Camara Lundestad Joof måtte til Danmark for å lese om Noregs deltaking i kolonisering og slavehandel. No har ho gjeve ut ei bok om å oppleve rasisme i Noreg.
Mone Celin Skrede
Mone Celin Skrede

Saka vart fyrst publisert i vekeavisa Dag og Tid. 

Då ho fekk i oppdrag å skrive ei bok i Samlaget-serien «Norsk røyndom», ville Camara Lundestad Joof (30) skrive om pornografi. Slik gjekk det ikkje.

– Eg ville ta eit oppgjer med eigne erotiske fantasiar som feminist og politisk aktivist. Men så dreia det inn på hudfargen min: Korleis vert ulike kvinner framstilte og behandla i erotikken? Eg forstod at det finst for lite norsk litteratur om rasisme. Eg kunne ikkje setje meg ned og skrive ei bok om pornografi, kropp og rasisme utan å måtte djupneforklare kva rasisme er. Det vart for rotete. Og det var denne boka eg måtte skrive først, seier Lundestad Joof, som er fødd i Bodø, med norsk mor og gambisk far.

Les også: – Samfunnsfag kan redde liv

Barn i Afrika og Dæhlie

Vi er på Grønland, på uteserveringa til Oslo Mekaniske Verksted, som deler bygning med Dramatikkens hus. Camara Lundestad Joof har på seg sommarkjole og solbriller. Seinare skal ho på Pride.

– Eg er genetisk meir etnisk norsk enn kong Harald, seier ho, smiler og gestikulerer med sigaretten i handa.

«Eg er så norsk at då eg var lita, selde eg og ei veninne små figurar vi hadde laga for 10 øre på gata», skriv ho i boka. Overskotet gjekk «til svoltne barn i Afrika og Noregs skihåp Bjørn Dæhlie.»

– Nokre kjende samfunnsdebattantar, som Mahmoud Farahmand i Nettavisen, tek til orde for at det vert ropa for høgt om rasisme i Noreg, at det ikkje er eit problem. Tek dei feil?

Kunstnaren blæs røyk og ler.

– Det er feil at rasisme ikkje er eit problem i Noreg. Du har den strukturelle rasismen på éi side, det som skjer når ein arbeidsgjevar får ein søknad med eit namn som ikkje er norsk, forventninga lærarane har til deg, å kjøpe hus. På den andre sida har du den personlege rasismen: den fysiske valden, mikroaggresjonen, kommentarfelta. Ein snakkar ofte om rasisme som ei kjensle, men det finst rein statistikk og forsking på dette. Ein føler ikkje at ein har dårlegare sjanse på bustad- eller jobbmarknaden. Statistisk er det slik.

– Venta lærarane mindre av deg?

– Ein lærar sa til meg at eg var smart og velartikulert til å vere neger. Då vart eg nesten letta. Ein lurer jo på om det var meint slik, om ein er for sensitiv, om vedkomande hadde ein dårleg dag. «No har eg prov etter alle gongene eg har vorte møtt med overrasking over at eg er intelligent», tenkte eg.

Les også: Simpson-skaparane avviser skuldingar om rasisme

På rett veg

– Men det finst tiltak. Arbeidsgjevarar er pålagde å kalle inn minst éin søkar med minoritetsbakgrunn til intervju. Og stortinget har nyleg vedteke å lage ein ny handlingsplan mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering.

– På svært mange måtar går det rett veg. Men rasisme går ikkje berre på brun hudfarge. Det handlar om samar, tatarar og rom. Det kjem stadig meir forsking på dette, men ikkje nok. Eg var på utstillinga Folk på Teknisk museum, og vart heilt svimmel. Den første bølgja av pakistanske innvandrarar kom i 60- og 70-åra. Då vart norske minoritetar framleis tvangsflytte, tvangssteriliserte og lobotomerte. Noreg og Danmark hadde 112.000 vestafrikanske slavar i den transatlantiske slavehandelen. Eg måtte til Danmark for å lese at vi hadde sukkerraffineri og var godt plasserte i guvernørposisjonar i Ghana og St. Thomas. Eg seier «vi» som ein del av det norske kollektivet. Som halvt norsk og halvt gambisk er tematikken interessant: Kor mykje rettvis harme kan eg ha på vegne av den vestafrikanske familien min som vart teken, og kor mykje dårleg samvit skal eg ha for den norske og svenske familien min som naut godt av koloniseringa? Det er godt som kunstnar å ha motstridande kjensler. Det gjer det vanskeleg å rette ein peikefinger utan å peike på seg sjølv.

– Kor mykje rasisme finst det i Noreg i dag?

– Det er vanskeleg å svare på, det finst for lite forsking på det. Eg meiner politikarane har nedprioritert det. Foreningen mot diskriminering og andre organisasjonar fører no statistikk. Dei snakkar med unge menneske. Og det vil eg ha: fakta og forsking framfor anekdotar.

Les også: Folk i New Orleans vil fjerna statuar av slaveriforkjemparar

Til sals

Som 14-åring var Camara Lundestad Joof med i ein dokumentarfilm om ungdom med minoritetsbakgrunn. Sidan har ho skrive dramatikk og laga kunst. Ho hadde Morten Krogh ved Kunsthøgskulen i Oslo som mentor og huskamerat, og ho har sju år med enkeltemne på Blindern bak seg, men ingen grad å vise til. Ho fekk nemleg ME.

– Eg vart sjuk etter arbeidet med dokumentarfilmen, låg på eit mørkt rom og sov i to år. Dei små øktene mellom søvnen nytta eg til å lese, tenkje og sjå på Buffy the Vampire Slayer . Men ein føler at ein har kasta bort så mykje tid. No er det primært politikk eg driv med, og kunsten er for meg den beste reiskapen.

Ho skriv om å verte slått med paraply fordi ein går med bunad, og om å verte banka opp. Før sexkjøpslova kom, vart ho ofte spurd kva ho kosta. «På Grünerløkka. På Aker Brygge. På veg ut av Hennes & Mauritz på Oslo City. Eg er blitt spurd av flaue menn, (…) menn i bil med tomt barnesete (…) og av menn som blir sinte og smeller meg mot bilen sin.»

– Det var ein stor del av å flytte til Oslo: Folk trudde eg var til sals fordi eg er brun. Etter ei framsyning av Pavlovs tispe , der eg snakka om dette over elleve scener, kom ei kvinne med brasiliansk bakgrunn bort og sa: «Eg trudde det berre var meg.»

– Du skriv òg om det å spørje kvar ein er frå. Men er ikkje dette meir sleivete enn rasistisk?

– Folk må få spørje. Men det er ubehageleg, og ein må vere klar over at behovet for å få vite kvifor eg er brun, ikkje trumfar behovet mitt for å sleppe å vere pedagog gratis. Ein må vere klar over kva ein spør om. Og vite at ein er den tiande som spør den dagen.

– Til slutt: I boka går det fram at du var motvillig til å skrive om rasisme. Føler du ansvar for å snakke om det?

– Ja. Eg er privilegert som har ei stemme, og meiner det er ei samfunnsoppgåve. Eg var motvillig fordi eg føler at eg personleg snakkar dette i hel dagleg. Men vi snakkar lite om det i det offentlege: korleis dette er og kjennest i Noreg. Eg har norsk pass og morsmål; eg er ikkje ei målskive. Det skulle berre mangle at eg tek debatten. Men eg forstår godt alle som ikkje orkar. Eg vert ei personifisering av det brune – ei stemme på vegner av fleire. Men eg er òg ein biseksuell, polyamorøs rabiat feminist, seier kunstnaren og skuvar brillene litt høgare opp på nasen.

Bakgrunn

Camara Lundestad Joof vart fødd i Bodø i 1988.
Ho er kunstnar, dramatikar, skodespelar, musikar og forfattar.
Ho står bak teaterstykka Ikke uden min mor og Pavlovs tispe , ein kunstinstallasjon og boka Eg snakkar om det heile tida. Boka er hennar første.

Les også: Èin av to trur på muslimsk kulturkrasj

Oppdatert: torsdag 12. juli 2018 14.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE