Statsråd krev grønare studentbustader
Kor miljøvennlege nye studentbustader er bør vera eit kriterium når det skal avgjerast kva studentbustadprosjekt som får støtte, meiner forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg meiner universitet, høgskular og institutt skal vera i front når det gjeld å kutta klimagassutslepp i eiga verksemd. Dette gjeld også studentbustader, seier Nybø i ei pressemelding.
Kor mykje kan du om klima og klimagassutslepp? Ta quizen.
Klimakrav til tilskot
Etter å ha gått gjennom ein fersk rapport om forvaltninga av tilskot til studentbustadbygging, føreslår ho at det bør leggjast meir vekt på klimakrav når tilskota skal fordelast. Ho varslar at dette kravet kjem til å bli lagt ved når den ferske rapporten skal ut på høyring.
– Eg kjem til å senda eit ekstra forslag med på den høyringa: at klimaavtrykket skal leggjast vekt på som eit kriterium når det skal vedtakast kva prosjekt som skal få tilskot, seier Nybø.
Rapporten som blir sendt ut på høyring i slutten av januar inneheld også ein ny modell for tilskot til studentbustadbygging og fleire andre tiltak for å betra den økonomiske situasjonen for studentbustadbygging og forvaltning. Han inneheld også forslag til korleis ein skal få opp tempoet på bygginga av studentbustader.
Les også: Ungdommar i Hardanger er redde for rasfare på skulevegen