Reiarlaga manglar lærlingar

Den langvarige nedturen i offshore-næringa ser ut til å ha gått ut over rekrutteringa til sjømannsyrket. Søkartala går ned, men pågangen frå reiarlaga aukar, skriv Sysla.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opplæringskontora over heile landet strevar med å skaffe nok nyutdanna sjøfolk, og mange lærlingplassar blir ståande tomme. Særleg stor er mangelen på matroslærlingar.

– No blir vi nøydde til å intensivere rekrutteringsaktiviteten. Vi må byrje å besøkje skuleklassar heilt ned i åttande klasse for å informere om den faktiske situasjonen i næringa og få fleire til å søkje maritim utdanning på vidaregåande, seier leiaren for Maritimt kompetansesenter søraust, Oddmund Nystad, til Sysla.

Negativ mediedekning

Nystad trur éi av årsakene til at mange unge no vel vekk sjømannsfaga, er at media altfor einsidig har fokusert på offshore-krisa utan å trekkje fram den positive utviklinga i havbruksnæringa, ikkje minst i brønnbåt-segmentet.

Ved Maritimt opplæringskontor sørvest er det i år tilbod om 130 lærlingplassar, mot 107 i fjor.

Offshore-reiarlaget Solstad Farstad er eitt av mange reiarlag som no manglar lærlingar. To lærlingplassar for matrosar står tomme.

Offshore-marknad på veg opp

– Vi har fått indikasjonar på at vi ikkje får fylt kvoten heilt opp til sommaren. Bestillinga vår er på 35 lærlingar total, seier HR-direktør Per Stange i Solstad Farstad til avisa.

Stange seier at marknadsføringa inn mot utdanningsinstitusjonane stoppa opp da den første store nedbemanninga kom i 2015, men at tida no er inne til å gjere nye framstøytar.

– No er offshore-marknaden på veg opp, og det er tida for å marknadsføre oss igjen, seier Stange.