Tre av ti vil ete mindre raudt kjøtt
Redusert forbruk av raudt kjøtt er spådd å bli ein av dei største mattrendane i år. Likevel svarar berre 29 prosent i Noreg at dei har planar om kjøttkutt.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sentio Research Noreg har gjennomført ei undersøking på oppdrag frå Nationen og stilt spørsmålet: «Verdshelseorganisasjonen åtvarar mot å ete for mykje raudt kjøtt. Planlegg du å redusere inntaket av raudt kjøtt i 2019?».
Blant det representative utvalet svarar heile 67 prosent at dei ikkje har planar om å ete mindre raudt kjøtt, endå så trendy det har vorte. 29 prosent seier dei har kuttplanar.
Menn på landsbygda er dei som i minst grad har planar om å kutte ned på kjøttetinga, mens kvinner i Oslo ligg i andre enden av skalaen.
Les også: Studie viser at kutt i kjøt og mjølk minskar miljøavtrykket
Klimavenleg og solidarisk
Seniorforskar Egil Petter Stræte ved Ruralis slår fast at det uansett er supertrendy å redusere kjøttinntaket og påpeikar at folk i byane oftare heng med på trendar. I tillegg til at det lenge har vore påpeika at det er bra for helsa, blir det no framheva to nye poeng.
– Den nyaste trenden handlar om at ein reduksjon i forbruk av raudt kjøtt er bra med tanke på klimagassutsleppa og dermed positivt med tanke på klimaendringane, seier Stræte.
– Det tredje er i eit globalt utjamningsperspektiv, som handlar om fordelinga av gode i verda, at forbrukarane vil redusere kjøttforbruket i solidaritet med andre land, seier han.
Les også: Kvifor et folk meir kjøt enn nokon gong i Vietnam?