Rekordmange målungdomar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inkluderer me dei som var over 26 år, er talet 1504 betalande medlemer.

Dette er det høgaste totale medlemstalet på ti år, og det har ikkje vore fleire medlemer under 26 sidan 2005.

Leiar i Norsk Målungdom Fredrik Hope jublar over det høge medlemstalet.

– Eit godt medlemstal gjev ikkje i seg sjølv politisk gjennomslag, men gjer at me har eit historisk godt grunnlag for å vinne nye sigrar for nynorsken, dialektane og språkmangfaldet i 2018, seier Hope i ei pressemelding.

Jobbar for ekstra lokallag

I to år har Norsk Målungdom hatt ein ekstra lønna tilsett til å jobbe med lokallaga, eit prosjekt som har vore halvfinansiert av Noregs Mållag

– Det var eit heilt naudsynt prosjekt for å fylgje opp lokallaga på vidaregåande skular, og med det dei yngste medlemene. Prosjektet har gjeve resultat dei siste to åra, både i form av auka medlemstal og fleire aktive lokallag, fortel Hope.

– Fleire lokallag gjer at fleire unge nynorskbrukarar og nynorskvener engasjerer seg. Dette aukar den folkelege legitimiteten og støtta til nynorsken. Dessutan er det sosiale miljøet i  lokallaga våre ei viktig støtte for ungdom som brukar nynorsk i område der bokmål er på frammarsj, som Romsdal, Hallingdal og Gudbrandsdalen, seier Hope.

Nynorsk engasjerer

Det har i 2017 vore få større politiske kampsaker i tilknytting til nynorsken. Året har vore prega av at det har vore valår, dimed har partipolitikken fått mykje merksemd.

– At me i eit år som dette skulle klare å få eit so høgt medlemstal som me har fått, var uventa og gledeleg. I totale tal er me større enn det femte største ungdomspartiet. Dette syner at nynorsk og språkmangfald var noko som engasjerte ungdomen i året som gjekk, forklarar målungdomsleiaren.

Fakta

Norsk Målungdom hadde i alt 1504 betalande medlemar i 2017, 1175 av disse var under 26 år og i kategorien teljande medlemar i ein ungdomsorganisasjon. Til samanlikning hadde organisasjonen 1063 teljande medlemar og 1484 medlemer totalt i 2016. Det utgjer ein vekst på 112 medlemer under 26 år og 20 medlemer totalt.