Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To klingon-menn og ei klingon-kvinne i Star Trek. Foto: Paramount

Du har truleg fått med deg anten Star Trek eller Game of Thrones – to enormt populære, fiktive univers.

Star Trek: The Original Series blei sendt på slutten av 1960-talet. Handlinga går føre seg i Mjølkevegen, kring år 2260 i stjerneskipet USS Enterprise. Klingon blir snakka av ein annan art i dette universet. Det er verdas mest utbreidde fiktive språk.

Enkelte Shakespeare-stykke og deler av Bibelen er blitt omsett til Klingon.

Språklæringsplattformen Duolingo har lagt til høgvalyrisk og klingon. Foto: Skjermdump

Høgvalyrisk stammar frå A Song of Ice and Fire – bokserien forfatta av George R.R. Martin. Det er denne TV-serien Game of Thrones bygger på. Lingvisten David J. Peterson har sidan fått i oppdrag å konstruera eit språk basert på bokserien.

Resultatet er eit ganske komplisert språk. Høgvalyrisk har eintal, fleirtal, men også to ytterlegare «numerus». Ikkje berre hankjønn, hokjønn og inkjekjønn, men i alt fire kjønn. Substantiva blir bøygde etter heile åtte kasus.

I den femte boka skildrar Tyrion Lannister dei ni variantane av høgvalyrisk som «dialektar på veg til å bli eigne språk». Foto: HBO

Over 328.000 vil læra høgvalyrisk

Desse to har språkapplikasjonen Duolingo lagt til. Det er nå 328.000 som lærer seg høgvalyrisk, medan 103.000 lærer klingon.

Flytande blir ein likevel ikkje i verken klingon eller høgvalyrisk. Kurset gir deg ikkje meir enn grunnleggande kunnskap om språka. Framleis er det ingen som har høgvalyrisk som morsmål. I klingon er det gjort forsøk på nettopp det, utan stort hell.

For å utvikla eit ordentleg talemål må det sterkare lut til.

Her kan du sjå nokre forsøk på uttale av høgvalyrisk og dothraki – eit anna fiktivt språk frå Game of Thrones-universet.