Dei to tiandeklassingane fekk tilbodet om å ta matte på VG1-nivå. No får dei undervising på video.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Går på ungdomsskulen, men tar matte på vidaregåande
– Ungdomsskulematten er ganske kjedeleg, seier Stian Glenne (15).
På Kristianslyst skule i Stavanger fekk sju matte-flinke elevar i haust tilbodet om å ta teoretisk matte på vidaregåandenivå. Dei er no blitt to: Femtenåringane Stian og Jarle.
– Lærarane våre spurde om vi ville ta T-matte på vidaregåandenivå i staden for valfag på skulen. Etter å ha fått litt meir informasjon, takka eg ja, fortel Jarle Heggheim (15).
– Matten på ungdomsskulen er ganske enkel, og VGS-matten er både på PC-program og inneheld meir algebra. Eg ville ha ei utfordring, seier Stian om valet.
Mindre motivasjon
Jarle og Stian er to av 30 elevar i Rogaland som tar VGS-matte. På landsbasis er det 400 elevar som tar VG1-matematikk.
Bakgrunnen for prosjektet «Den virtuelle matematikkskolen» var Stortingsmelding 22, Motivasjon, mestring og muligheter. Rapporten synte at elevane sin motivasjon avtok utover ungdomstrinnet, særleg når det gjeld matematikk.
– Prosjektet skal teste om ein kan gi god, nettbasert tilpassa opplæring for ungdomsskuleelevar. Både dei som slit med matematikk eller dei som er svært flinke i det, kan få dette tilbodet, seier Ole Kristian Nordsveen, som er fagansvarleg for prosjektet ved Senter for IKT i utdanninga.
Tar ekstra tid
Kristianslyst skule begynte med ordninga for tre år sidan, og er blant eit fåtal skular i Stavanger med fleire elevar på «Den virtuelle matematikkskolen».
– I undervisinga kan dei på video sjå tavla til læraren, og dei kan stille spørsmål eller vise kva dei har skrive. Dette faget tar dei ved sidan av den vanlege mattetimen, seier rektor på Kristianslyst skule, Sverre Jørgen Høgmo.
Før elevane får tilbodet, må skulen vere trygg på at dei er motiverte for det. I tillegg bør dei har toppkarakter i faget.
– Det blir ekstra arbeid, noko vi gjer dei merksame på.
Vil bli ingeniørar
Dei ekstra timane det tar, har ført til at nokre elevar har trekt seg. Men Jarle og Stian er nøgde med tilbodet.
– Det krasjar litt med musikktimene, men elles går det bra. På slutten av året blir faget godkjent eller ikkje godkjent, og du kan velje å ta det opp igjen på VG1, eller gå rett på neste nivå i T-matte, seier Jarle.
Faget kjem til nytte for det gutane har lyst til å studere seinare: Stian vil bli elektroingeniør, medan Jarle også vil gå i ingeniør-retninga.
– Ungdomsskulematte er for det meste repetisjon frå matten på barneskulen. Å ta VGS-matte gir stor meistringskjensle, seier Stian.
– Visste de om tilbodet frå før?
– Broren min tok også VGS-matte på ungdomsskulen, så eg visste om det. Foreldra mine sa at eg kunne prøve det, og eventuelt slutte om det vert for vanskeleg.
Betre på Austlandet
På Kristianslyst skule er det kun tiandeklassingane som får tilbodet. På førehand fyller dei aktuelle kandidatane ut eit spørjeskjema der motivasjonen blir testa.
– Dette er eit ope tilbod til alle ungdomsskulane i landet, der ein prøver å legge til rette for motiverte elevar til å utvikle seg ytterlegare. Slik får dei meir tilpassa undervising på sitt nivå.
– Tal ungdomsskuleelevar som tar vidaregåande-fag er høgare på Austlandet enn i vest. Er dette tilbodet dårlegare marknadsført på Vestlandet?
– «Den virtuelle matematikkskolen», som starta som prøveprosjekt i 2013, har vore flinke til å marknadsføre seg overfor oss. Men det er klart at det er utfordringar når det gjeld logistikk. I alle fall dersom elevar fysisk skal møte på ein vidaregåande skule, seier Høgmo, og legg til:
– Det finst heldigvis gode tekniske løysingar. Det kan vere spennande å sjå kva dei gjer på Austlandet som gjer at dei får det til.
– Er det aktuelt for elevane å ta andre fag framover?
– Det får vi sjå på. Enn så lenge er det berre matematikk.
– Likt tilbod i heile landet
Ole Kristian Nordsveen trur tilbodet er meir nytta på Austlandet fordi avstanden til ein skule er mindre i dei større byane.
– I Oslo og Akershus er tilbodet godt utbygd. I tillegg er det fleire nettskular i fylka som er ambisiøse og som marknadsfører sine tilbod. Vårt mål er at ikkje berre elevar som bur i store byar skal ha høvet til å prestere. Tiltaket skal gi elevane likt tilbod i heile landet, seier Nordsveen.
Prosjektet har så lagt blitt eit etablert tilbod, men som framleis er under utvikling. Kunnskapsdepartementet skal i 2018 avgjere kva som skjer etter at prosjektet blir avslutta, som er sommaren 2019.