Press: – Skummelt om vi ignorerer FN

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit veldig sterkt signal, og vi bør lytte til FN som forvaltar dei internasjonale forpliktingane som Noreg har signert.

Det seier Øystein Kolstad Kvalø, leiar i Press.

Rapporten frå menneskerettskomiteen slår fast at einslege mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år får langt dårlegare omsorg enn barn i barnevernssystemet.

442 barn er borte

Kvalø meiner at dei mange forsvinningane er eit teikn på at omsorgen er for dårleg. FN-rapporten peikar også på forsvinningar som eit stort problem. Ein annan rapport, frå i fjor, viser at 442 av 914 asylbarn som har fått mellombels opphald i Noreg har forsvunne.

– Berre i fjor forsvann 206 barn frå norske asylmottak. Det kunne vi hindra med eit betre omsorgstilbod, seier Kvalø.

Kvalø meiner barn under barnevernet får betre oppfølging av personale med ein annan kompetanse. Og vil at også gruppa frå 15 til 18 år skal få dei same rettane.

– Norge må stanse sin barnefiendlege politikk som går på tvers av fleire falgege anbefalingar, og som i praksis er skadeleg for barn. Eg tenker at dette er grov diskriminering.

Ber Stortinget følge opp

Frå 2007 hamna einslege mindreårige asylsøkarar under barnevernet. Stortinget var innstilt på gjere det same for dei mellom 15 og 18, men ingenting har hendt. Stortingsfleirtalet kunne gjennomført dette uavhengig kva regjeringa ønsker, men har ikkje gjort det.

– Ap kunne ha vore med på å utvide for dei opp til 18, men vel å ikkje gjere det. Det er skuffande at dei vel å ikkje følge barnekonvensjonen, seier Kvalø.

FN sin kritikk verkar å ha lite å seie for norsk politikk. Norge har fått kritikk fleire gongar før, også for handsaminga av einslege mindreårige asylsøkarar. Denne gongen får vi også kritikk for mellom anna tvungen behandling med elektrosjokk i psykiatrien.

– Det er ein skummel tendens at Noreg held fram å bryte barns rettar når vi får klare merknader frå FN. Vi har vore eit føregangsland, og var først ute med Barneombod, men no går det motsatt veg, seier Kvalø.