Fleire ungdomsskuleelevar tar fag på vidaregåande
I Oslo og Akershus er det fem gonger så mange ungdomsskuleelevar som på Vestlandet som nyttar tilbodet.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Trass store forskjellar: – Ikkje smartare elevar i aust
Ferske tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det i dette skuleåret er 1600 elevar på ungdomsskulen som tar fag frå vidaregåande. Det er ein auke på 130 elevar.
I Akershus og Oslo er det 830 elevar som får tilbod om å ta fag på vidaregåande.
På heile Vestlandet er det til saman 168 elevar som tar fag frå vidaregåande.
– Ungdomsskulematten er ganske kjedeleg, sa Stian Glenne, då Framtida.no intervjua han i fjor.
I fjor var det berre to tiandeklassingar på Kristianslyst skule i Stavanger som tok matte frå vidaregåande.
Prøveprosjekt går vidare
Dei to tiandeklassingane tok matten gjennom prosjektet «Den virtuelle matematikkskolen», som gir over 300 elevar over heile landet høve til å få tilpassa undervising over nettet.
Dette prøveprosjektet har i år vore til vurdering i Kunnskapsdepartementet. Prosjektleiar Frode Løbersli er glad for at prosjektet får halda fram.
– Me har hatt elevar frå Svalbard i nord til Malaga i sør som følger «Den virtuelle matematikkskolen», fortel han.
LES OGSÅ: Mange elevar synest vidaregåande er for lik ungdomsskulen
– Ikkje smartare elevar i aust
– Er det fordi elevane er smartare på Austlandet at det er så mange fleire ungdomsskuleelevar der som tar fag på vidaregåande?
– Nei, det trur eg absolutt ikkje har noko med saka å gjera. Eg trur det finst flinke elevar spreidd ut over heile landet, seier Frode Løbersli.
Han trur det er forskjell på kor godt skulane informerer om tilbodet om å ta fag på vidaregåande. Og han meiner òg det kan vera forskjell på kva politikk fylkeskommunane og dei vidaregåande skulane deira har når det gjeld å ta i mot elevar.
LES OGSÅ: – Klart elevar i vest er glupare
Så mange elevar i kvart fylke tar fag frå vidaregåande i skuleåret 2018/2019:
| Østfold | 10 |
| Akershus | 433 |
| Oslo | 448 |
| Hedmark | 33 |
| Oppland | 68 |
| Buskerud | 91 |
| Vestfold | 54 |
| Telemark | 36 |
| Aust-Agder | 59 |
| Vest-Agder | 75 |
| Rogaland | 47 |
| Hordaland | 66 |
| Sogn og Fjordane | 5 |
| Møre og Romsdal | 50 |
| Trøndelag | 81 |
| Nordland | 18 |
| Troms | 24 |
| Finnmark | 2 |






