Mange elevar synest vidaregåande er for lik ungdomsskulen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vidaregåande skule er for straumlinjeforma og for lite fleksibel. Mange av elevane på studiespesialisering opplever vidaregåande som ei forlenging av ungdomsskulen, utan moglegheiter til å fordjupe seg. For nokre går det ut over motivasjonen, seier Ragnhild Lied til NTB.

Ho leier utvalet som måndag leverte den første av to rapportar om kva som fungerer, og kva som ikkje fungerer, i vidaregåande skule.

Les innlegget: Karakterfri kvardag – også i den vidaregåande skolen

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H) meiner det er vidaregåande ikkje følgjer resten av samfunnsutviklinga når engelsk berre er obligatorisk første året. Foto: Marte Garmann, Regjeringen.no

Meir i djupna

– Dette er eitt av fleire tydelege signal om at det er behov for endring. Målet er meir rom for å gå i djupna på fag elevane har spesiell interesse for, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

At engelsk berre er obligatorisk første året på vidaregåande er òg noko som er verd å diskutere, meiner utvalet.

– Eit døme på at vidaregåande skule ikkje har hengt heilt med på resten av samfunnsutviklinga, seier Sanner.

Manglar eitt eller to fag

Utvalet peikar på at ein stor del av dei som ikkje fullfører vidaregåande skule, berre manglar eitt eller to fag. Det er eit hol som må tettast, meiner Lied.

– Nokre fylkeskommunar legg til rette for at det er mogleg å ta opp enkeltfag, sjølv om kostnadene ikkje blir dekt av pengar frå staten. Men kostnaden for samfunnet og for den enkelte som ikkje fullfører, blir langt større. Dette er eit systemhol som det bør vere enkelt å tette, seier Lied til NTB.

– Dette er ei av utfordringane vi må ta tak i. Fordi vi veit at vegen er veldig kort frå å droppe ut av vidaregåande skule til arbeidsløyse og utanforskap, seier Sanner.

Les også: Rekordmange fullfører vidaregåande, men Nord-Noreg heng etter

Vil opne dører

I dag byrjar om lag like mange på studiespesialisering som på yrkesfag. Lied-utvalet har funne ut at nesten 30 prosent av dei som byrjar på yrkesfag, endar opp med studiefagleg kompetanse.

– Det kan vere grunn til å sjå på om denne lekkasjen er for stor. Dessutan må det bli mogleg å gå andre vegen. I dag er døra stengt for den som fullfører tre år studiespesialisering og finn ut at han eller ho heller vil bli hjelpepleiar, seier Lied.

Les også: Lågare fråvær etter fråværsgrensa

Leiar i Elevorganisasjonen, Agathe Waage. Foto: Elevorganisasjonen

Lærlinggaranti

Utvalet meiner òg at modellen for yrkesfag med to år på skulebenken og to år som lærling er moden for meir fleksible løysingar.

Elevorganisasjonens leiar Agathe Waage meiner det er heilt uhaldbart at rundt 30 prosent av elevane på yrkesfag ikkje får lærlingplass.

– Det finst ei enkel løysing. Lærlingplass må bli lovfesta. Bedriftene må ta sin del av samfunnsansvaret i samarbeid med staten. Det kan til dømes gjerast gjennom å auke lærlingtilskota ytterlegare. Her er vi ikkje i mål før ein har ein lærlinggaranti på plass, seier Waage.

Les også: Ungdom med innvandrarbakgrunn slit med å skaffa seg lærlingplass