Kva meiner partia om olje?

Kva parti har sett sluttdato for norsk oljeutvinning? Og kven vil halde fram med ny oljeleiting? Få oversikta her:

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

For mange handlar årets val om klima og miljø på den eine sida – og olje og arbeidsplassar på den andre. Samstundes har det kome kritikk av at dette eigentleg ikkje har vore noko «klimaval».

Her får du oversikta over kva partia meiner om olje- og gassutvinning, og om dei vil halde fram å leite etter meir olje og gass eller stoppe.

Kort oppsummert er MDG det einaste partiet som har sett ein konkret sluttdato i programmet sitt og lagt ein plan for utfasing. Når det gjeld å stanse leiteboring og utvidingar av eksisterande felt, er det større usemje på Stortinget. Under kan du sjå kva partia seier – og gjer i praksis.

MDG:

Partiprogrammet: Dei store utsleppa frå industri, olje og gass skal stoppast. 

Konkret politikk:

  • Vil at Stortinget skal innføre eit mål om at norsk olje og gass skal avviklast innan 2040.
  • Har laga ein nedtrappingsplan for korleis det skal skje i praksis der dei vil kutte i dei mest utsleppsintensive felta først.
  • Vil stanse all ny oljeleiting med det same.
  • Vil stoppe alle planar om å sende kraft frå land til olje- og gassinstallasjonar.
  • Seier nei til alle investeringar på eksisterande olje- og gassfelt som aukar eller forlenger produksjonen.

Sluttdato: Ja, i 2040

MDG er det einaste partiet med både sluttdato og plan for nedtrappinga. Planen kan koste staten nesten 2000 milliardar i tapte inntekter dei neste 25 åra.

Kjelder: DN, MDG: Nedtrappingsplan, MDG sitt partiprogram

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva

Sosialistisk Venstreparti (SV):

SV.no: Noreg har eit historisk ansvar for å både kutte utslepp i Noreg, og bidra til utsleppskutt internasjonalt. Eitt av dei viktigaste grepa er å slutte å leite etter meir ny olje- og gass.

Konkret politikk:

  • Fase ut norsk olje- og gassverksemd gjennom å utarbeide ein strategi for sluttfasen til norsk olje og gass.
  • Stanse leiteverksemd, ikkje opne for nye petroleumsløyve.
  • Begynne å fase ut dei mest forureinande og minst lønsame oljefelta.
  • Prisen for CO₂-utslepp i olje- og gassverksemda bør aukast kraftig fram mot 2030.
  • Vil fjerne økonomiske insentiv til olje- og gassleiting.

Sluttdato: Nei

SV fekk i 2022 Arbeidarpartiet og Sp med på å stoppe utlysing av 26. konsesjonsrunde og leiting i nye område fram til 2026. 

Kjelder: SV sitt partiprogram, SV.no, nrk.no

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva

Venstre:

Partiprogrammet: Me må slutte å leite etter meir olje og gass.

Konkret politikk:

  • Slutte å leite etter meir olje og gass
  • Ikkje tildele nye lisensar på norsk sokkel
  • Ikkje tillate bygging av ny infrastruktur som bind oss til utslepp mot og forbi 2050
  • Utvikle ein plan for sluttfasen av norsk petroleumsindustri.
  • Omstillinga vil skje gradvis ettersom eksisterande olje- og gassfelt vil medføre produksjon på norsk sokkel i lang tid. Noreg må vere ein internasjonal pådrivar for å verne arktiske område mot petroleumsaktivitet.

Sluttdato: Nei

Kjelde: Venstre sitt partiprogram

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva

Raudt:

Partiprogrammet: Det var staten som bygde opp det norske oljeeventyret, og det bør vere staten som tar ansvaret for å trappe det ned på ein sosialt rettferdig måte.

Konkret politikk:

  • Nedtrappinga av olje- og gassnæringa skal skje planmessig og demokratisk styrt for å hindre tap av arbeidsplassar.
  • Ingen nye leiteløyve må innvilgast på norsk sokkel.
  • Vil berre at igangsette og vedtekne utbyggingar skal bli gjennomført. Alle andre uoppdaga ressursar, funn og funn i felt skal bli verande urørte.
  • Varig vern og petroleumsfrie område utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, Mørebankene, Skagerrak, havområda rundt Jan Mayen og polarfronten. Stanse petroleumsaktiviteten ved Trænarevet.
  • Ikkje elektrifisering av sokkelen.
  • At Noreg skal jobbe for ei internasjonal avtale mellom olje- og gassproduserande land for felles kutt i produksjon og sal av petroleum.
  • Meiner alle offshore petroleumsinstallasjonar skal vere karbonnøytrale innan 2035.

Sluttdato: Nei

I 2021 fjerna Raudt sitt landsmøte sluttdato for norsk oljeproduksjon i partiprogrammet, og peikte på at dette ville gjere det vanskelegare for dei andre partia å avvise Raudt sitt krav om ein radikalt ny klimapolitikk og ein ny industripolitikk.

Kjelde: Raudt sitt partiprogram, og Rødt.no, nrk.no, rødt.no.

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva

Arbeidarpartiet (Ap)

Partiprogrammet: Vil utvikle, ikkje avvikle aktiviteten på norsk sokkel.

Konkret politikk:

  • Halde fram med produksjon der det allereie er aktivitet.
  • Sikre tilgang til leiting i kjende område (TFO).
  • Stille krav til næringa slik at dei reduserer utsleppa i tråd med norske klimaforpliktingar.
  • Elektrifisere offshore-installasjonar med hjelp av havvind for å kutte klimagassutslepp
  • Legge føre-var-prinsippet og best tilgjengeleg kunnskap til grunn i tildeling av nye konsesjonar og ikkje opne for petroleumsverksemd i Skagerrak og på Mørefeltet, Iverryggen, Trænarevet eller ved Jan Mayen i denne stortingsperioden.
  • Sikre kutt i norsk sokkel med 50 prosent innan 2030 og til netto null i 2050 (målt mot 2005).
  • Dølge opp stresstesting av klimarisiko i petroleumsselskapa sine nye prosjekt.

I programmet sitt seier Ap nei til ein 26. konsesjonsrunde, men etter at Høgre, Frp og Sp sikra fleirtal, starta partiet likevel prosessen hausten 2025.

Regjeringa med Ap og Sp gav i 2023 grønt lys til 19 nye oljeprosjekt, og delte ut 53 nye leitelisensar i januar 2025. Dei foreslo òg å opne 76 nye blokker.

Samtidig har AUF gått inn for full utfasing av olje innan 2035, og Trondheim Ap for utfasing innan 2050.

Sluttdato: Nei

Men: AUF har gått inn for styrt avvikling av oljeindustrien innan 2035, og Trondheim Ap for utfasing innan 2050.

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva

Høgre:

Ove Bernt Trellevik, petroleumspolitisk talsperson: – Det hastar for Noreg å leite etter meir olje og gass.

Konkret politikk:

  • Ei framtidsretta oljenæring og ein aktiv leitepolitikk.
  • Leite etter meir olje og gass i nye område (med 26. konsesjonsrunde)
  • Bruke kompetansen frå næringa til å utvikle teknologi og innovasjonar som reduserer utsleppa og skapar grøne arbeidsplassar.
  • Konsekvensutgreie høva for olje- og gassutvinning i LoVeSe

Sluttdato: Nei

Kjelder: Høyre.no, høyre.no

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva

Framstegspartiet (Frp)

Sylvi Listhaug: – Frp vil sjå oljenæringa i eit 100-års perspektiv: Noreg bør vere det siste landet i verda som stansar produksjonen.

Konkret politikk:

  • Utvinne meir olje- og gass i både nye og eksisterande felt.
  • Leite meir etter nye felt.
  • Vil leite etter nye felt og også konsekvensutgreie LoVeSe for opning av olje- og gassproduksjon.
  • Nei til alle nye elektrifiseringsprosjekt med kraft frå land som klimatiltak.
  • Auke dei statlege midlane til forsking og kartlegging av ressursane på norsk sokkel.
  • Kutte utsleppsmålet til 40 prosent innan 2030, mot 55 prosent som er målet til stortingsfleirtalet.
  • Ta ned utsleppsmålet for norsk sokkel (i dag er det 50 prosent innan 2030).
  • Auke eksport frå norsk sokkel.
  • Vurdere behovet for bygging av nye gasskraftverk for å styrke kraftproduksjonen og kraftberedskapen på fastlandet, offshore og på Svalbard.

Kjelder: VG.no, frp.no, FrP sitt partiprogram

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva

KrF

Partiprogrammet: KrF vil leggja til grunn at Paris-avtalen og lov om klimamål, og dessutan omsyna til klimarisikoen for norsk økonomi og europeisk energitryggleik, set rammene for 48 vidareutviklinga av petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Konkret politikk:

  • Stanse leiting etter olje og gass i nye område: Framtidige lisenstildelingar må avgrensast til utvidingar eller forlenging av allereie eksisterande produksjon i modne område.
  • Varig vern mot oljeleiting og petroleumsaktivitet i område som Barentshavet, Lofoten og Skagerak.
  • At kunnskapen frå oljeindustrien blir nytta til innovasjon og utvikling innanfor det grøne skiftet, og meir forsking for å finne meir klimavennleg teknologi for offshore energiproduksjon.
  • Krav til at alle oljeplattformer har nullutslepp gjennom karbonfangst og lagring CCS eller kraft frå eigen kraftproduksjon.
  • Nei til bruk av kraft frå land til elektrifisering av sokkelen.

Sluttdato: Nei

Kjelder: KrF sitt partiprogram,

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva

Senterpartiet:

Partiprogrammet: Senterpartiet ynskjer å utvikle, ikkje avvikle norsk petroleumssektor.

Konkret politikk:

  • Leite etter nye felt for olje- og gass.
  • Ikkje opne for olje- og gassverksemd på Møreblokkene, i LoVeSe eller i nærleiken av iskantsona i Arktis.
  • I område som er særleg verdifulle for fiskerinæringa, som ligg nært land eller har stor risiko for ulykker, skal det ikkje vere petroleumsverksemd.
  • Utsleppa frå produksjonen må reduserast kraftig, for å vere konkurransefortrinn for norsk olje- og gassproduksjon.
  • Styre tildeling av nye areal til petroleumsutvinning slik at omsynet til miljø, klima og berekraftige næringar veg tungt.
  • Arbeide for auka utnyttingsgrad av allereie opna oljefelt.
  • Ikkje bruke landkraft for å dekke kraftbehov ved elektrifisering av olje- og gassinstallasjonar, meiner energien må produserast på sokkelen og det skal sendast minst like mykje straum tilbake til land som det vert henta ut frå land.
  • Alternativ til elektrifisering er karbonfangst- og lagring på sokkelen.

Sp fekk fleirtal saman med Høgre og Frp for 26. konsesjonsrunde, Ap/Sp-regjeringa gav i 2023 grønt lys til 19 nye oljeprosjekt og delte ut 53 nye leitelisensar i januar 2025.

Sluttdato: Nei

Kjelder: Sp sitt partiprogram, DN.no, nrk.no, vg.no

Illustrasjonsfoto: Framtida.no /Bakgrunnsbilete: MikeMareen/Getty Images/Canva