Ungdom i små kommunar manglar helsestasjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helsestasjon for ungdom (HFU) skal vere eit lågterskeltilbod der ungdommar mellom anna kan stille spørsmål om fysisk og psykisk helse, eller få prevensjonsrettleiing. Tilbodet kan vere eit samarbeid mellom fleire kommunar.

Les også om Hardanger ungdomsråd som er krev lovfesta responstid for ambulanse: – Det står om liv og død

Dårlegare dekning i mindre sentrale strok

Alle kommunane som manglar eit HFU-tilbod har færre enn 10 000 innbyggjarar, og dei minst sentrale kommunane har ein dårlegare dekningsgrad enn dei sentrale. Det er i dei tre nordlegaste fylka og Møre og Romsdal at flest kommunar manglar eit HFU-tilbod.

Moglege forklaringar på korfor det er desse kommunane som manglar tilbodet kan vere at det er vanskelegare å få relevant helsepersonell til små kommunar, og at det er store reiseavstandar.

Tala viser at 96 prosent av norske ungdommar har eit helsestasjonstilbod. Denne kartlegginga er den første som viser kva kommunar som tilbyr ein helsestasjon for ungdom.

Les også: Talet på gutar som oppsøkte helsestasjonen dobla seg da dei opna eigen helsestasjon for gutar