FN kritiserer Noreg for forskjellsbehandling av einslege mindreårige asylsøkjarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omsorgstilbodet til einslege mindreårige asylsøkjarar er langt dårlegare enn det andre barn under vengjene til barnevernet får, slår komiteen fast i den siste rapporten sin om menneskerettssituasjonen i Noreg, som blei offentleggjort torsdag.

– Styresmaktene bør eliminera denne forskjellsbehandlinga og gje mindreårige asylsøkjarar den same graden av omsorg, heiter det i rapporten.

FNs menneskerettighetskomité, som er ein av dei eldste og mest kjende FN-komiteane, er sett saman av uavhengige ekspertar som overvaker gjennomføringa av FNs konvensjon om sivile og politiske rettar. Noreg er eitt av 169 land som har ratifisert konvensjonen.

– Diskriminering

Ifølgje Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM) er kritikken til FN av behandlinga av einslege mindreårige asylsøkjarar spesielt alvorleg.

– Dette gjeld ein av dei aller mest sårbare av dei sårbare gruppene i Noreg, som forskarar har slått alarm om i mange år. Komiteen er sterkt kritisk til den omsorga desse barna får. Ho er langt under det vi ville godteke viss det var snakk om våre eigne, norske ungdommar. Dette er diskriminering, og her ventar vi handling, seier NIM-direktør Petter Wille til NTB.

Komiteen er også djupt uroleg for at så mange einslege mindreårige asylsøkjarar forsvinn frå mottaka og ikkje minst mangelen på etterforsking og informasjon av desse sakene. Ifølgje ein rapport frå oktober i fjor har 443 av 913 asylbarn som har fått mellombels opphald i Noreg, forsvunne.

I rapporten blir manglande omsorg kopla med det høge talet på forsvinningar.

– Styresmaktene bør granska slike saker og setja i verk tiltak mot dei underliggjande årsakene til at barna forsvinn, konkluderer komiteen.

Sårbare grupper utsett

Også på ei rekkje andre område får Noreg kritikk. Det gjeld mellom anna bruk av isolasjon i varetekt og at staten ikkje gjer nok for å verna kvinner mot vald i nære relasjonar.

Noko av kritikken er oppattakingar av det FN har kritisert Noreg for tidlegare.

– Det er alvorleg at FN gong på gong kritiserer Noreg, utan at tilhøva blir rydda opp i, meiner Wille.

Til dømes har FN fleire gonger kritisert valdtektsdefinisjonen i norsk straffelov for ikkje å stilla krav til samtykke. Eit representantforslag om dette ligg no til behandling i Stortinget. Sverige vedtok nyleg at sex utan samtykke er å rekna som valdtekt.

Elektrosjokk utan lovheimel

Bruken av såkalla elektrokonvulsiv behandling (elektrosjokk) utan samtykke frå pasienten, er eit anna alvorleg tilhøve som komiteen peikar på.

– Denne behandlinga går føre seg i dag utan heimel i lov. Det er eit heilt grunnleggjande krav i rettsstaten at inngrep overfor den enkelte har grunnlag i lov. Det er difor svært alvorleg at denne forma for tvangsbehandling, som er svært inngripande overfor den det gjeld, og kan ha irreversible verknader, blir praktisert utan lovgrunnlag, seier Wille.

At tvungen elektrosjokkbehandling ikkje er lovregulert har også ein del andre konsekvensar, mellom anna at kontrollen og retttyggleiksgarantiane er mykje svakare enn for andre typar tvangsbehandling, peikar han på.