Anna Kleiva sine beste LA-tips

Førre veke lanserte Anna Kleiva boka «Echo Mountain» om storbyen LA. Her er hennar beste tips for å oppleve byen på nært hald – anten du er der eller ikkje.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: Anna Kleiva

United Artists Theatre 

Downtown er full av flotte/sprø kinoar frå 1920- og 30-talet. Den gamle United Artists-kinoen er ei overdådig grotte i nygotisk stil, og vart renovert i 2012. Den blir oftast brukt som konsertscene no (men det er også muleg å komme inn i lokalet med LA Conservancy sine omvisingar). Resten av bygget er omgjort til hipt hotell – men takterrassen er open for alle og har basseng.

929 S Broadway, Downtown

 

Foto: Anna Kleiva

LA River

Elva i Los Angeles ser for det meste ut som ein bekk i ei betongrenne, men i bydelen Elysian Valley/Frogtown finst eit lite, eksotisk stykke «naturleg» elv. På Spoke Bicycle Café kan ein drikke kaffi og høyre på fuglesongen (og motorvegsuset), eller leige sykkel og sykle den nye, 12 km lange sykkelstien langs LA River.

3050 N Coolidge Avenue, Elysian Valley

Foto: Anna Kleiva

Scoops

Det er veldig lett å få tak i god iskrem i Los Angeles! Ein av dei beste stadane er Tai Kim sin iskiosk Scoops, som opna i East Hollywood i 2005. (No finst filialar også i Highland Park, Chinatown og Palms.) Dei har forskjellige typar smakar kvar dag, for eksempel ostekake med dill, lavendel og kokos, jordbær og balsamico, olivenolje og rosmarin, eller den beste av alle: honning og svart sesam og daddel.

712 N Heliotrope Drive, East Hollywood 

 

Foto: Anna Kleiva

Sandstone Peak

Los Angeles er omringa av fjellkjeder, og i fjella finst mange fine turstiar, meir eller mindre krevjande. Echo Mountain i San Gabriel Mountains er kanskje ein betre tur, men Sandstone Peak i Santa Monica Mountains har penare utsikt. Dessutan må ein køyre langs svingete, smale vegar for å komme til turstien – også ei oppleving! Etter fjelltur, kan ein gjerne køyre ned til strendene i Malibu og bade.

12896 Yerba Buena Road, Malibu

 

Foto: Shinya Suzuki, Flickr CC BY-ND 2.0

The Last Bookstore

I eit enormt lokale i Downtown ligg The Last Bookstore, som sel nye og brukte bøker og LP-ar. Dei har ungdomslitteratur, LA-litteratur, sakprosa, romanar, teikneseriar, biografiar, kunstbøker og litt poesi. Om utvalet ikkje er like godt som hos f.eks. Skylight Books, er lokalet fullt av lenestolar der ein får sitje og lese (utan å kjøpe!) så lenge ein vil. I andre etasje finst galleri der ein kan få kjøpt både stygge og fine ting.

453 S Spring Street, Downtown

Oaxacan Quesadilla Cart

På måndagar, fredagar og laurdagar, står Alejandra på Echo Park Avenue, rett ved der den kryssar Sunset Boulevard. Ho lagar og sel mat frå Oaxaca-provinsen i Mexico; quesadillas av blå mais, fylte med for eksempel kylling eller maissoppen huitlacoche, og sqaushblome, fikenkaktus, queso fresco.

Echo Park Avenue/Sunset Boulevard, Echo Park

LA utan å vere i LA

Home: Stories from LA

Ein 26 episoder lang podcast om Los Angeles, folka som bur der, og om å høyre til; spøkelseshistorier, personlege historier, mytologi, løgner, patos og fakta.

Slow days, fast company (Eve Babitz)

You can’t write a story about LA that doesn’t turn around in the middle or get lost. Ein slags roman om å vere glamorøs og einsam forfattar i Los Angeles på 70-talet. Fantastiske setningar og observasjonar.

Mi vida loca (Allison Anders)

Ein film å vere ung i Echo Park, Los Angeles på 90-talet – eller som traileren seier: «about girls, gangs and guns». Nokre av kvinnene spelar seg sjølve, andre er skodespelarar. Filmen er episodisk bygd opp, og er å finne i litt dårleg kvalitet på Youtube.