AUF vil ha styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsmøtet i helga gjekk AUF inn for ei styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035.

– Norsk olje og gass prøvar å framstille det som at norsk olje og gass er så rein at den er ein del av løysinga, ikkje problemet. Det er heilt feil, og det skal vi i AUF fortsetje å seie ifrå om, seier Ina Rangønes Libak i ei pressemelding.

Den nye nyvalde AUF-leiaren meiner det handlar om internasjonal solidaritet.

– Vi i Noreg som har tent oss styrtrike på olje, som har dei beste føresetnadar for å omstille oss, skal ikkje pumpe opp den siste tredelen. Korleis skal vi kunne kome i klimaforhandlingar med verdas fattigaste land og krevje at dei skal kutte når vi ikkje gjer det sjølv? spør Libak.

Les også: Framleis låg interesse for oljestudium

Natur og Ungdom jublar

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom jublar over vedtaket frå Noregs største ungdomsparti.

Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Andreas Randøy, håpar fleire ungdomsparti vil presse moderpartia til ein meir klimavenleg politikk. Foto: NU

Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Andreas Randøy, peikar på at olje og gass er Noregs desidert største kjelde til klimagassutslepp.

– Det er snakk om 10 gongar meir enn alle andre utslepp til saman. At AUF tør å ta tak i olja er difor å hengje bjella på riktig ku, seier Randøy i ei pressemelding

Ifølgje ein rapport frå Oil Change International eksporterer Noreg årleg 500 millionar tonn CO2 frå olje- og gassindustrien.

Det gjer oss til verdas sjuande største eksportør av klimagassar.

Les også: Ti ekspertar oppfordrar til kutt i norsk oljeeksport

Utfordrar ungdomspartia

Randøy håpar no at fleire ungdomsparti vil følgje etter, og presse moderpartia til ein meir klimavenleg oljepolitikk.

– Å stilla krav til oljenæringa er nærast politisk ukorrekt blant gamle politikarar. Difor er det viktig at ungdom står saman i klimakampen. Det er vi som må tåle konsekvensane av klimaendringane, sjølv om foreldregenerasjonen har skapt situasjonen, avsluttar han.

Les også: NU: Krass kritikk mot 36 mye oljeblokkar i Barentshavet