Kvæven vil følgje opp «Hard er mitt lands lov»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For etter at han fekk den fine Brageprisen nyleg, i særs sterk skjønnlitterær konkurranse, er det på tide å spørje:

– Held du fram som sauebonde no som forfattarkarrieren har teke heilt av?

– Ja. Sauene står sterkare enn som så. Det må hugsast at sauer er veldig ålreite dyr og oftast er dei på same lag; skrivinga og sauene. Inspirasjonen går begge vegar, seier forfattaren til NTB. Om kva det tyder å innkassere den særs ettertrakta prisen, seier han:

– Det tyder fleire ting. I hovudsak eit fantastisk minne som kjem til å vare resten av livet. Men òg inspirasjon, glede, stoltheit. Det tyder òg at eg no kjem til å setje av litt meir tid til skrivinga og dermed vonleg bruker mindre enn fem år på neste bok.

Les også: Bokhandlarprisen har aldri gått til ei nynorskbok

Tore Kvæven skildrar det å vinne Bragepris som ei stor oppleving. Her er han under prisutdelinga, fotografert saman med andre prisvinnarar (frå venstre): Anja Røyne, Helene Uri og Anna Fiske.
Foto: Ingvild Kogstad Brodal / Forleggerforeningen / NTB scanpix

Panegyriske meldingar

Forfattaren har fått mange fans for sine særeigne historiske bøker. Bragevinnaren «Når landet mørknar» fekk anmeldarane til å spandere dei høgaste terningkasta og signere med ord som «meisterleg» og «makelaust».

VG trillar fram ein seksarterning, medan Dagbladet kvitterer med «botnsolid innsikt i vikingkulturen». Fædrelandsvennen har òg late seg imponere, og kallar Kvæven for «ein stor forfattar» i ein sjanger som er heller sjeldan i tida vår.

Men det tok tid før Sirdals-bonden torde å vise fram det han skreiv, lenge skreiv han berre for skrivebordsskuffen.

Kanskje hadde eg skrive bøker som eg no aldri kjem til å få tid eller idear til å skrive

– På den eine sida angrar eg iblant på ikkje å ha skrive målmedvitent med tanke på utgjeving frå yngre dagar. Kanskje hadde eg då allereie i dag hatt ein lang forfattarskap bak meg. Kanskje hadde eg skrive bøker som eg no aldri kjem til å få tid eller idear til å skrive.

– På den andre sida er det fullt mogleg at språk, stil og røynsle faktisk trong all den tida det fekk, før eg gav meg skrivinga i vald, seier han.

– Alt i alt føler eg meg i dag, og særleg no i etterkant av Brageprisen, uansett nøgd med korleis det heile har utspelt seg, konkluderer han.

Les også: – Eg har liksom alltid tenkt at eg skal ut, men at eg skal heimatt

Mykje på gang

Og lesarar av Kvæven kan notere seg at han er i gang med ikkje mindre enn tre ulike bokprosjekt.

Tore Kvæven har fått bokmeldarane til å rope over seg. Denne boka frå 2011 byggjer på 20 års research, lesing av islendingesagaene og mange reiser. Foto: Samlaget / Handout

– Det som kjem til å komme ut først er ein dystopi med handling frå Nord-Australia omkring år 2050. Stikkord er raudt støv og ei underliggjande kjensle av at noko kan gå veldig gale, seier forfattaren. Som òg har ei novellesamling på gang, medan det tredje prosjektet dreier seg om ein oppfølgjar til «Hard er mitt lands lov» (2011).

– Å få realisert og ferdigskrive denne boka ligg nok enno ein del år fram i tid, seier han om planen som nok vil glede fans av debutboka. Han fortel vidare at karakteren Ulfr frå denne boka framleis er veldig levande for han.

– Eigentleg var tanken at «Hard er mitt lands lov» skulle få vere ein frittståande roman. Men på ein måte er det som om det finst noko meir som ligg der og ventar i Ulfrs karakter – og i skjebnen hans. For min del skal det bli spennande å sjå om eg klarer å skrive dette ut som eg ser det for meg.

Les også om Øystein Runde som etter ni år er tilbake med den persisk-norrøne actionhelten Olav Sleggje i boka Berserk: – Eg ville laga ei historie som ein viking kunne fortalt ein annan viking.