– Klart elevar i vest er glupare

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over halvparten av grunnskuleelevane som tek vidaregåande fag bur i Oslo, Akershus eller Buskerud. Slik har det vore sidan ordninga starta i 2008. Flest ungdomsskuleelevar som tar fag frå vidaregåande er det i Oslo (451), Drammen (56) og Bærum (52). Til samanlikning er talet berre 7 i Sogn og Fjordane og 72 i Hordaland.

LES OGSÅ: Stadige fleire «eliteelevar»

– Er det slik at det er fleire glupe elevar på Austlandet?

– Det var eit dumt spørsmål. Klart me er glupare på Vestlandet, seier leiar i Opplæringsutvalet i Hordaland, Roald Stenseide (FrP) til Framtida.no.

Treng marknadsføring
– Men me må bli flinkare til å marknadsføra dette tilbodet. Her har me nok ikkje vore flinke nok. Eg må innrømma at eg ikkje var klar over at det var så store forskjellar, legg Stenseide til.

– Kva kan fylkeskommunen gjera for at fleire elevar skal få høve til å nytta seg av dette tilbodet?

– Eg skal ta dette opp med opplæringsdirektøren ved neste møte, for å få eit svar på dei store forskjellane, seier utdanningspolitikaren frå Frp.

– Skandaløst
Tidlegare utdanningspolitikar og noverande fiskeriminister Elisabeth Aspaker frå Høgre kalla den skeive fordelinga mellom Austlandet og resten av landet for skandaløs i 2012.

LES SAKA: Dårlegast tilbod til flinke i vest

Sidan den gongen har det berre skjedd små endringar mellom aust og vest. I Hordaland og Rogaland har Frp og Høgre vore ein del av fleirtalet på fylkestinget sidan 2011.

Framtida.no tok kontakt med Kunnskapsdepartementet om saka onsdag, men noverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har ikkje hatt høve til å svara på spørsmål frå oss.

Faktaboks

Så mange elevar tar fag frå vidaregåande i skuleåret 2013/2014:

Østfold: 9
Akershus: 222
Oslo: 451
Hedmark: 48
Oppland: 32
Buskerud: 131
Vestfold: 107
Telemark: 27
Aust-Agder: 30
Vest-Agder: 30
Rogaland: 73
Hordaland: 72
Sogn og Fjordane: 7
Møre og Romsdal: 31
Sør-Trøndelag: 45
Nord-Trøndelag: 58
Nordland: 19
Troms: 14
Finnmark: 8