Glade jul, eller?!

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I boka «Deilig er jorden» viser fotograf Helge Skodvin og forfattar Frode Grytten oss i ord og bilete kva jula eigentleg handlar om. Det er blitt ein samtidsdokumentasjon om korleis jula eigentleg ser ut. På ekte.

Antiglans

Fotograf Helge Skodvin og forfattar Frode Grytten har saman skapt boka “Deilig er jorden” der dei viser oss den ekte jula. Foto: Kari Hamre / NPK

Helge Skodvin fortel oss gjennom fotolinsa og over 90 bileta at julerøyndomen slett ikkje er slik som dei glansa, perfekte julekortmotiva eller tv-reklamane viser oss.

Frode Grytten skriv i om lag 37 små tekstar at jula heller ikkje er berre kos og hygge i dei tusen heimar, snarare ein del tristesse. Enkelte hatar alt som jula fører med seg. Det er stress og mas på mange plan, einsemd, samlivsproblem og andre familievanskar etc. – men sjølvsagt også positivitet og lyspunkt i denne mørke tida av året.

Nyleg presenterte dei to juleboka si på ein bokhandel i hovudstaden.

Les også: – In­gen skal sit­je ålei­ne på joleftan om dei ik­kje ynskjer det

Fem år med adventsfoto

Helge Skodvin fortel at prosjektet først var ein adventskalender på Facebook der han i 2013 presenterte eit julebilete med litt tekst kvar dag i desember. Dette fekk han så god respons på at han dei neste fire åra heldt fram med å jakte på fotomotiv i adventstida.

Han reiste rundt og fotograferte jul på kjøpesenter, bilforretningar, parkeringshus, rådhus, fylkeskommunale bygg, i kontorlandskap og i industriområde over heile landet.

– Nisse er ikkje artig, motorsag er ikkje artig, men nisse med motorsag er artig, meiner Helge Skodvin. Denne nissen fann han på ein butikk i Porsgrunn 9. desember 2016.
Foto frå boka: Helge Skodvin

Les også Erlend Skjetne skrive om viktige juletradisjonar – som å handle julegåver på vesle julaftan

Den store avstanden

– Eg oppdaga eit tema som er dominerande i landet vårt nesten to månader i året, men som omtrent ikkje er blitt fotografert før. Eg såg nemleg at avstanden mellom den idealiserte dompapp- og julenek-jula i kvit snø og røyndomen var enorm! Det er i dette spennet at dette fotoprosjektet og boka er blitt til, fortel Helge Skodvin.

Dette er den retusjerte jula

– Dette er eit underdekt felt. Det er den kommersielle maskina som har fått lov å definere jula vår. Cola-nissen og alle kjøpesentera. Dette er den retusjerte jula, og er i beste fall usann, seier Frode Grytten.

Les også: Ingrid (22) lagar julegåvene sjølv

Realistisk og absurd

– Eg har fått positive tilbakemeldingar på at det var på tide at dette vart dokumentert. Bileta mine gir mange menneske ei attkjennande kjensle. Nokre vil kalla bileta kyniske og ironiske, men eg kallar dei realistiske og subjektive. Motiva er iallfall fotografert med kjærleik, seier Skodvin.

Men han vedgår at han kanskje har vore på jakt etter motiv som ser litt stusslege ut og har absurditet i seg. Julemotiv i omgivnader som ikkje signaliserer jul. Om folk trekkjer på smilebandet av bileta hans synest han er eit pluss. Skodvin likar å underhalde.

Og boka er ikkje blitt til av to som hatar jula, tvert i mot.

– Eg likar jula og alle tradisjonane ho har med seg. Det høgtidlege og lukta av pinnekjøt. Eg blir rørt av dorullnissar og kan få klump i halsen av julesongar. Eg er som alle andre – kvart einaste år, understrekar Helge Skodvin.

Frå Lavik i Høyanger 30. november 2017.
Foto frå boka: Helge Skodvin

Les også: Kan det lyse i stille grender av glødande menneske?

Samtidsdokumentar

Boka «Deilig er jorden» viser oss korleis det ser ut rundt oss i november-desember akkurat no.

– Det er ein samtidsdokumentasjon. Men aller mest viser bileta mine det enorme gapet som finst mellom illusjon og røyndom. Om forventningane våre, alt vi vil at jula skal vere. Men kvardagen og røyndomen er noko heilt anna, seier Skodvin.

Eg blir rørt av dorullnissar og kan få klump i halsen av julesongar

Han valde fantasien og kreativiteten til Frode Grytten til å setje ord på julestria og for å gi meir liv til bileta sine.

– Det er så utruleg mange som har skrive om jula før meg. Jula er gjennomskriven. I bileta til Skodvin fann eg ut at det mangla folk i nesten alle motiva. Derfor prøver eg å formidle kven desse folka er som oppheld seg på desse stadene – på kjøpesentera, i kontorbygga, i parkeringshusa. Kva håp og draumar har dei om kva jula skal vere? Eg har både skrive tekstar der folk ikkje taklar jula, men også historier der det er kos og hygge, seier Frode Grytten og understrekar at han ikkje har skrive med ironisk blikk.

Den ekte jula kan nemleg vere så mangt.

Frå ei byrådsavdeling i Bergen 14. desember 2016.
Foto frå boka: Helge Skodvin

Kor mykje kan du om jul eigentleg? Prøv deg på denne kvissen frå i fjor!