Oui, oui, monsieur, meir framandspråk, takk!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det å kunne snakke og forstå fleire språk enn ditt eige morsmål og engelsk, er ein enorm fordel, og kan gje oss ei djupare forståing for alle me møter. Likevel, er mange skeptiske til framandspråk.

Kanskje er du ein av dei som tenkjer; engelsk er jo «lingua franca», og då treng eg vel ikkje læra andre språk? Sjølv om det er riktig at engelsk er eit språk som ofte vert brukt, er det ikkje alle i verda som snakkar engelsk. Bør framandspråk difor prioriterast meir i skulen, og verta innført tidlegare?

Det lønner seg med fleire språk

I arbeidslivet lønner det seg i mange tilfelle å kunne snakka andre språk. Viss me i Noreg til dømes ynskjer å selja produkt til Tyskland, vil det vere ein stor fordel om ein beherskar tysk. Det kjem til å gje tyskarane eit heilt anna syn på oss nordmenn, når me strekkjer oss så langt at me lærer oss språket deira. Noreg eksporterer mykje til Tyskland, og det er viktig med eit nært forhold for at me lettare skal kunne komma med våre synspunkt for å til dømes påverke det som skjer i EU og Europa.

Eit anna eksempel er kinesisk, som har blitt eit populært framandspråk i dei seinare åra. Sidan Kina har blitt ein viktig handelspartner, ser ein altså kor viktig det er at nordmenn beherskar kinesisk. Dersom ein ikkje beherskar språk, kan informasjon gå tapt, avtalar bli misforstått og ein kan bli lurt.

Gylden moglegheit

Utvida språkkunnskapar gjev oss moglegheita til å bli kjent med folk over heile kloden. Dersom ein er på ferie og snakkar språket, kan dette også vera med på å betre opphaldet ditt!

For å sitera Mandela: «Dersom du snakkar til ein mann på eit språk han forstår, går det til hovudet hans. Dersom du snakkar til han på hans eige språk, går det til hjartet hans». I Noreg er me veldig opptekne av at våre nye landsmenn, innvandrarane, skal lære seg norsk. Kvifor gjer ikkje me sjølv ein innsats og lærer oss deira språk? Dette er ei gylden moglegheit for oss til å utvikle språkkunnskapane våre, samt få nye vener!

I Noreg er me veldig opptekne av at våre nye landsmenn, innvandrarane, skal lære seg norsk. Kvifor gjer ikkje me sjølv ein innsats og lærer oss deira språk?

Språkleg rikdom

Språklæringa vår kan samanliknast med eit isfjell. Den minste delen av isfjellet, det vil seia den delen som stikk opp frå vatnet, er kompetansen din innanfor eit spesielt språk. Den aller største delen av isfjellet er under vatn, og dette er den grunnleggjande språklege kompetansen som du får ved å læra deg eit nytt språk.

Det er eit faktum at språkleg rikdom fører til betre læring, og jo fleire språk ein kan, jo lettare er det å lære seg nye språk. Trass i dette, var det før i tida mange som trudde at fleirspråklegheit kunne skape språkleg kaos hos barn, men dette har vist seg å ikkje stemme. Fleirspråklege lærer nemleg å tenka abstrakt, og dei forstår at forholdet mellom innhaldet og uttrykket i eit ord er heilt tilfeldig.

Det er eit faktum at språkleg rikdom fører til betre læring, og jo fleire språk ein kan, jo lettare er det å lære seg nye språk.

Start tidlegare!

Ein kan spørja seg; kvifor byrjar me ikkje tidlegare med undervisning i framandspråk? Dersom me hadde byrja å læra framandspråk like tidleg som me lærer engelsk, hadde me vorte mykje flinkare!

Viss elevane hadde lært seg eit andre framandspråk frå første klasse, i staden for å introdusera eit slikt språk på ungdomsskulen, hadde det vore ein enorm fordel. På barneskulen er nemleg elevane ofte meir motiverte enn på ungdomsskulen, og dette kunne me med fordel utnytta betre.

Akademisk fleirspråklegheit!

For å konkludera; framandspråk er noko alle bør streve etter å lære. Eg meiner at det no er på tide å setja større fokus på framandspråk i den norske skulen, men me bør likevel ikkje kutta ut å ha to norske målformer. Kva med å heller legga like mykje vekt på begge delar?

For å gje framtida sine born betre moglegheiter, bør me etter mi meining leggja til rette for at dei kan læra andre språk. Personleg tykkjer eg at ein bør fokusera meir på dette enn det ein gjer no, og eg seier ja takk til meir akademisk fleirspråklegheit! Verda vår er i konstant endring, og me må gjera ein innsats for å henga med i svingane. Denne innsatsen kan me gjera ved å byrja like tidleg med å læra framandspråk som me gjer med nynorsk og bokmål.