Natur og Ungdom: Regjeringsforhandlingane må lytte til ungdomspartia

Landsmøtet til miljøorganisasjonen krev at klimakampen vert trappa opp.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Foreldregenerasjonen vår har kasta bort tida. Det er ikkje sant at klimaendringane rammar framtidige generasjonar, dei rammar oss som lever her og nå. Me har ikkje lenger tid til å vente på politikarane!

Det sa nyleg attvald leiar, Gaute Eiterjord, då han opna landsmøtet til Natur og Ungdom på laurdag.

I ei pressemelding frå landsmøtet krev organisasjonen no sterkare lut i kampen mot klimaendringane og tapet av norsk natur.

Les også: Vêrvarsel for dei neste 80 åra: Meir ekstremnedbør

Kampen mot olje held fram

Foto: Natur og Ungdom

Miljøorganisasjonen vedtok at dei viktigaste sakene for 2019 vert: kampen mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja; å stoppe oljeboring i Barentshavet; å hindre gruvedumping i Repparfjorden og Førdefjorden; og å stanse planane om ei tredje rullebane på Gardermoen.

Natur og Ungdom håpar også å få med Arbeiderpartiet i kampen for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, og oppmodar partileiaren til å bli med på laget:

– Når Nordland Arbeiderparti, som har vore den ivrigaste forkjemparen for olje, gravlegg stridsøksa er det eit tydelig signal. Jonas Gahr Støre, du må lytte til grasrota i ditt eige parti: Det er eit soleklart fleirtal som vil ha eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja! seier Eiterjord.

Les også: AUF vil ha styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035

Må lytte til ungdomspartia

Landsmøtet til Natur og Ungdom vedtok også krav til dei pågåande regjeringsforhandlingane som no føregår mellom Høgre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Dei viktigaste av desse er:

  • Stopp dumping av gruveavfall i norske fjordar
  • Start avviklinga av norsk oljenæring og skap 100 000 klimajobbar
  • Stopp veksten i flytrafikken – Ingen nye rullebanar
  • Ingen vekst i den forureinande oppdrettsnæringa
  • Kutt norske klimagassutslepp med minst 60 prosent innan 2030

Eiterjord slår samstundes fast i ei pressemelding at organisasjonen forventar at partia som no set ved forhandlingsbordet lyttar til krava frå Unge Venstre og KrFU. I midten av november sa leiar i Unge Venstre Sondre Hansmark og KrFU-leiar Martine Tønnesen til Dagbladet at dei krev full olje-stopp i ein ny regjeringsplattform.

– Det kan ikkje delast ut nokre nye oljelisensar, og gruvedumpinga i Førdefjorden og Repparfjord må stansast, seier Eiterjord.

Les også: Spire-leiaren er lei av at ungdomen vert ignorert i klimakampen