Mat for framtida? Sirissane, nyaste husdyret i Norden

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 10.08.2018 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mat for framtida? Sirissane, nyaste husdyret i Norden

JAPANSKE TRADISJONAR: Dette er ein sirisshaldar frå Japan på 1800-talet. Sirissar har lange tradisjonar i Japan som husdyr/matdyr og som kjæledyr. Dei har òg vore nytta som fôr til andre kjæledyr. Foto: Wikipedia/CC BY-SA 4.0

– No veit me at dette fungerer, og me har trua på ei stor framtid, seier Santtu Vekkeli, grunnleggjaren av selskapet Nordic Insect Economy, som har ein enorm insektfarm i Strömfors, Finland.

Etter fire år med studering har dei tilsette lært mykje om livssyklusen til sirissane. Alt har vorte testa grundig før dei starta med aling i stor skala.

Men det kan vere vanskeleg å drive med noko som få andre driv med.

– Me har ingen å ringje til. Ein storbonde som har griser, til dømes, kan ringje til statlege opplysningskontor eller utdanningsinstitusjonar for råd. Men me lyt finna ut av ting sjølve. Alt må lærast gjennom røynlser, seier Vekkeli.

Les også: To unge nordmenn ynskjer å slå seg opp på insektmjøl

Santtu Vekkeli (31) skipa verksemda Nordic Insect Economy nokre år tilbake. På biletet er han på oppdrettsanlegget i dei tidlegare elektronikk-fabrikklokala i Strömfors, Finland.

Desse artane er blant sirissane sine svar på pingvin eller høne

Tidlegare har me fortalt om eit oppdrettsanlegg i Sverige som driv med al av soldatflugelarvar. På berre tolv dagar veks dei nyklekte larvane seg feite, og vert slakta, før dei når insektstadiet sitt.

SPELAR: Ein hannsiriss av typen Gryllus, i det fri. Han spelar med åsynet vendt ned mot bolet sitt. Han syng ved å lyfte dei lêraktige forvengjene opp og gni dei imot einannan. Hóla bidreg med atterljod og gjev songen ekstra resonans.

Sirissane går derimot ikkje gjennom noko larvestadium. Dei har vengjer, og fleire sirisstypar kan flyge. Dei sirissane som held til i dei gamle elektronikkfabrikk-lokala i Strömfors, derimot, er av to artar som berre kan hoppe og gå.

Dei kan bruke vengjene sine til å småflyge litt og hoppe litt lenger, litt som høns og pingvinar. Og so brukar hannsirissane dei tjukke framvengjene til å spele med i paringstida.

Les også: Simon (24) syner fram svenske villdyr til turistar

– Ikkje strenge med dietten

Insektfabrikkar i Canada, USA, Finland, Malaysia og Thailand fôrar insekta med forskjellig mat innbyrdes mellom seg.

SIRISSEN ER SNILL HJÅ DISNEY: I Disney-universet er sirissen samvitet til Pinocchio, slik at Pinocchio skal vere snill. Dei er òg vener hjå Disney. Saman bringer dei jolestemning til borna på jolaftan. Men dei færraste har tenkt på sirissen som mat. Kanskje kan han til og med verte jolemat? Foto: CC BY-ND 2.0

– Sirissane er ikkje strenge med dietten. Dei kan jamvel ete cellulose, som kua. Det er mest ikkje grenser for kva dei kan ete, seier Vekkeli.

Han trur verksemda hans vil eksperimentere meir med ulike typar sirissfôr i framtida. Maten sirissane ved oppdrettsanlegget i Stömfors vert fôra med, er finskprodusert.

Dei vert fôra med grønsaker, korn eller raps rett ifrå åkeren. Samstundes får dei òg foredla matvarer til fôr. Delar av råstoffet vert dyrka fram i Finland, medan noko vert importert.

Fôret dei får kan ikkje ha vore behandla med sprøytemiddel.

– Det er heilt avgjerande. Om me til dømes hadde fôra dei med sprøytte gulrøter ville dei ha døydd raskt. Me ville fått ein daud insektfarm, seier Vekkeli.

GRYLLUS BIMACULATUS: Den eine av to sirisstypar på fabrikken i Strömfors. Opphavleg afrikansk insekt. Her frå Bristol Zoo. Foto: Arpingstone

Les også: Dei vil utrydda kjøtindustrien innan få år

Vekkeli: – God dyrevelferd

Barneboka “Le avventure di Pinocchio” av Carlo Collodi vart gjeven ut i Italia i 1883. Enrico Mazzanti var illustratør, og har teikna denne sirissen. Sirissen formanar Pinocchio om å vere snill gut og ikkje lyge, og set han ofte på plass. Teikninga er frå 1883.

Sirissane er tropiske dyr. Ikkje berre må temperaturen vere so høg som 30 grader inne på oppdrettsanlegget, det må også vere mykje væte i lufta.

Dei oppheld seg i forskjellige «båsar» inne på fabrikken, med mange insekt i kvar bås. Desse einingane er kassar  stabla oppå kvarandre frå golvet og opp til taket.

Vekkeli trur sirissane har det godt på fabrikken.

– Dei har det lettare på insektfarm enn i naturen.

Han fortel at 99% av sirissane ville døydd før ein månad ute i det fri. Dei er svært populær føde blant rovdyr.

– På fabrikken lever dei alle minimum ein månad, og har vatn, mat og god plass. Dei står ikkje mykje i ro, men går rundt i boksen sin, seier Vekkeli.

– Korleis vert dei til sist tekne livet av?

– Dei vert frosne ned. Insekt er kaldblodige og kjem i dvalemodus og ventar på varmare tider når dei er i kulde. Denne gongen vert dei i staden frosne heilt ned og den neste varme dagen kjem ikkje.

Les også: No kan laksen smake gris

Somme får leve to veker ekstra

I tropiske land høyrer ein larmen av sirissar som spelar gjennom nattetimane. Også i det tropiske klimaet inne på fabrikken i Strömfors spelar sirissane.

KONFLIKT: Det er ein konflikt mellom Pinocchio og sirissen i den opphavlege forteljinga, for sirissen skal alltid formane dukkeguten om å te seg plettfritt. Pinocchio vert til sist lei og slår sirissen i hel med ein hamar. Teikning frå 1902-utgjevinga av Pinocchio. Illustrasjonane var ved Chiostri & Bongini.

Men dei sirissane som vert slakta før paringstida lagar mest ikkje ein lyd. Om lag ein tjuandedel av dei vert derimot valde ut til å leve to veker meir. No er hannane i paringstida, og spelar med dei tjukke framvengjene sine. Nye, fræva egg vert etter kvart lagde av hosirissane, og nye generasjonar kjem til.

Sjølv om det berre er om lag fem prosent so mange insekt på fabrikken i paringstida, er det altså no det vert øyredøyvande.

– Lyden er veldig høg. Han er so sterk at me er nøydde til å ha høyrslevern når me går inne på fabrikken i paringstida, seier Vekkeli.

 Vert ikkje lyden for høg sjølv for dei, når all spelinga skjer på ein fabrikk og ikkje ute i det fri?

– Det er vanskeleg å seie korleis sirissane kjenner det. Lyden påverkar ikkje forplantingsevna deira og har ikkje negativ effekt på den fysiske helsa deira, seier Vekkeli.

Les også: Algar kan løysa verdsproblem

Berekraftig

Sirissane kan til og med leve på gras, men då veks dei sakte. Får dei mat som er rik på energi, som til dømes potet eller gulrot, veks dei snøggare.

GRYLLUS BIMACULATUS er artsnamnet som desse tre sirissane har på latin. Dei representerer den eine av to sirisstypar på fabrikken i Strömfors. Den andre typen heiter Acheta Domesticus. Båe finst naturleg i  Europa og Asia. Foto: Nordic Insect Economy

Under den snautt månads lange livssyklusen som sirissane lever før slakt, omdanar dei fôret dei et nokså effektivt til insektkjøt. Sirissane vert omtrent like proteinrike som kjukling, og er sunne å ete.

Men når det gjeld eksakt kor energieffektive dei er til å omdane plantekosten til kjøt (insektkjøt), spørst det mykje kva for fôr dei får.

– Jamt over er dei likevel betre enn både fisk og kjukling når det kjem til kor effektive dei er til å omdane energi. Ein annan fordel med sirissane er at dei er svært allsidige i kosten, seier Vekkeli.

Endå ein fordel med sirissane som Vekkeli trekkjer fram, er at ein et heile insektet etter slakt, det er ingenting som skal sorterast ut.

Les også: Blir truga og slått for å snakka svensk

ACHETA DOMESTICUS/HUSSIRISS: To vaksne sirissar i fangenskap. Dei forsyner seg av ein gulrotbit. Den fremste støttar seg på ein eplebit med det venstre bakbeinet. Dette er den andre sirisstypen av to typar som dei alar opp for menneskemat på insektfabrikken i Strömfors, Finland. Acheta Domesticus kan førekome naturleg i Noreg, hjå folk. Dei gjer ikkje skade. Foto: Sean Wallace, CC BY-SA 3.0

– Et du ein del insekt i kosten sjølv?

– Ja, av mange grunnar. Ein grunn er at eg ynskjer å vere med på å hjelpe matverksemder i å utvikle insektbasert mat. Eg freistar å ete alt eg kjem over av insekt når eg reiser i Asia. Eg har smaka på omlag femti ulike matrettar med insekt, med omlag 25 ulike insektartar, seier Vekkeli.

Steikte sirissar på ein marknadsplass i Kambodsja. «Sirisser er gode å spise» står det under fotoet på norsk Wikipedia. Desse sirissane er hussirissar. Foto: Thomas Schoch, CC-BY-SA

Han likar dei fleste rettane. Det er berre nokre få av insekta han har ete som han ikkje har likt godt. Blant dei er nokre fem centimeter lange flugelarvar, som han dessutan åt råe.

– Eg føretrekk insekt når dei er kokte eller steikte, seier Vekkeli.

Les også: Lagar plastikk av bananskal

Les også: Michelin satsar på plantedekk