Forsvarar kjønnsstudium: – Med framveksten av Andrew Tate og anti-woke er det viktig å stå opp for mangfald

Høgre-topp Peter Frølich kalla kjønnsstudium for eit «tullestudium» i valkampen. Men i ein stadig meir polariserande kjønnsdebatt er kompetanse om mangfald særleg viktig, meiner kjønnsstudentane Nora, Vilde og Signe.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Det å forstå historia og samtida til samfunnet vi lever i, er verdifull kunnskap. Vi må forstå menneska som lever i samfunnet vårt.

Det seier Nora Omland Skog (23), som går første året på ein bachelorgrad i kjønn, seksualitet og mangfald på Universitetet i Bergen.

– Vi lever i eit mangfaldig samfunn som berre blir meir og meir mangfaldig. Det er fleirkulturelt, vi har meir openheit om seksualitet, og ei djupare forståing om mann, kvinne og ulike former for kjønn, understrekar Skog.

I kjølvatnet av NRK-debatten om likestilling meiner Skog og medstudentane hennar Vilde Taule Haugstad (21) og Signe Kristiansen Ramberg (22) at det er viktig å kunne sjå problemstillingar i ein historisk og sosial kontekst for å reflektere rundt konsekvensane av til dømes lovendringar, haldningar og uttaler.

Tullestudium

I sommar gjekk Høgre-topp Peter Christian Frølich ut på Facebook og Linkedin og kritiserte pengebruken på det han kalla «tullestudium».

«Absolutt alle vet at vi trenger én ting fremover: Arbeidstakere med relevant utdanning. Likevel brukes enorme summer på studier det er vanskelig å se noen særlig samfunnsmessig verdi av,» skreiv han, og lista opp:

  • Sosial berekraft
  • Kjønn, seksualitet og mangfald
  • Berekraft og kultur
  • Interkulturelle relasjonar

Dei tre studentane er no godt i gang med haustsemesteret. Dei er lite imponert over debatten Frølich sette i gang om, mellom anna, deira eige studium.

– Det er viktig å kunne kritisere både offentlege og private institusjonar. Men kritikken må ha djupne og vere tydeleg. Det synest vi er det største problemet med dette innlegget: Vi ser korkje tydelegheit eller djupne i det, seier Skog.

– Eg synest i stor grad det verkar som om han går inn i kulturkrigen for å få merksemd i sosiale medium og fiske etter unge veljarar, seier Ramberg.

Skog legg til at utspelet er med på å legitimere fordommar mot studiet deira, som studentane allereie møter på i kvardagen.

Nora Omland Skog. | Foto: Privat

– Du finn kjønnsperspektiv over alt i alle fagfelt, og det er skremmande å bagatellisere den kunnskapen, meiner Haugstad.

Forstår trendane

Kjønnsstudentane understrekar at perspektiva dei får med seg på studiet, som inneber ulike teoriar frå mellom anna sosiologi, filosofi, historie og sosialantropologi, er viktige for å forstå notida.

Dei merkar seg korleis fleire av dagens influensarar og politikarar snakkar om «tradisjonelle verdiar», og dei ser det i samanheng med både framveksten av høgreekstremisme og trendar som «tradwife».

– Vi ser framvekst av folk som Andrew Tate. Vi kan sjå desse trendane og forstå dei litt. I ei tid med anti-woke, ei normalisering av hatefulle ytringar og kamp mot inkludering og mangfald, så er det viktig at vi tar kampen og står opp for dei som er marginaliserte i samfunnet, seier Ramberg.

Ho meiner dagens debattkultur har spora av og vorte amerikanisert.

– Det er ein skummel veg å gå. Det er viktig at vi kjem tilbake til ein norsk debattkultur med stor openheit og forståing for ulike meiningar, der vi får til å snakke saman og finne ut noko i lag. Debatt handlar jo om å blande idear og tankar, seier ho.

Signe Kristiansen Ramberg. | Foto: Privat

Etterlyser mangfald

Skog, Haugstad og Ramberg meiner den nylege NRK-debatten om likestilling viser korleis mange kan misforstå kva likestilling er, og kva føremålet er. Dei meiner også at debatten vart polarisert og snever, og sakna eit større meiningsmangfald, mellom anna frå andre yngre kvinner.

– Vi forstår ønsket om betre tilrettelegging for at forsørgarar kan bli heimeverande og ta seg av born og husstand. Men realiteten er at det ikkje lenger berre er menn som er hovudforsørgarar eller berre kvinner som tar seg av husstand og born. Morsrolla er ikkje nødvendigvis den einaste og viktigaste oppgåva til kvinna lenger, og det er ikkje alltid mor som er best eigna til å oppdra bornet, skriv dei i ein e-post til Framtida.

Dei understrekar at barnefamiliar heller ikkje alltid består av mor og far, og dessutan at det meste som vert oppfatta som kvinnelege eller mannlege roller ikkje er biologisk vilkårsbunde.

– Dette er menneskeskapte normer bygd på kulturelle forventingar til kva mann og kvinne skal vere. Desse normene vert endra over tid og varierer frå kultur til kultur, skriv dei.

Studentane viser til at kvotering og kjønnsdelt foreldrepermisjon flyttar ansvaret for likestilling vekk frå kvar einskild kvinne og over på staten. Ei normskapande lov som «pappaperm» gjer det enklare for arbeidsgivarar å ikkje diskriminere på bakgrunn av kjønn.

– Det er eit stort steg tilbake å seie at kvinner må vere sterke for å kjempe fram dei sakene for seg sjølve, når kvinner i så mange år har kjempa for at kampen skal ut av stova og ikkje lenger henge over arbeidsgivaren, skriv dei.

Opnar dører

Dei tre studentane fortel alle at dei byrja på kjønnsstudiet på bakgrunn av interessene sine. Dei såg moglegheita for å få eit akademisk apparat for å forstå og skildre problematikken dei merka i samfunnet.

Dei merkar allereie at kompetansen dei tileignar seg, er ettertrakta.

– Eg veit ikkje spesifikt kva eg vil jobbe med, men eg synest kjønnsstudium opnar mange dører for meg, seier Haugstad.

Ho har praksisplass i Samarbeidsrådet for tros- og livssamfunn i Bergen.

Studentane fortel at studiet har fleire praksisemne der studentane får teste ulike praksisplassar som treng kompetanse og kunnskap om mangfald.

– Det gjer at det er lettare å velje kva vi vil gjere vidare, vite kva ein trivst med og synest er meir utfordrande, seier Haugstad.

Ramberg vil ta ein mastergrad i global utvikling etter bachelorgraden, og seier at kjønn er eit veldig viktig perspektiv å ha med seg inn i dei vidare studia. Deretter ser ho for seg at ho kan tenke seg å jobbe med noko internasjonalt, eller til dømes med planarbeid hos Statsforvaltaren.

Vilde Taule Haugstad | Foto: Privat

– Eg opplever at det er mange moglegheiter, seier ho.

Skog vil bruke studieåra på å finne ut av kva ho vil nytte studiet til.

– Men eg trur eg vil bruke nøkkelomgrep som kjønn, seksualitet og mangfald uansett kva jobben min blir. Eg studerer med folk som veit at dei vil jobbe med mellom anna sosialt arbeid, journalistikk og statsvitskap, seier ho.

– Gjer det attraktivt

Men har Frølich eit poeng, om ein ser vekk frå sleivsparket mot «tullestudia?» NRK rapporterte i vår om studentar med høgare utdanning som slit med å få seg jobb. Samstundes skrik både skulane og helsetenesta etter fleire lærarar og sjukepleiarar. Frølich trekker fram helse-, ingeniør-, IT-, jurist- og lærarutdanningar som viktige satsingsområde.

Dei tre studentane kan vedgå at det går an å skimte eit poeng i innlegget hans, men meiner han formidlar det dårleg når han vel å trekke ned andre studium.

Skog meiner det er ei ansvarsfråskriving å gi studentane eit personleg ansvar for å velje yrka som staten treng, utan å gjere dei meir attraktive.

– Vi har enormt mange som er utdanna sjukepleiarar i Noreg, som ikkje jobbar som sjukepleiarar, fordi belastinga på ulike måtar blir for stor. Det er staten sitt ansvar å fikse det, ikkje einskildmenneske. Frølich burde heller snu i døra og gå inn på kontoret sitt for å finne ut korleis vi kan gjere alle desse yrka som vi verkeleg treng, meir attraktive, seier ho.

– Om ein skal sette opp ein målestokk over kva som er samfunnsnyttig, og samanlikne alt med sjukepleiarar og lærarar, som kjem alle andre til kort. Det er umogleg, seier Skog.

Haugstad legg til at mange av yrka Frølich trekker fram, er kvinnedominerte yrke i offentleg sektor som har vore nedprioriterte i mange år.

– Dette er eit perspektiv vi lærer om på studiet. Viss Frølich hadde hatt med seg denne kunnskapen, så hadde han kanskje møtt denne problemstillinga på ein annan måte, og brukt andre metodar for å trekke fram dei studia han meiner har større samfunnsmessig verdi, seier ho.