Gunnhild kastar oss ut i parallelle univers

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Øyehaug har markert seg som ei sterk stemme innanfor samtidslitteraturen. Nyleg kunne vi lese at ho var nominert til National Book Awards i USA. Og mens boka «Vente, blinke» stadig blir selt til nye land, er forfattaren haustaktuell her heime med ein ny roman kalla «Presens Maskin».

Presens maskin heter den nye romanen fra Gunnhild Øyehaug. Foto: Kolon

Romanen får meldarane til å kvittere med at «Øyehaug viser at hun er en av landets smarteste og kuleste forfattere» – og at «forfattaren skaper et sinnrikt og flertydig romanunivers med parallelle verdener».

Fekk ei déjà vu-oppleving

– Den aller første kimen til romanen kom for mange år sidan. Eg var på vising i ei leilegheit i Bergen og fekk ei distinkt déjà vu-oppleving. Opplevinga var så sterk at eg tenkte: «Dette skal med i ei bok». Ideen vart liggjande og ulme, som ein magnet som trekker til seg andre idear, seier forfattaren til NTB.

Kort fortalt handlar «Presens Maskin» om Anna og Laura, ei mor og ei dotter som hamnar i kvart sitt parallelle univers i Bergen på 90-talet. Ingen av dei hugsar at dei vart skilde frå kvarandre, eller forstår kva dei har mista, men begge sansar noko.

Les også: Filosofisk smuldrepai

– Ingen kvantefysikar

Det som skil Øyehaugs bok frå andre science fiction-forteljingar, er mangelen på spektakulære effektar.

– Eg ville sette ideen om parallelle univers opp mot dei heilt kvardagslege liva til desse to kvinnene. Og så lar eg spenninga i boka vere om dei to merker noko til kvarandre, og om dei nokon gong kjem til å møtast igjen.

Ideen vart liggjande og ulme, som ein magnet som trekker til seg andre idear

Forfattaren understrekar at sjølv om ho har gjort ein god del research, så er ho ikkje nokon kvantefysikar.

– For meg er det utan tvil meir naturleg å skrive om relasjonar og gå tett på karakterane, seier ho. Og svarar likevel bekreftande på at ho er inspirert av tidsreisefilmar som «Interstellar» og «Arrival», filmar som også blir nemnde i boka.

Les også: For å finna romvesen må vi tenkja oss liv annleis enn det vi kjenner til

Mange filmar speglar ei brytningstid

Forfattar Gunnhild Øyehaug er aktuell med boka «Presens Maskin». Foto: Margunn Sundfjord / NPK

– Eg ser mykje film, og eg merkar meg at det kjem mange filmar som speglar at vi lever i ei brytningstid, at menneskja er på veg inn i noko anna.

I kjent stil har forfattaren frå Ørsta også skrive ein assosiasjonsmetta roman. Men kvifor kongen blir samanlikna med hunden Laika, og kva slags betyding «I byrjinga var ordet» har, det får lesaren nesten sjølv finne ut av.

Ufoar, livet i rekkehus og uforståelege pianostykke

Forlaget på si side trekker fram at romanen handlar om alt frå einsemd, underlege konsekvensar av feillesing, ufoar, livet i rekkehus og uforståelege pianostykke.

Forfattaren legg til at romanen også handlar ein heil del om feiltolking og kva konsekvensar det kan få. Laura i boka fryktar for eksempel at sambuaren eigentleg ikkje anar kven ho er: Ein ekte nerd. Det kan verke som om han nemleg set litt vel stor pris på eit bilde av henne på snowboard, iført store briller og eit breitt glis.

Laura i boka fryktar at sambuaren eigentleg ikkje anar kven ho er: Ein ekte nerd

Den som porsjonerer forteljinga ut er ein allvitande forteljar som kanskje lever i ei postapokalyptisk tid.

– Gustave Flaubert er ein av mine store litterære heltar. Han og hadde ein særleg kjærleik for den allvitande forteljaren. Den gir jo forfattaren moglegheit til å gå inn og ut av karakterar, og flytte seg naturleg rundt i tid og rom.

Håpar boka blir opplevd som morosam

Ikkje på noko tidspunkt i forteljinga tenkte Øyehaug at dette med parallelle univers er for drygt å presentere for norske lesarar.

– For meg var det berre morosamt å kaste inn dette fantastiske og forfølge ideen i alle retningar. For min del er det ei alvorleg bok, men eg håpar boka blir opplevd som morosam, og at den også seier noko om menneskelege relasjonar.

Les også: Frå mobilnotat til ungdomsbok