Ungdommar i Hardanger er redde for rasfare på skulevegen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Benedikte Seim (16) frå Kinsarvik pendlar til vidaregåande i Odda kvar dag. Skulevegen er utsett for ras i periodar med mykje nedbør.

– Eg prøver å ikkje tenkje så mykje på det. Men eg har det i bakhovudet, er det verdt det å reise til skulen når det er ekstra stor risiko? undrar Seim i blant.

Bussen måtte snu

Eine dagen ho skulle reise heim for ei tid sidan var ikkje så kjekk. Då måtte bussen snu fordi det ikkje var trygt å halde fram på vegen grunna rasfare.

Det var ikkje trygt å køyra der så bussen måtte snu.

– Det var ganske mange på bussen og det vart ulike reaksjonar. Nokon vart veldig lei seg. Eg tenkte, søren korleis skal me gjera det no? Me reiste attende til busstasjonen i Odda og måtte vente der på meir informasjon. Bussjåførane prøvde å organisere noko, seier Seim.

Nokre dagar er det sett opp båt mellom Odda og Tyssedal, men det vart ikkje gjort denne dagen.

– Me venta ein halvtime og så tok me buss til Utne. Så måtte me vente der fordi ferja ikkje kunne vente på oss. Eg var heime klokka 19 på kvelden. Eg var ferdig på skulen klokka 15, fortel Seim.

Les også: Vervarsel for dei neste 80 åra: Meir ekstremnedbør

Søv over hjå vener

Normalt tek denne bussturen kring 45-50 minuttar.

– Det er jo ikkje haldbart, meiner ho.

Av og til har ho sove over hjå vener i Odda, fordi ho har tenkt på rasfara.

– Eg har valt nokre gonger å sove over hjå vener og droppa og tatt den vegen, eg har ikkje synst det er nødvendig. Det er ikkje verd det, meiner ho.

Det er ras som går der kvart år på denne tida, fortel ho. Ho håper det vert gjort noko med det.

Kjenner på det same

Elin Sneeggen (15) frå Nå i Hardanger er med i ungdomsrådet i Ullensvang. Sjølv om ho kjem få vestsida av Hardangerfjorden er ho godt kjend med rasfara i deler av Hardanger. Det har òg kome ras på den sida.

– Ja, på hausten og vinteren og andre tider av året, der det er fare for ras – vert ein engsteleg. For ein veit jo aldri om ein kjem seg på skulen, eller om ein kjem seg heim att, seier Sneeggen.

Les også: Tørka som ramma Norge – kan vi vente oss fleire slike somrar?

Øyvind Bjørkevoll er rektor på Odda vidaregåande skule. Foto: Hordaland.no

Viser forståing

– Som rektor ved ein vidaregåande skule er det klart eg ikkje likar at elevane mine, og familiane deira, i periodar kjenner seg utrygge på skulevegane. Vi har erfaring med at dette gjer seg gjeldande i periodar med mykje nedbør. Det har eg og våre tilsette stor forståing for, skriv Øyvind Bjørkevoll, rektor ved Odda vidaregåande skule i ein e-post til Framtida.no.

I ein periode med ekstra rasfare i desember 2017 bestemte rektoren å stengja skulen.

Les også: Natur og Ungdom: – Regjeringsforhandlingane må lytte til ungdomspartia

Fakta: Lokal klimarisiko

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!