Forfattar Tore Renberg blir Ap-politikar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tore Renberg fortel til Stavanger Aftenblad at han allereie i 2002 vart spurt av Raudt om å engasjere seg, men enda med å seie nei.

– Denne gongen var dette var noko eg ville. Eg er blitt 46 år, ikkje lenger så opptatt av meg sjølv, men meir av ungane mine og det samfunnet dei skal vekse opp og leve i, seier han.

– Eg synest det er blitt for mykje ego-tenking i samfunnet, fortset han.

Renberg fortel at han har stemt på fem forskjellige parti, frå Raudt til Høgre, og er sjølv vaksen opp med «Høgre-folk på alle kantar».

– Likevel vel eg Ap no. Eg meiner partiet forsvarar dei fellesskapsløysingane som er så viktige for oss gjennom heile livet, frå barnehagar og skule til helse og eldreomsorg.

Renberg vert ikkje den første kulturpersonlegheita som går inn i lokalpolitikken for Arbeidarpartiet.

Ved kommunevalet i 2015 vart skodespelar Kristoffer Joner valt inn som representant i bystyret partiet.

Les også: Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse

 

 

 

 

Tore Renberg (f.1972)

  • Debuterte i 1995 med romanen Sovende floke, som vart tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris
  • Fekk sitt store gjennombrot med Mannen som elsket Yngve (2003)
  • Både Mannen som elsket Yngve, Charlotte Isabel Hansen og Kompani Orheim har vorte filmatisert
  • Har dei seinare åra gjort stor suksess med Teksas-serien
  • Debuterte i 2016 som nynorskforfattar med Du er så lys

Kjelde: Wikipedia, Forlaget Oktober