissane, nyaste husdyret i Norden

Reaksjonar

Rapporten har allereie vorte møtt med både ris og ros frå mange hald, mellom anna frå kjøttindustrien.

Matprat-direktør Dag Henning Reknes i Matprat seier til VG at initiativet til EAT-Lancet-kommisjonen er prisverdig og nødvendig i møtet med klimaendringane. Men han meiner rapporten er i strid med FNs mål om at alle land skal utnytte sine matressursar.

– I Noreg har vi eit berekraftig landbruk og ein berekraftig kjøttproduksjon. Eit slikt matsystem vil vere vanskeleg å realisere i store delar av verda, seier han.

Miljøorganisasjonen Greenpeace stiller seg positive til den ferske kosthaldsrapporten.

– Dette er ein særs grundig og god rapport som understrekar at forbruket og produksjonen av kjøtt må reduserast drastisk viss vi skal motverke klimaendringar og samtidig brødfø ei veksande befolkning, seier kommunikasjonssjef i Greenpeace Aud Hegli Nordbø til NTB.

Les også: Unge er meir villige til å støtte klimavenleg politikk