Kva bok gjev du til foreldre/føresette, den du elskar og ein god ven? Frode Grytten, Anna Kleiva og Tore Renberg veit råd.

Frode Grytten sine julegåvetips

Odda-forfattar Frode Grytten er denne jula aktuell med juleboka Deilig er jorden saman med fotograf Helge Skodvin. Ifølgje Stavanger Aftenblad har resultatet vorte ei reise gjennom det moderne norske julelandskapet prega av  ironi og varmt hjarte.

– Det er den kommersielle maskina som har fått lov å definere jula vår. Cola-nissen og alle kjøpesentera. Dette er den retusjerte jula, og er i beste fall usann, seier Frode Grytten i eit intervju om bokprosjektet.

Her kjem den ferske juleforfattaren sine beste julegåvetips:

Wildlife – Richard Ford

Frode Grytten meiner Richard Fords roman Wildlife passar perfekt som gåve til foreldre/føresette.

– Finst dessverre ikkje på norsk, trur eg. Men her er Ford på sitt beste, i skildringa av ein gut som hamnar i skvis mellom foreldra, mens skogen brenn rundt dei. Greitt å lese, slik skal det ikkje gjørast, om ein har ungar å oppdra. (Romanen er nettopp blitt til film!)

 

 

The Flame – Leonard Cohen

Til den ein elskar føreslår Grytten Leonard Cohens dikt i The Flame.

– Ingen skriv om kjærleiken som Leonard Cohen, han skriv om det enkle og det kompliserte, det romantiske og det rå kjærleikslivet. Om ein saknar Cohen, slik eg gjør, er denne samlinga ei lita trøst.

 

 

Presens Maskin – Gunnhild Øyehaug

Til ein nær og god ven tipsar Grytten om Gunnhild Øyehaugs roman Presens Maskin

– Eg har bare lese første del av denne romanen, men éin ting har livet lært meg: Gunnhild Øyehaug er alltid god og alltid verdt å lese. Ein ser verda med litt nye auge etter å ha lese bøkene hennar.

Gunnhild Øyehaug beveger seg i spennet mellom science fiction og hyperrealisme i den nye boka Presens Maskin. Les intervju med forfattaren her!

 

Knakketiknakk – Korte fortellinger fra Japan 1895-2012

Men kva bok ønskjer Frode Grytten seg sjølv til jul?

– Den nye antologien Knakketiknakk. Japanske forteljingar frå 1895-2012. Eg har vore begeistra for japanske novellistar som Yasunari Kawabata, Yoko Mori, Banana Yoshimoto, Haruki Murakami, og her har Bokvennen Forlag og særs åtte kompetente omsetjarar opna opp ei kiste med japanske perler.

 

 

Tore Renberg sine julegåvetips

Stavanger-forfattar Tore Renberg har i 2018 markert seg som ei tydeleg røyst for nynorsken i regionen, då han under Kapittelfestivalen nytta høvet til å be folk gå heim og gje nynorsken ein sjanse!

2018 er òg året då Renberg har debutert som politikar på listene til Stavanger Arbeidarparti før kommunevalet i 2019.

Her kjem Renberg sine beste boktips for jula 2018:

Når landet mørknar – Tore Kvæven

Forfattar Tore Renberg understrekar at det finst ein heil bråte bøker om grufull oppvekst, som kan verka oppdragande på foreldre, men vel seg ut ei meir nøytral julegåve til generasjonen over.

– For meg har årets sensasjon vore Når landet mørknar av sirdølen Tore Kvæven. Helgoland som den sauebonden kan skriva! Lyrisk, handfast, spennande, episk. Nesten 500 sider om livsvilkår og kjærleik på Grønland i middelalderen. Eg satt meist og måpa då eg las; korleis får han det til, den Kvæven?

Brageprisvinnar Kvæven har ikkje planar om å leggje verken sauedrifta eller skrivinga på hylla og lovar å følgja opp Hard er mitt lands lov.

Fuglane – Tarjei Vesaas

Til den ein elskar meiner Renberg at ein bør gje ei bok ein sjølv elskar, for å få den rette krafta.

– Eg går for ein klassikar, eg seier Vesaas´ si ømme soge om Matitis. Eg seier Fuglane. Fordi det ikkje blir finare, eller sårare, og fordi eg trur den eg elskar blir glad for å dela ho med meg.

 

 

En frivillig død – Steffen Kverneland

Til ein god ven går Renberg igjen for eit nøytralt tips, som ikkje inneber hint om verken livssituasjon eller relasjon.

– Eg kunne jo foreslått ei bok om vennskap, men det kan virka noko påtrengende, liksom: «Me ER venner, altså!» Nei. Eg går for noko meir nøytralt, også her. Bare ei god bok. Det blir Steffen Kvernelands gripande portrett av far sin, «En frivillig død».

 

12 rules for life – Jordan Peterson

Til jul har Renberg gitt kona ei liste som ho kan dele med familien.

–  Eg har ønska meg debutboka til Kvæven, sidan eg likte den nye så godt, eg har ønska meg den til han Jordan Peterson, som alle snakkar om, for eg må få med meg kva dette er, og så ønsker eg meg den nye til Hoem, for eg likar så godt bøkene hans om fortidas mennesker, og så har eg ønska meg boka til Simon Stranger, for den er eg nysgjerrig på.

Simon Stranger fekk Bokhandlarprisen 2018 for romanen Leksikon om lys og mørke. Prisen har vorte delt ut 37 gonger, mellom anna til Tore Renberg, men har aldri gått til ein nynorsk roman.

Anna Kleiva sine julegåvetips

Forfattar Anna Kleiva gav tidlegare i år ut prosaboka Echo Mountains, som er ein hyllest til storbyen Los Angeles. I samband med lanseringa delte ho sine beste LA-tips med lesarane.

Her er Anna Kleiva sine beste julegåvetips:

Hemmelig, men aldri som en tyv – Ingrid Nielsen

Anna Kleiva synest kategoriane var så vanskelege at ho har tilpassa dei noko. Ho meiner Ingrid Nielsen si Hemmelig, men aldri som en tyv passar til den som likar ei langsam jul eller stille natt.

– Boka opnar med ein desembersuite, dikt som skildrar juleførebuingar og desembertradisjonar i roleg (og roande) rytme, som snø som dalar. Tida er ikkje lineær i desse tekstene, fortid og notid finst med like stort nærvær, blandar seg draumeaktig saman – slik Nielsen også let eit draumande eller morfinrusa medvit tale i fleire dikt. Hemmelig, men aldri som en tyv rommar heilt ulike dikt og stemningar; som heilskap har den noko lindrande ved seg.

Bluets – Maggie Nelson

Til nokon du elskar, eller har elska, føreslår Kleiva Maggie Nelson: Bluets.

– Ei bok om å vere forelska i fargen blå, eller om kjærleik og begjær i det heile, om einsemd, besettelse, om å stille spørsmål ved kjærleiken, om å skildre det elska (og å elske alt ved det, også blå plastposar som sit fast i buskar). Det merkast at Bluets er blitt til over lang tid, tekstene er kondenserte og nesten perfekte (utan at dei av den grunn er reine). Nelson sitt taktile, smidige og eksepsjonelt gode språk er ikkje ivaretatt i norsk omsetting – kjøp den på engelsk!

Eg snakkar om det heile tida – Camara Lundestad

Ei bok Kleiva anbefalar til alle, eigentleg (men særleg til den i familien som meiner at debattar om diskriminering er «importerte frå USA») tipsar Kleiva om Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida.

– Dersom du er ein person som synest julegåver er utruleg kjedeleg/vanskeleg, berre kjøp denne boka til alle. Det er ei kort, men metta bok, og svært velkomponert. Språket er skarpt, setningane rytmiske. Eg snakkar om det heile tida diskuterer og skildrar rasisme i dag på presist, blottstillande vis. Den er ubehageleg og provoserande, men begeistrar samtidig fordi den er så god.

Les intervju med Camara Lundestad Joof: – Meir etnisk norsk enn kong Harald

Jeg lever et liv som ligner deres – Jan Grue

Så kva bok ynkjer Kleiva seg sjølv til jul? I utgangspunktet er leselista så lang at ho synest det er vanskeleg å ynskje seg meir, men skal det vera noko så er det Jan Grue si bok Jeg lever et liv som ligner deres.

Treng du enno fleire boktips? Til «Les ei bok»-dagen samla me våre beste boktips!

Oppdatert: torsdag 20. desember 2018 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE