Ny maritim utdanning på trappene

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om piloten er lagt til Høgskulen på Vestlandet, er det nye utdanningstilbodet eit samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg, NTNU og UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø. Studiet blir nettbasert med samlingar for studentane fordelt på alle dei fire studiestadane, heiter det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Målet er å rekruttera studentar over heile landet.

Fritak for studiepoeng

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) har stor tru på det nye tilbodet. Foto: Marte Garmann

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) forklarer at dei som søkjer studiet får godskrive delar av det dei har lært på fagskulen, slik at dei oppnår ein bachelorgrad raskare.

I praksis inneber det nye tilbodet at studentane kan få fritak for 60 studiepoeng basert på kunnskapen dei har frå den maritime fagskuleutdanninga. Det betyr at dei kan greia seg med 120 studiepoeng for å ta ei bachelorutdanning i staden for 180 som er det vanlege for ei slik utdanning.

Deltidsstudium

Departementet reknar med at mange av studentane som søkjer seg det nye studietilbodet er i jobb. Det blir difor lagt opp til å ta den nye bachelorgraden som eit deltidsstudium med halvert studieprogram. Kravet er då at studentane må ta 15 studiepoeng per semester i staden for 30 som er normalt for ein vanleg bachelor.

Les også reportasjen om 16-år gamle Ingeborg Tofte Grønseth som hadde null motivasjon for å fullføre ungdomsskulen, men så fekk ho vere med snøggbåten Tranen.

– Etterspurt og framtidsretta

Statsråden har stor tru på det nye studietilbodet. Ho peikar på at studiet tilbyr kompetanse som den maritime næringa har etterlyst.

Også Petter Aasen, som er leiar i styringsgruppa for programmet MARKOM2020 og rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg, meiner tilbodet er etterspurt og framtidsretta.

Det nye maritime utdanningstilbodet er ein del av eit større arbeid med å løfta og profesjonalisera heile den maritime utdanninga i Noreg.

Les også: Reiarlaga manglar lærlingar